Pizza med sommar på
Eg sit her i svenskehuset og kosar meg medan det regnar noko voldsomt. Likevel har eg ikkje gitt opp sommaren. Eg trur den kjem snart, den er berre litt treg. I matbutikken ser eg det, og i hagen. For no kjem alle dei lekre sommargrønsakene, og asparges er ein av dei første. Flytransporten gjer at vi kan få tak i asparges året rundt, men likevel er det noko heilt spesielt med dei første norske som smyg seg opp av jorda. For nokre år sidan var eg så smart at eg planta asparges i min eigen hage, og lukka er å gå ut og knekke seg av ein asparges og spise den akkurat slik som den er. Når eg har samla opp litt asparges frå hagen har eg nok til eit måltid. Eg har ikkje så mange plantar, så det tek nokre dagar. Dei bør plukkast når dei er rundt 20-25 cm, vert dei mykje lenger vert dei treene og ikkje så gode. Skal du oppbevare asparges nokre dagar så er kunsten å hindre at dei …