All posts filed under: Frustrasjonar

Korleis brukar du pengane dine?

Ein kan grovt sett dele folk i to kategoriar no; dei som har det nokolunde som før inntektsmessig, fordi ein har fast jobb, ein kan ha heimekontor og inntekta er stabil med eller utan corona, og dei som ikkje har det slik. Frilansarar og permitterte har det tøft, sjølv om regjeringa har lova alt alt skal dekkast så tek det tid før alt er på plass. Denne artikkelen er til den første kategorien, altså vi som mottek inntekta vår som før. Akkurat no er vi i ein veldig spesiell situasjon, vi skal vere mest mogeleg inne, restaurantar og  utestader er stengt, vi drar ikkje ut anna enn for å handle nødvendige ting. Kanskje bur du slik til at du kan bruke kolonial.no, ulike matkasser eller liknande. Med andre ord: forbruket vårt går ned. Og korleis er det då smart å bruke pengane sine? Dei som har det trangt økonomisk har det kanskje endå trangare no enn før. Butikkane blir utselde for enkelte varer. Når du går i butikken: Kan du la vere å velge dei …

Sykkelen min er borte! :-/

I mai slo eg til, eg investerte i ein flott ny sykkel. Eg gjekk til min favorittsykkelbutikk Birk ved Vøyenbrua, og fekk eit godt tilbod på ein Fuji Speedmax hybridsykkel. Sykkelen vart stelt og ordna med, den fekk bagasjebrett og skjermar, fotstøtte (slikt er ikkje ei sjølvfølge på nye syklar no til dags) og den fekk eit komfortabelt mjukt damesete i staden for det kvite sportssetet som den originalt kom med. Eg fekk også klikkpedalane bytta ut med vanlege, sidan eg syklar i alt frå støvlar til stilettar, men aldri i slike klikkesko. Sidan eg brukar sykkel som mitt viktigaste transportmiddel fekk eg og satt på ei korg framme, og eg fekk montert magnetlykter i hjulnavet framme og bak. Dei lyser berre på grunn av magnetar som går rundt og rundt, og treng ikkje takast av, dei sit fast montert i hjulet. Sykkelen er «damestorleik», den passar ikkje til store menn. Men til meg var den heilt perfekt. I går kveld då eg kom heim låste eg sykkelen på utsida her eg bur på St.Hanshaugen …

Nasa i ein klut…

Det er litt stille her for tida. Det er fordi eg er sørpe, sørpe forkjøla. Og så skjer det så mange ting på jobb at å ligge heime ikkje er eit alternativ. Difor flatar eg ut på sofaen om kvelden, og klarer ikkje lagar spennande mat. I går: Pannekaker. I forgårs: Elgkarbonader frå Meny. Sausen vart god, men ingenting bloggverdig. Ha tol med meg, send gjerne bli bra igjen-helsingar og gode råd om alt som hjelper mot ein klassisk vår-forkjølelse. På førehand tusen takk!

Eit kakevrak…

-Slik går det når ein er for eksperimentell. Eg fekk det for meg at eg skulle lage ei mangokake. Og å kopiere andres oppskrifter er feigt, så eg byrja frå scratch, og lagde ei kake etter beste skjønn og erfaring. Det funka ikkje. Toppen av det heile er sjølvsagt at denne skulle i avisa neste helg. Så no har eg kake nr. 2 til kolning, den vart bakt med ein annan metode og den ser ein god del betre ut. For eit styr! Det er ikkje alltid ting går på skinner her, altså, det kan eg gjerne innrømme. Ha ein fin søndagskveld, og unngå baking på frihand!

Support-humor

For oss som har med IKT-support å gjere av og til så kjennest det veldig lite humoristisk, men denne fekk meg til å fnise: A woman writes to the IT Technical support guy: Dear Tech Support, Last year I upgraded from Boyfriend 5.0 to Husband 1.0 and I noticed a distinct slowdown in the overall system performance, particularly in the flower and jewellery applications, which operated flawlessly under Boyfriend 5.0. In addition, Husband 1.0 uninstalled many other valuable programs, such as Romance 9.5 and Personal Attention 6.5, and then installed undesirable programs such as NEWS 5.0, MONEY 3.0 and SOCCER 4.1. Conversation 8.0 no longer runs, and Housecleaning 2.6 simply crashes the system. Please note that I have tried running Nagging 5.3 to fix these problems, but to no avail. What can I do? Signed, NN Reply: DEAR Madam, First, keep in mind, Boyfriend 5.0 is an Entertainment Package, while Husband 1.0 is an operating system. Please enter command: ithoughtyoulovedme. Html and try to download Tears 6.2 and do not forget to install the Guilt …

Dagens sms-dialog

Ukjent nr: Jeg ser på deg nå. Kommer du ut for en gangs skyld? Jeg har sett på det i en uke uten respons… Meg: Feil nummer? Ukjent nummer: Så at du svarte, så nei… Meg: Hæ? Kven trur du at eg er? Ukjent nummer: Jeg vet godt hvem du er, Sven… Meg: Eg er ei dame på 45 som ikkje heiter Sven, du har fått feil nummer. Ukjent nummer: Blablabla… Jeg driter i alder og kjønn…

Mitt vidundermiddel

Av og til kjem ein over overraskande enkle løysingar på ting som irriterer. Eg har lenge vore oppgitt over at det er så vanskeleg å få bort den sure lukta som lett set seg i klutar, handkle og treningsklede. Men for ei stund sidan oppdaga eg den magiske løysinga: Bruk eddik som skyllemiddel! Dette er særleg praktisk når eg vaskar mikrofiberklutar, som ikkje skal ha vanleg skyllemiddel. Etter nokre rundar med klesvask der skyllemiddelet er erstatta med eller supplert med eddik luktar alt av tekstilar reint og friskt her i huset. Når eg i tillegg huskar på å ikkje late att luka på vaskemaskinen, slik at ståande fukt får tørke ut, så er det ikkje meir vond lukt i klesvasken vår. Eddik kan kjøpast som essens, og blandast ut i forholdet 1:4 for å brukast i skyllemiddelkammeret. Men eg har høyrt at eddik kan brukast på andre måtar og. Har du funne ein smart måte å bruke eddik på?

Panikken har lagt seg…

Laurdag sto alt på hovudet her, eg venta alt mellom 12 og 16 gjestar om kvelden, og var berre middels godt førebudd. At eg skulle lage ei ostekake sto på planen, den hadde eg gjort ferdig kvelden før. Panikken breidde seg då eg oppdaga at det rann ei blank, tjukk væske frå kaka om morgonen den dagen gjestane skulle kome. Kaka var av den vanlege typen, stivna med gelé. Problemet var at eg hadde berre hurtiggelé, men sidan det ikkje sto nokon advarsel på pakken hadde eg ingen motforestillingar mot å bruke den. Yvert imot, eg syntest det  var spennande med ei rosa ostekake med smak av villbringebær. Då vi serverte kakene laurdag kveld var kaka nokolunde bra i fasong. Den hadde krympa litt, så å ha på gelélok var ikkje aktuelt. Botnen hadde naturleg nok blitt bløytt opp av det som rann av kaka, så den var ikkje førsteklasses. Bortsett frå det smakte kaka godt. Konklusjonen må vere at ostekake med hurtiggelé kan fungere viss du har skikkeleg dårleg tid, og lagar kaka berre …

Panikk!

Eg har laga ostekake, og den såg heilt fin og flott ut då eg hadde den i forma. No, etter at den har stått nokre timar i kjøleskapet er den stiv og fin, men det renn eit eller anna søtt, tjukt stoff ut av den! Heile kaka har blitt 1/2 cm lågare, og eg tørkar og tørkar dette vassaktige men tjuktflytande stoffet frå kjøleskapet. Det einaste «rare» eg har gjort er å bruke hurtiggelé. Egnar den seg ikkje til ostekake? Har du opplevd noko likande? Eg veit at hurtiggelé og vanleg gelé ikkje skal blandast, men denne kaka er laga berre med hurtiggelé i ostemassen. Er det noko eg har gjort feil?

Reint/ikkje reint

Vi har tidlegare snakka om ryddigheit her i bloggen, og eg må innrømme at eg gjerne vil at det skal vere nokolunde reint rundt meg. Halde det reint heller enn å gjere reint, er vel mitt motto. Men i det siste har eg slite med oppvasken. Oppvaskmaskinen er ei fantastisk oppfinning, alt blir reint og skinande når det får ein runde i den. Inntil for nokre månader sidan, då eg oftare og oftare kjente at det var «grus» på glasa. Skålene vart heller ikkje reine, uansett korleis eg plasserte dei. Eg har bytta vaskemiddel, eg har fylt på og justert glansemiddel og eg har rensa filter til den store gullmedaljen. Eg har kjøpt slike små, dyre, blå posar med stoff som skulle gjere sjølve maskinen skinande rein innvendig. Likevel vart ikkje glasa mine ordentleg reine. Til slutt vurderte eg å tilkalle reperatør, vi har prøvd å sjekke vassinntaket, men det viste seg svært vanskeleg. Av alle ting stengte ledninga som fører straum til komfyren for det eine støttebeinet slik at maskinen er svært vanskeleg å …

Kva skjedde, Volda?

For meg er Volda eit fint minne frå barndommen min og tidleg ungdom. Vi dro til Volda på julehandel, og når mor mi gjekk på lærarskulen der inne dro eg av og til inn og møtte henne. Det var alltid spennande, og ho hadde mange venninner som vi hadde det veldig kjekt med. «Byen» Volda var som eit eventyr for meg. Små, søte hus, gater som slynga seg oppover lia og spennande små butikkar der du kunne kjøpe kunsthandverk, te og kaffi og kule klede som dei ikkje hadde i Ulsteinvik eller Fosnavåg. I går besøkte eg Volda igjen, for å møte studentane på matkulturstudiet og snakke med dei om Smalhans. Etter foredraget hadde eg litt tid for meg sjølv, så eg gjekk litt rundt i mitt barndoms Volda. Sjeldan har eg blitt så trist og skuffa over ein bygdeby som der. Kva har skjedd? Dei har laga eit senter i eine enden av Volda, Spinneriet. Det har ført til at dei aller fleste butikkane har flytta dit. I dei små gatene ligg dei søte …

Slepp taket!

Første foreldremøte på vidaregåande skule er gjennomført. No er det offisielt, vi har ei dotter som held på å bli vaksen. Det er mogeleg eg har eksepsjonelt godt minne, iallfall syns eg at eg huskar vidaregåande veldig godt. Eg huskar at far min utstyrte meg med fullmakt først i meldingsboka til å skrive mine eigne meldingar, og at eg måtte passe på å rekke bussen kvar dag kvart over åtte. Noko foreldremøte høyrde eg aldri om, det er mogeleg dei var der ein tur då vi fekk vitnemål. Vidaregåande var mi eiga greie. Då klarte eg meg sjølv, eg lagde min eigen matpakke og ingen passa på at eg gjorde leksene mine. (Det hadde dei vel ikkje følgt opp så tett tidlegare heller, desse foreldra mine. Dei satsa vel på at det gjekk bra, og det gjorde det, men ikkje fordi eg gjorde så mykje lekser.) Men no er det ein annan musikk. I klasserommet i går kveld sat det tredve bekymra, solskada vestkantmødre som ikkje var klare for å sleppe taket. Når får vi …

Eg slit!

Eg slit med brødbakemaskinen vår. No har eg to dagar på rad bakt flate brød. Kva kan det skuldast? Eg følgjer godt med på deigen, sidan eg bakar på tidleg kveldstid. Den oppfører seg fint i bollen, og hevar seg flott. Men på eit eller anna tidspunkt rundt steikinga fell brødet saman. Eg slit med å finne ut kva eg gjer feil. Eg er relativt nøyaktig med oppskrifta, og midtvegs står deigen der og hevar så fornøgd og glad. Likevel klappar den saman før brødet er ferdigsteikt. Nokre gongar vert det bra, men no har eg bomma to gongar på rad, og er mismodig. Har nokon med brødmaskinerfaring nokre praktiske tips å kome med?

Heavy metal beads

Ei nettvenninne av meg har laga dette flotte kunstverket: For alle som har vore i nærleiken av perlebrett og hama-perler så er det innlysande for ein kjempejobb dette er. Bildet er 1,4 x 1 meter, og er av bandet Motorpsycho. Utfordringa er at ei mamma med for mykje fritid har meldt på eit fingermalingsbilde som toåringen hennar har laga i den same konkurransen. Så går dama på facebook, og går på slike «Give votes, get votes»-sider, og får folk frå heile verda til å stemme på fingermalingsbildet. Det gjer at dei to knivar om sigeren, utruleg nok. Det syns eg er uryddig. Kamilla har laga eit flott bilde som det ligg masse arbeid i, og ho fortener å vinne, syns eg. Viss du er einig med meg, og har facebook, kan du gå inn her, og gi di stemme til Heavy Metal Beads. (Trykk liker, altså.) Syns du andre ting er finare kan du gje stemme til det og. Godt valg!

Vi er dei vi er

Eg har tenkt litt på dette med angsten for at kulturar skal blande seg, som enkelte tydelegvis ber på. Snikislamisering og «multikulti» er uttrykk som vert brukt på ei utvikling der folk migrerer, og tek med seg skikkar, religion og levesett i ulik grad. Midt i livet som eg er har eg reist ein del. Vi byttar hus, eg har reist i jobbsamanheng og eg elskar å reise. Hadde hypotesene til dei med kulturblandingsangst slått til skulle det gått i retning av at det vart meir og meir likt rundt om i verda, særleg i Europa, dit «alle» vil. Mine erfaringar tilseier at dette ikkje stemmer på noko sett og vis. Sidan vi ofte bur i private heimar så ser vi korleis folk har det i den næraste sfæren, der relativt få slepp inn. Mange ting er likt, men veldig mykje er også ulikt. Når vi går ut døra har kvar by, sitt land sitt distinkte særpreg. Eg er aldri i tvil om kva land eg er i. Når eg snakkar med folk så har …

Ikkje la angsten styre!

Eg les at foreldre vil halde barna sine heime frå Norway Cup. Det gjer meg trist og fortvila. Ta byen tilbake, var oppmodinga frå politiet. Den kom ikkje i går, men laurdag morgon. Oslofolk vart oppmoda til å ta byen i bruk igjen, vere der for kvarandre og ta vare på kvarandre. Det har vi gjort, vi som bur her og tilreisande. Vi går rundt i gatene, litt rolegare enn før, vi ser på blomane som fyller byen og vi les på korta som barn og vaksne har hengt opp  og lagt frå seg. Vi har teke byen tilbake. Vi let ikkje angsten styre. Min femtenåring må ta trikken i staden for 37-bussen, men ho dreg ned til byen på jobb kvar dag, og brenn lys for dei døde og sakna i butikken der ho jobbar. På den måten, og ved å prate med vennar bearbeider ho sorga over å miste folk ho kjente og hadde samarbeidd med. Eg vil våge denne påstanden: Ved å halde barna heime frå Norway Cup skaper foreldra angst i …

Spør først, grav siden

sto det på telefonkatalogane i gamle dagar. Det var eit problem at gravemaskiner grov over telefonkablane. No for tida skjer det også tabbar, og her om dagen gjorde eg ein. Eg skulle vise fram fine bryllupsbilde til min kjære, som var på Roskilde medan det mest forelska paret i verda gifta seg, og då ville eg få dei to macane mine til å snakke saman. Det kan gå heilt fint, men det eg ikkje var klar over var at den berbare som var på loftet har ein nyare versjon av iPhoto enn den gamle som alle bilda er på. Den berbare spurte om eg skulle oppgradere iPhoto-biblioteket, og det svarte eg så kjekt ja til. Dermed låste eg ganske effektivt min eigen tilgang til iPhoto frå den stasjonære maskinen. Kjæresten min har no sett i gang ein operasjon der bilda vert flytta igjen, over frå den berbare til den stasjonære. I mellomtida får eg ikkje tilgang til dei nye bilda mine. 🙁 Difor får eg ikkje blogga om dei fine rosene frå bryllupet, borddekorasjonane og …

Å drite i ting

Jeg trenger et kurs i å drite i ting, sa ei venninne av meg her om dagen, ho trengte litt støtte og foring og kom på rett plass, i min hage. Ho fortalte om legen sin, som snakka om alle dei unge, slitne som sat på kontoret hans og ikkje visste verken att eller fram på ting. Så vi filosoferte litt rundt kva det er som slit oss ut, no i desse tider då mat, jobb og inntekt kjem lett til oss, vi har uendelege mengder med informasjon og underhaldning, og likevel så leitar vi etter meininga med livet. Ein av lesarane mine kommenterte i går: Er det noe du ikke kan? Då eg las det fann eg ut at eg måtte gå i meg sjølv. Framstiller eg meg sjølv som om eg kan alt, rekk alt og får til alt? Ups, det er i tilfelle blank løgn. Eg plumpar uti med jamne mellomrom, uttalar meg om ting eg ikkje har greie på, gyv laus på ting eg ikkje kan og feikar i veg. Det …

Remedie nr. 3

Ok, no har eg prøvd smoothie proppa med vitaminar, og eg har prøvd ”décoction anti-infectieuse”. I dag tenkte eg å prøve noko som var basert på ei oppsummering av alle dei gode råda i går. Eg fekk mange råd, med stor variasjon, frå kvitløk og ingefær til hot whiskey og raudvin. Så då vart det eit kompromiss av alle desse råda. Eg hadde ståande ei halv flaske raudvin frå festen som var her på fredag. Den var rett nok alkoholfri, sidan den var medbrakt av ein gravid gjest, men det fekk meg eigentleg berre til å føle meg litt skikkeleg og snill, som ein skal når ein er sjukmeldt. Raudvinen vart varma opp i ei gryte, og oppi vinen hadde eg fire kardemommekjerner, fire nellikspiker, fire skiver fersk ingefær, ei kanelstang og safta av ei raus skive sitron. Dette fekk stå og trekke i 20-25 minutt. Då det hadde trekt ferdig, hadde eg i ei skei med honning, og så kom eg på at eg hadde litt rom ståande. Det var berre ein liten slant som …

Kva skal vondt fordrive?

No har eg prøvd med forkjølelsessmoothie, det hadde ingen særleg effekt. I går kveld prøvde eg mi franske venninne sin «décoction anti-infectieuse». Då kokte eg opp 0,5 l vann med sitronskall, kanelstang og 3-4 nellikspiker. Eg lot det trekke litt, før eg pressa oppi sitronsafta av ein halv sitron og raust med honning. Dette heng på greip, sitron har eteriske oljar i seg som løyser opp slim, og nellik og honning er bakteriedrepande. Mor mi tyr alltid til honning. Av og til sit ho ganske enkelt med ei skei i munnen, og let honningen smelte sakte men sikkert. Eg har også fått forslag om kamillete med honning, og timiante. Kva råd har du å by på? Kva tyr du til når sommar- (eller vinter-)forkjølelsen slår til for fullt? Eg tek gjerne imot tips og oppskrifter i kommentarfeltet. Prosit!