Blogging, Frustrasjonar, Livet
Comments 4

Spør først, grav siden


sto det på telefonkatalogane i gamle dagar. Det var eit problem at gravemaskiner grov over telefonkablane.

No for tida skjer det også tabbar, og her om dagen gjorde eg ein. Eg skulle vise fram fine bryllupsbilde til min kjære, som var på Roskilde medan det mest forelska paret i verda gifta seg, og då ville eg få dei to macane mine til å snakke saman.

Det kan gå heilt fint, men det eg ikkje var klar over var at den berbare som var på loftet har ein nyare versjon av iPhoto enn den gamle som alle bilda er på. Den berbare spurte om eg skulle oppgradere iPhoto-biblioteket, og det svarte eg så kjekt ja til. Dermed låste eg ganske effektivt min eigen tilgang til iPhoto frå den stasjonære maskinen.

Kjæresten min har no sett i gang ein operasjon der bilda vert flytta igjen, over frå den berbare til den stasjonære. I mellomtida får eg ikkje tilgang til dei nye bilda mine. 😦 Difor får eg ikkje blogga om dei fine rosene frå bryllupet, borddekorasjonane og korleis ein kan gjere det kjempefint på eit bryllupsbord med enkle middel.

Men eit hjarte skal du få, det bankar for han fine som hjelper meg når eg grev først og spør sidan, og verda dermed ramlar saman.

Og om nokre dagar, kanskje allereie i morgon, skal du få bloggposten om dei fine rosene. Ha ein fin fredag!

This entry was posted in: Blogging, Frustrasjonar, Livet

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Inger Lise says

    Takk for flotte innlegg. Kosar meg på bloggen din. Er du i traktene må du for all del om det pasar og har lyst stikke innom enten på Eid eller i Selje. Ha ei fin helg til deg også

    Likar

  2. Fint med en fining i huset. En praktisk fining sogar 😉 Ha ei kjempefin helg, begge to!

    (Bilde fra Mjelle?! 😆 )

    Likar

  3. Smiler og nikkar;- og tenkjer varme tankar om han hin & Bystudenten som er mitt tilsvarande støtteapparat når eg har hatt det for travelt. Godt det er reddbart!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s