Blogging, Frustrasjonar, Livet
Comments 4

Spør først, grav siden

sto det på telefonkatalogane i gamle dagar. Det var eit problem at gravemaskiner grov over telefonkablane.

No for tida skjer det også tabbar, og her om dagen gjorde eg ein. Eg skulle vise fram fine bryllupsbilde til min kjære, som var på Roskilde medan det mest forelska paret i verda gifta seg, og då ville eg få dei to macane mine til å snakke saman.

Det kan gå heilt fint, men det eg ikkje var klar over var at den berbare som var på loftet har ein nyare versjon av iPhoto enn den gamle som alle bilda er på. Den berbare spurte om eg skulle oppgradere iPhoto-biblioteket, og det svarte eg så kjekt ja til. Dermed låste eg ganske effektivt min eigen tilgang til iPhoto frå den stasjonære maskinen.

Kjæresten min har no sett i gang ein operasjon der bilda vert flytta igjen, over frå den berbare til den stasjonære. I mellomtida får eg ikkje tilgang til dei nye bilda mine. 🙁 Difor får eg ikkje blogga om dei fine rosene frå bryllupet, borddekorasjonane og korleis ein kan gjere det kjempefint på eit bryllupsbord med enkle middel.

Men eit hjarte skal du få, det bankar for han fine som hjelper meg når eg grev først og spør sidan, og verda dermed ramlar saman.

Og om nokre dagar, kanskje allereie i morgon, skal du få bloggposten om dei fine rosene. Ha ein fin fredag!

This entry was posted in: Blogging, Frustrasjonar, Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Inger Lise says

    Takk for flotte innlegg. Kosar meg på bloggen din. Er du i traktene må du for all del om det pasar og har lyst stikke innom enten på Eid eller i Selje. Ha ei fin helg til deg også

  2. Fint med en fining i huset. En praktisk fining sogar 😉 Ha ei kjempefin helg, begge to!

    (Bilde fra Mjelle?! 😆 )

  3. Smiler og nikkar;- og tenkjer varme tankar om han hin & Bystudenten som er mitt tilsvarande støtteapparat når eg har hatt det for travelt. Godt det er reddbart!

Leave a Reply to Helen - Kjernesunn NordkvinneCancel reply