Godt nytt år! Eg er lei for at det har vore så stille her i bloggen ei stund, men det heng saman med at vi har overteke eit fantastisk hus i Sverige som har teke nesten all ledig tid.
Vi feira ein utruleg fin nyttårsaftan der, og vi skal tilbake så ofte vi kan for å tilbringe helger og fridagar i fredelege Bengtsfors kommun.
Men det slår ikkje feil, når eit nytt år er på plass så byrjar søketreffa å kome: Når er fastelaven i år?
Slik går det når ein har samla på bolleoppskrifter og grautoppskrifter i årevis.
No har eg forresten samla alle fastelavensinnlegga mine på Pinterest, så du kan finne ei oppsummering der.
Det viktigaste er likevel dette: I år er fastelaven søndag 15. februar. Det er berre å byrje å øve på gjærdeigskillsa!