Month: juli 2009

Ikkje berre Guinness….

Pubar på Jersey har ikkje berre Guinness og underleg lokalt øl som smakar krabbe. Dei har kjøleg fransk rosévin lagd på mi favorittdrue Pinot Grigio, saftig risotto med asparges, erter og dill, Cæsarsalat til trettenåringen og burger til tiåringen.  Parfymebutikkane i St. Heliers har Vivienne Westwood, Miller Harris, Aqua di parma og masse anna spennande. Budouir, sex på ei flaske, blir med heim, saman med Sensuous, Davana Bloom frå Molton Brown og masse deilig hudpleie. Visste du at Jersey praktisk talt er tax-free sone? Halv pris på det meste.

Med nasen sørover att

I dag reiser vi tilbake til Frankrike, og blir der nokre dagar til. Mennene i familien reiser til Oslo mandag kveld, medan damene skal sniffe seg gjennom Paris, og blir til onsdag. Men før vi forlet Jersey gjer ein seg nokre tankar om denne underlege, sjølvstendige øya ein svipptur frå franskekysten. Den ligg jo mykje nærare Frankrike enn England. Jersey og søsterøya Guernsey har vore sjølvstyrt sidan 1200-talet, og det ber den preg av. Den britiske dronninga er statssjef, og har oppnemnt sin viseguvernør, men er fogden, The Bailiff som styrer butikken. Her er ingen politiske parti, og har ingen statsminister. Bailiffen leiar både States of Jersey, det lokale styringsorganet, og The Royal Court. Folk på Jersey lever tilsynelatande ganske uberørt av dette underlege politiske systemet, kanskje delvis fordi mange av dei som offisielt bur her er innom berre av og til for å besøke pengane sine. Øya ber preg av stor rikdom, her er det lite slum å sjå. Mange forlenga, svarte bilar, flotte hagar med velkomponerte bolmsterbed, gartnarbilar i oppkøyrselen og innleigde sikkerheitsvakter.  …

Vakre Jersey

Vi kom med båten hit seint i går, saman med ein gjeng engelskmenn som hadde vore i Frankrike for å drikke seg fulle. Intet er nytt under solen. Den stormen som ifølge nettavisene herjar sørlandet i dag var her i går, så dei sleit litt på båten, desse fulle engelskmennene. Ein del krabbar vart mata under den ein og ein halv times lange overfarten. Det lysna utover kvelden, og vi fekk ein ekstra time på grunn av GMT, så det var ein perfekt dag for familien B-menneske. Deilig mat på hotellet fekk vi og. Eg betalte ti pund ekstra for havutsikt, og det var det verd.  I dag kjøpte vi eit universalkort med det lokale busselskapet, som gjev rett til å reise ubegrensa for 14 pund for ein familie. Ein god deal, spør du meg.  Dei har tre turistruter, gul, raud og blå, som går innom forskjellige utsiktspunkt og attraksjonar, og som endar tilbake i “hovudstaden”, St. Helier. Vi tok den blå til å byrje med, den går nordvestover. Der kom vi til eit gamalt …

Le Mont St. Michel

På hotels.com fann vi eit hotell berre to kilometer frå Mont St. Michel, men vi kom dit midt på natta, og fekk ikkje noko inntrykk av korleis heile området såg ut. Så då vi vakna og satte oss i bilen i dag tidleg var vi ikkje fullt ut budde på det imponerande synet som møtte oss etter berre eit par minutt. Mont St. Michel er eit fjell med eit enormt byggverk midt i ei stor vidde av myr, hav, sand og gjørme. Det går rett til vers, og er så stort at det ligg ein heil liten landsby på dette fjellet. Ut til klosteret går det ein oppbygd veg, for å stå imot springflo når alle dei ulike faktorane som bestemmer tidevatnet verkar saman slik at havet stig voldsomt. Vi kom ved full flo i dag, men den var ikkje spesielt imponerande. Utstrekninga av landskapet derimot, er heilt utruleg. Ein forstår godt at det fall seg naturleg å bygge eit kloster på denne øya tidleg i middelalderen.  Eg kunne ha skrive side opp og side …

Ein attfunnen skatt

Eg rasar rundt på dette internettet, og finn det eine og det andre som eg syns er artig, rart, rørande eller lattervekkande. Så tenker eg at det finn eg att, men så gjer eg ikkje det. For all den tid sidan fann eg ein blogg med kaker som var lagd til eit bestemt høve, der kakedekoratøren hadde bomma, lagd noko heilt usmakeleg eller skrive noko heilt idiotisk. Desse kakene gjev verkeleg uttrykket “bad taste” eit heilt nytt innhald. Eg kunne ikkje med min beste vilje finne den att, men brått her ein dag kom eg over den. Her er den: http://cakewrecks.blogspot.com/ No postar eg den her, slik at eg huskar det, og slik at dokke og kan få dokke ein god latter. Sjekk ut denne, til dømes, eller denne her. Hysterisk!

På sparket

Vi hadde ein idé om at det hadde vore fint å sjå Mont St. Michel, men ingen klare planar, som vanleg. Vegen blir til medan ein går, ikkje sant? I går kveld vart vi einige om at i dag ville vere ein fin dag for langtur. Vi køyrde til St. Malo, ein fantasisk liten festningsby litt aust for St. Michel. Der såg vi skilt om at det går ferjer til Jersey. Kanskje ein tur til England hadde vore fint? Så vi stakk innom billettkontoret, og ved hjelp av medbrakt mac fekk vi ordna hotell og. Så no sit vi på eit hotell like ved Mont St. Michel, og skal dit i morgon føremiddag, før vi går på båten til Jersey i morgon ettermiddag. Vi har hotell på Jersey to netter, og så vender vi nasa mot Bretagne igjen. Rapportar følgjer så lenge vi har internett. Nedanfor ser du forresten dagens middag, for dei vaksne vel å merke. Dei to ikkje fullt så vaksne fekk opplæring i at det ikkje er høfleg å lage grimasar og …

Franske crepes

Når vi byttar hus er det vanleg at dei vi er gjestar hos legg att noko mat som vi har å ete som første måltid. Vårt vertskap la att crepes til oss, ferdigsteikte i ein pakke. Det er heilt vanleg å kjøpe crepes i pakke, dei står og steiker ferske crepes i matavdelinga i dei fleste store kjøpesenter. Til skilnad frå norske pannekaker er franske crepes ekstremt tynne. Ifølge vår vertinne skuldast det at dei har mykje egg i røra, og røra er ganske tyntflytande. Dei lagar søte og nøytrale crepes, dei nøytrale kan fyllast med alt mellom himmel og jord. Sopp og eggeplomme er den raraste komboen til no. Når dei steiker pannekakene brukar dei ei flat steikepanne som er større enn vår normale type, og med berre ein ørliten kant. I tillegg dreg dei røra utover med ein slags skyvespade, og snur pannekaka med ein spatel som minner meg om den som bestemor mi brukte når ho steikte lefser. Vi lagde søte crepes til dessert i dag, og fylte dei med steikte nektarinar. …

Ein fransk middag

I går hadde vi ein fiskemiddag, det skulle berre mangle her vi bur ute i det franske havgapet. Saint Jacques har gitt namn til mykje, det er mellom anna det folkelege namnet på haneskjell, Chlamys islandica. Slike muslingar er veldig rimelege her nede, og vi tek for oss. Musklane vart steikt fort i smør og olivenolje, før dei fekk eit lite bad i urtesmør, omtrent som dette. Hovudretten vart noko meir forseggjort, eg lagde brandade som eg bakte i omnen. Brandade er ein fransk potetmos med klippfisk og kvitløk i, ein klassikar i det franske kjøkkenet. Du kan få den som den er til forrett, på toast, som små fritterte ballar eller som tilbehør til steikt fisk. Utfordringa er å gjere klar sjølve klippfisken. Den må bløytast, gjerne i fleire dagar, noko som kan vere ei utfordring i seg sjølv dersom ein bur trangt, og manglar grovkjøkken. På Carrefour hadde dei halvkilosposar med ferdig bløytt og rensa klippfisk, og eg meiner eg har sett det heime og. Då blir jobben atskillig enklare. Eg serverte brandaden som …

Oceanopolis

Fredag var vi i Brest, ein times køyring herfrå. Brest er ikkje ein særleg sjarmerande by. Den manglar den gamle bydelen som er mange europeiske småbyar sine trekkplaster, den vart øydelagd under slaget om Brest i 1944. Grunnen til at Brest vart øydelagd var at den var ein viktig marinebase, som tyskerane tok i bruk som u-båthamn. Dei allierte styrkane bomba difor byen tilbake til ingenting, og den vart bygd oppatt, dels for tyske pengar, i betong på femtitalet. Ikkje eit vakkert syn, altså. Men den har andre verdiar, mellom anna eit fantastisk akvarisk sjøanlegg, Oceanopolis. Der tilbrakte vi fredagen, og storkoste oss med rare, skumle, fine fiskar og havdyr. Ein treig ein: Ein søt ein: Ein stygg og diger ein, sikkert nærare ein meter: Ein styggpen ein, og diger denne og: Ein skummel ein: Ein endå skumlare:

Bagad i Quimper

Vi har ei eiga evne til å treffe på festivalar og andre lokale hendingar når vi er ute og fartar på denne måten. Frå 18. til 26. juli pågår festival de Cournouaille Quimper, ein musikk- og dansefestival og folkefest med Sinéad O’Connor, Rokia Traoré og Buena Vista Social Club som toppnamn. Festivalen ser ut til å ha hovudsakleg indremedisinske og lokalpolitiske formål, den er ikkje i særleg grad marknadsført utover det lokale miljøet. Quimper har 65 000 innbyggarar, så nærområdet er stort nok til at byen er stuvande full av folk heile veka igjennom.  I dag var avslutningsparaden, og den var eit imponerande syn. Den har visse likskapstrekk med 17. mai, men draktene er faktisk meir varierte, og ikkje så strømlinjeforma som dei norske bunadane. Korpsa som spelar har ein liten obo-liknande klarinett som leiande instrument, og så er det sekkepiper og trommer som utgjer volumet. Ein bagad er eit slikt korps, men dei har også gjerne med seg dansarar og andre som finn på ablegøyer undervegs i paraden.  Sambandet med den keltiske kulturen er sterk, …

Middag i Bretagne

No sit eg på McDonalds og skriv, nettforbindelsen i huset vårt er nede. Vi prøver å la vere å flyge i synet på kvarandre, les bøkene våre og fartar mykje rundt. I dag er vi i Brest, har besøkt eit fantastisk akvarium.  Men det viktigaste først: Eg lagde noko kjempegodt til middag i går, så godt at dokke må få ta del i det. Vi var i fiskebutikken, og fann noko dei kallar Julienne, det er ein type brosme. Fin, kvit fisk, ikkje så kvit som hyse og litt fastare enn torsk. Eg bakte den i rømmesaus, og det er verd å gjenta. Slik gjorde eg det: Rømmebakt fisk 800 g kvit, fast fisk 5 dl creme fraiche 1 ss sennep, gjerne fransk 1 ts sukker 2 vårløkar Masse salt og peppar Sett omnen på 200 grader. Rør saman rømmen med krydder og sennep. Legg fisken i ei eldfast form. Strø på salt, meir enn du trur. Strø hakka vårløk over og rundt omkring. Slå over rømmesausen. Bak fisken i 30 minutt, til den er …

Om å bytte hus

Mange lurer på korleis det er å bytte hus, og korleis ein gjer det. Først og fremst så er husbytte ein effektiv og billig måte å bli godt kjent med kulturen i eit land på. Ein ser korleis folk bur, kva bøker dei les, kva utstyr dei har, kva som er vanleg levestandard. Det syns eg er noko av det mest interessante ved husbytte. Ein hamnar som regel ikkje rett på stranda midt i turiststrøket, ein hamnar gjerne eit stykke utanfor desse sentra. Det gjer at ein kanskje må i bil for å kome på badestranda, men det er det verd for å sleppe fulle engelskmenn og tyskerar “i maten”.  Vi sparer masse pengar fordi vi ikkje betalar for husvere og for leigebil. I tillegg lagar vi ofte våre eigne måltid, og det er også billegare enn å gå på restaurant to gongar for dag.  Vi førebur oss til eit bytte ved å rydde i huset, støvsuge og å tømme ein matskuff på kjøkkenet. Eg nyttar også høvet til å vaske og rydde i kjøleskapet, det …

Nytt frå Bretagne

Har du høyrt at det skal vere stor skilnad mellom flo og fjøre på Bretagne-kysten? Det er heilt sant.  Vi kom køyrande gjennom Pont L’Abbé, og i kanalen var det nesten ikkje vatn. Derimot var det ei lang rekke båtar som sto og balanserte på kjølen, og venta på floa.  Her gjeld det å bestemme seg for når ein vil på båttur, og når du først er på båttur så er det ikkje så lett å legge til sånn heilt utan vidare.  Dagens lunch vart spist på eit tradisjonelt creperie, så tradisjonelt at dei ikkje hadde meny på engelsk. Men triveleg var det, og gode pannekaker. Nyskapande må vi seie, vi som syns vi er originale fordi vi et pannekakene med sitron og sukker. Her fekk vi dei med fløtestua sjampinjong, skinke og ei eggeplomme midt i, for sikkerheits skuld. For min del kunne dei spart seg den, men det var ein del av pakken. Middagen fekk tiåringen bestemme, og då blir det biff. Han er jo kjend for utsegna “Mamma, vet du hva jeg …

Kjapp ryddemiddag

No er det like før vi reiser, og franskmennene som bur i dette huset skal bu her hos oss. Då gjeld det å spise seg ut av kjøleskapet, slik at dei skal ha plass til sitt der. Vi set att eit måltid som dei kan spise når dei kjem så dei slepp å springe rett i butikken, bortsett frå det så ordnar dei seg sjølve. Vi hadde ei sommarskinke liggande, den dampa eg i krafta frå posen i form med folie over i omnen. Det går fint viss skinka er kokt og skoren i skiver, då blir den fort varm. Krafta frå forma hadde eg i sausen til slutt. I skapet hadde eg durumkveitegryn på boks, sikkert kjøpt i Sverige på ei eller anna utflukt. Det har eg aldri prøvd før, men det smakte nydeleg. Eg lagde det til omtrent som når eg lagar bulghur eller couscous, bortsett frå at gryna er ferdig bløytte og kokte, så det trengst ikkje væske i blandinga. Det blir ein slags varm grynsalat, saftig og lett å variere. I …

Hanae Mori: Magical Moon

Ein av dei mange skattane du kan finne på Gimle parfymeri er parfymene til Hanae Mori. Hanae Mori (eigentleg Mori Hanae) er ein kvinneleg japansk tekstildesigner, fødd i 1926. Ho slo igjennom i Paris og New York på sekstitalet, og som alle designarar med respekt for seg sjølv lagde ho også ein serie dufter. I tillegg til ei herreduft har Gimle tre damedufter; Butterfly, Haute couture og Magical Moon. Det var Magical moon som fanga mi interesse, den er kompleks men tiltalande, ei svært samansett duft. Her finn du krydder, frukt og kvite blomar, ein typisk “floriental”, som Karl Lagerfeld Kapsule Floriental, Sublime Balkiss og Miracle Forever. Men eg opplever den ikkje som eksotisk, heller som ein lekker, velkomponert, ikkje for søt dessert. Denne parfymen er ein mannemagnet, viss ein mann først har byrja å lukte på deg når du har på deg denne parfymen skal det godt gjerast å få han til å slutte. Likevel er den ikkje påtrengande, den er nær huda, du må inntil for å kjenne den. Eg kjøpte parfymen, og …

Deilige, tjukke frukostpannekaker

I dag skal vi ha fine amerikanske pannekaker til frukost. Vanlegvis vert desse heva med bakepulver, eller ved bruk av “self-raising flour”, altså mjøl tilsett bakepulver. Eg syns det kan bli ein litt kjemisk smak av bakepulver, så i dag let eg pannekakene heve med tørrgjær. Eg lagar røra om kvelden, og set den i kjøleskapet over natta. Då er den klar til steiking om morgonen. Viss du lagar den same dag kan du la den stå ca. 40 minutt på benken før du steiker pannekakene. Tradisjonelt vert amerikanske pannekaker servert med smør over og under og i midten, eg droppar det. Men litt lønnesirup er godt viss du har det. Slik gjorde eg det: Amerikanske pannekaker 200 gram kveitemjøl 2 egg 1 ss sukker 1 ts vaniljesukker 1/2 ts kardemomme 2,5 dl mjølk 10 gram gjær eller 1 ts tørrgjær 50 gram smelta, avkjølt smør eller flytande bremykt Bland alt det tørre i ein romsleg bolle, hevinga gjer at røra tek litt plass utpå morgonkvisten. Ha i egg, mjølk og smør, og rør det heile …

Eit bloggememe

Her har internett (og tv-en og telefonen, men det er ikkje så viktig) vore borte heilt fram til no, så abstinensen er langt framskreden for iallfall tre av oss. På toppen av det heile har det pøsregna. Det har med andre ord gått på humøret laus. Men no er vi på nett, og på mi frenetiske ferd gjennom favorittbloggane mine fann eg dette morsomme memet inne hos Frk. Plosiv: Hvilken post i bloggen din er bloggens mest kommenterte, og hvorfor? Det er toalettfrustrasjonsinnlegget mitt, der eg fekk tømt meg for aggresjon bygd opp over lang tid over mine grisete, rotete og ubetenksomme medsøstre. Innlegget hang i utskrifts form på doveggen på damedo på jobb ei veke etterpå, og forholda har faktisk betra seg. 😉 Hvilken post i bloggen din var den første som ble så mye kommentert at du ble overrasket? Eg vart veldig glad for kommentarane til innlegget mitt om striskjortemat. Då hadde eg akkurat kome i gang, og eg fryda meg over å ha lesarar i det heile tatt. Hvilken post i bloggen …

Ein juvel eller eit &%$?#% ugras?

Eg veit at ein del ekspertar med grøne/svarte fingrar er innom bloggen min med jamne mellomrom, og i dag treng eg slik kompetanse. I og med at eg plantar etter innfallsmetoden i ein del tilfelle har eg ikkje full oversikt over alt som står i hagen min. Denne planten veks opp midt i sitronmelissen min. Det vitnar om stor veksekraft og overlevingsevne.  Først trudde eg det var solhatt, for eg har planta nokre solhattar der utan at eg tenkte på at det er dumt å plante solhatt der ein er plaga med ugrasklokke. Dei er ganske vanskelege å skilje frå kvarandre. Men no ser til og med eg at dette ikkje er solhatt. Den er nesten like høg som meg, altså snart 170 cm. Kva kan det vere? Den har ikkje blomstra enno, men dersom den er frå “the dark side” har eg ikkje så veldig lyst til å la den blomstre og frø seg medan vi er i Frankrike. Er det ein snill plante, ein skatt frå gåvmilde hagegale, så skal den sjølvsagt få alt …

Feriefredag

I dag, sånn rundt kl. 17:00 byrja ferien min! Siste mail er sendt, pulten er rydda (faktisk!) og rapport er skriven til han som skal ta over “leiinga”. Deilig! No skal vi sette huset i god orden til franskmennene kjem på tirsdag, og  vi skal pakke tølene våre. Mandag litt utpå dagen reiser vi avgarde, og får treffe dei vi skal bu i huset til der nede før dei reiser hit. Det er alltid spennande med boligbytte, sjølv om ein har sett bilde så er det alltid ei glede å ta det “nye” huset i bruk. Eg fann forresten denne bloggen her om dagen, er du nysgjerrig på boligbytte kan du lese litt der. Ha ei fredeleg helg!

Meir søt og deilig gjærbakst

Heidi har fleire oppskrifter med søt gjærdeig på lur, i dag får du ein tradisjonell klippekrans og gjærlengder med tre ulike sortar fyll. Her kan du variere med å bruke frukt og bær som er på sitt beste no, bringebæra er vel like rundt hjørnet?  Alt godt Klippekrans med vanilje 4 ss margarin 4 dl mjølk 50 gram gjær 5 ss sukker 1 egg ca 10 dl kveitemjøl Fyll: Vaniljekrem, gjerne ferdigkjøpt. Alternativt fyll: Sjå i teksten under. Smelt margarin og varm margarin og mjølk til 37 grader. Rør gjæra ut i deigvæska og ha i sukker. Ha i egget og kveitemjølet til slutt. Ha i litt mjøl om gongen slik at deigen ikkje blir for laus men heller ikkje for hard. Strø gjerne litt mjøl over dersom han blir litt laus. Hev deigen i bakebollen med eit klede over i 30 minutt. Legg deigen på bakebordet og kjevl ut til eit rektangel som er 30 x 70 cm. Smør vaniljekrem over leiven, men unngå å smøre heilt ut til kantane på langsidene. Rull leiven …

Ein liten tur i byen…

… og litt shopping news. Heaven scent har -20% på 100ml store flasker frå The Different Company, så viss du går og siklar på Sublime Balkiss eller Jasmin de Nuit så er dette tida for å hive seg rundt. Dei har dei i nettbutikken og, viss du er i feil by (eller ikkje i ein by i det heile tatt), http://www.heavenscent.no. Eg var hos frisøren i dag, og han snuste meg i nakken 😮 fordi eg lukta så godt, det var Sublime Balkiss. Neida, dette er ikkje reklame. 😉

Ei magisk suppe

Av og til finn ein enkle smakskombinasjonar som uventa og gledeleg løftar seg til store høgder. Ein slik kombinasjon er mamma si ostepanne, purre, blomkål og ost med eit paprikadryss gir eit øyeblikk av lykke. Ein annan slik kombinasjon fann eg i dag; suppe med squash og kikerter. Eg brukar mykje kikerter, det er billig og enkelt å ty til, og smakar godt. Grilla eller steikt squash er også ein hit her hos oss, iallfall blant dei vaksne i huset. Men at kombinasjonen av desse to skulle smake så godt hadde eg ikkje trudd. Det er gøy når eit eksperiment slår til. Slik gjer du det: Squash- og kikertsuppe Ein squash Ein løk To fedd kvitløk Ein boks kikerter 1 liter buljong Olivenolje Ein neve riven pecorino 1/2 ts rosmarin Litt sitronsaft Salt og peppar Skjer squashen i halvcentimetertjukke skiver. Grill eller steik skivene i olivenolje til dei har fått god farge. Legg dei til side, og kryst litt sitronsaft over. Skrell løk og kvitløk. Fres det mjukt saman med rosmarinen i litt olje i …

Eg slit med å tilgje meg sjølv…

at eg ikkje kasta meg opp på scena og dansa hjarta mitt ut då Angelique Kidjo spelte på Rockefeller i fjor, og ho inviterte alle som ville danse med henne til å bli med.  Denne vesle, energiske, androgyne dama frå Benin er eit oppkome av musikk, rytme og sensualitet. Vi kjøpte plata hennar Ayé i 1996, eitt par år etter at den kom ut. Prinsessa som no er tretten dansa mykje til denne før ho kunne gå. I 1998 var det fotball-VM, og det prega naturleg nok mediebildet ein del. NRK P2 hadde eit fint ettermiddagsprogram der Tango for tre hadde vignettane, og i dette programmet spelte dei Agolo, og vi dansa rundt på golvet på kjøkkenet slik vi brukte då vi høyrde den sangen. Då sangen feida ut, sa programleiaren: Dette var Agolo Agolo Agolo med Angelique Kidjo. Det er beninsk, og betyr “Det der var vel for faen ikke frispark”. Eg huskar at eg hadde problem med å forklare ho på to kva det var som var så morsomt.  Dette opptaket er frå …