Month: februar 2010

Brennande kjærleik

Eg manar den fram, den brennande kjærleiken, og vonar den vil velte inn over livet mitt. Inntil det skjer på ordentleg må eg ordne meg på anna vis. Brennande kjærleik er det tradisjonelle namnet for ein rett med potetmos, steikt flesk og løk. Eg har utvida min litt med nokre sunne grønsaker, og eg hadde også litt sopp i kjøleskapet. Den passa perfekt til. Slik situasjonen er no for tida så er denne oppskrifta berre for ein. Det blir nok nokre slike no framover. 😉 Slik gjorde eg det: Brennande kjærleik 5 mandelpoteter eller tre vanlege 2 ss smør 1 dl mjølk Salt og peppar 100 g bacon 5-6 sjampinjongar 1 liten løk ein neve sukkererter 10 cherrytomatar Steik baconet sakte på middels varme i ei steikepanne. På denne måten slepper baconet mest mogeleg feitt. Skrell løken, og del den i båtar. Rens soppen, og skjer den i terningar. La sopp og løk surre i baconfeittet til det har fått fin farge. Varm mjølka i ein kjele. Eg hadde ferdigkokte poteter frå ein tidlegare middag. …

Rispudding

Desserten i dag er inspirert på den måten eg ofte blir inspirert, eg får spørsmålet om eg har oppskrift på noko eg ikkje har oppskrift på. Her om dagen spurte ei venninne om eg hadde ei god oppskrift på rispudding. Det hadde eg ikkje, så då måtte eg lage ei. Rispudding er ein søt og god dessert, og billig er den og. Halve moroa med denne oppskrifta er sausen. Her er vi så langt frå Piano raud saus som det er råd å kome utan å byte farge. Eg lagar saus av blodappelsin, som du finn i butikkane no. Den er ein smakseksplosjon, sjølv dei mest matleie lettar på augnebryna av denne kombinasjonen. Og så er den så enkel å lage at det er nesten flautt. Denne sausen kan du bruke til alle ”fløteting”. Den er perfekt til vaniljeis, til mandelpudding og til riskrem. Rispudding 100 g korintar 150 g grautris Ein bit limeskal 4 dl vatn ½ ts salt 5 dl heilmjølk 200 g sukker Ei kanelstang 4 eggeplommer 2 ss smør Legg korintane …

Varm i kroppen

No er eg lei av å fryse. Vinteren kan dra sin kos, spør du meg. Eg sit inne med pledd og varm te, og kryssar fingrane for at mildveret snart skal slå inn. Mat skal ein også ha, og ein skal passe på å få i seg fem grøne om dagen, og då skal ein ikkje telje potetene med. Dagens rett er fem om dagen i seg sjølv, iallfall viss du et to skåler. Eg lagar ei deilig, grøn brokkolisuppe, full av vitaminar, mineralar og gode ting. Eg har brukt fersk brokkoli, men du kan også bruke same mengde med frosen brokkoli. Då kan du kutte ned nokre minutt på koketida. Du vil kanskje syns det er litt snodig med appelsinsaft og tomatpuré eller pastasaus i suppa. Begge delar tilfører litt syre, og gjev suppa ein meir interessant smak. Det er ikkje så mykje anna krydder i den, men syra og aromaen som desse ingrediensane gjer suppa meir spennande. Eg har også servert denne suppa i små glas på buffet, og det har vore stor …

Kjapp kyllingform

Solveig har utfordra meg til å kome med forslag til oppskrifter med kyllingkjøtdeig. Kyllingkjøtdeig er ei rimeleg råvare, den er ofte å finne på tilbod, og den er ikkje av det mest usunne ein kan kjøpe heller. Den er mager og rik på proteinar. Ulempa er at den smakar ikkje stort, så gode, smakfulle oppskrifter der kyllingkjøtdeigen får spele hovudrolla er mangelvare. I dag lagde eg ei ny form som både eg og han eg serverte den til var godt nøgde med. Eg freste grønsaker i godt krydder, og la dei i forma. Krydderet eg brukte er det eg får når eg gir blod, små posar frå Cemo. Dei er grunn god nok til å gi blod i seg sjølv! Deilige, velkomponerte krydderblandingar som løftar kvardagsmaten. I dag brukte eg riskrydder, som du eigentleg skal bruke til å ha i kokevatnet når du kokar ris. Eg brukte det til å sette smak på grønsakene og kjøtdeigen. Sidan ikkje alle gir blod, og sidan kanskje ikkje alle blodbankar gir bort desse krydderpakkane, så har eg bytta …

I boks!

No byrjar planlegginga av sniffetreffet å finne si form. Heaven scent stenger butikken for andre, og let oss boltre oss der frå klokka fire. Glasmagasinet stenger klokka seks, og då har vi mac-avdelinga og parfymeavdelinga for oss sjølv. Kult? Det syns eg! Så skal vi prøve å finne ut kvar vi kan vere når vi tek med våre eigne dufter og sniffar på kvarandres. Eg kjem tilbake med meir detaljert informasjon seinare, og ikkje minst endeleg påmelding.

Ei slags bokmelding

Eg får ofte bøker som forlaga vil eg skal skrive ei bokmelding om, og eg har dessverre vore litt sløv med å følge opp dette. Planen er å ta eit lite jafs no framover, og presentere nokre av desse bøkene. Den eg fann i dag var Marit Røttingsnes Westlie si bok “Lettvint middag i gryte og langpanne”. Boka bygger på eit sympatisk prinsipp: Minst mogeleg forbruk av tid og minst mogeleg oppvask. I like it! Oppskriftene er klassiske, men alle har ein liten original vri på seg. Det varierer frå kjappe kvardagsmiddagar til søndagsmiddagar der du jobbar i fem minutt, og så skal det heile koke ein heil skitur. Eg syns dette er ei praktisk og fin bok, definitivt verd å ta med seg om du skulle finne den på Mammut eller noko slikt. Den kom i 2007 (ja, eg ligg litt etter… :rødme:) men den er framleis i handelen. Den oppskrifta eg prøvde var ei enkel kyllingform med brystfiletar. Denne oppskrifta skil seg frå dei andre ved at du må bruke både ei steikepanne …

Everything must change

Før såg det slik ut: No ser det slik ut: Eg var i Kristiansand før jul, og ved flybussen låg det ein fin bruktbutikk. Der sto dette kaffe-/teserviset og venta på meg. Dei hadde nettopp fått det inn, og det er komplett til 12, utan eit einaste kantslag. Det har blitt brukt, for det er ørlite misfarging inne i koppane, men ikkje meir enn at det berre er sjarmerande. Det er merka med Porsgrund og talet 61. Er det ikkje lekkert? Det er så tynt at du lett ser fingrane igjennom porselenet. Eg anar ikkje kva det heiter, og når det vart lagd. Viss det er nokon som er innom og kjenner det så vil eg veldig gjerne vite. Eg veit der finst nokre bøker om gamalt porsgrund-porselen, så eg får leite litt på eiga hand og. Ha ein god søndag!

20. mars!

Sniffetreffet, altså. Det ser ut til at vi får det til 20. mars. Eg kjem tilbake med nærare planar, og eg tek gjerne imot ønske om kva vi skal finne på i kommentarfeltet. Det som er sikkert er at det blir i Oslo, og at vi byrjar rundt lunchtider. Kanskje kan vi spise saman først, og så vandre vidare. Eit besøk på Heaven scent står høgt på lista, og eg har eit par idéar til som eg driv og sjekkar ut. Heng med!

Fredagfredag

Dette er nok siste helga vi er fire i huset, flyttinga har teke litt tid. Det er alltid noko som skal malast, flikkast på, spikrar som skal trekkast ut, sparklast og alt det der. Dagane fyk avgarde, denne veka har vore fylt av glede, vemod, gjensyn, endringar og energi. To dagar har eg halde seminar om det eg arbeider med, det gir meg like mykje løft kvar gong. Eg frydar meg over å formidle, forklare og å inspirere. På mine gamle dagar skal eg berre reise rundt og snakke til folk, trur eg. Finne meg eit almengyldig tema som eg kan snakke om, og leve på det. Responsen er så umiddelbar, du merkar med ein gong om du har folk med deg eller ikkje, og desse to dagane har eg heldigvis hatt folk med meg. Gøy! Eg prøver å finne ei slags ro her heime medan ungane reiser på vinterferie med bestemor nordover til nordlysland.  Eg ynskjer alle som stikk innom ei fredeleg og god helg. Send meg ein vennleg tanke, eg sender deg ein og. …

Trettenåringsfavoritten

Trettenåringen min veljer steikt ris til middag viss ho kan plukke frå øvste hylle. Eg syns også det er godt, og det er lettvint å lage. I dag var vi fem til bords, bestemor kom frå Sunnmøre og skal vidare til Nord-Norge med våre to på vinterferie. Man tager hvad man haver er eit gamalt prinsipp, og i dag hadde eg det slik. Middag utan å handle er det beste eg veit, så når eg kan opne kjøleskapet og finne det eg treng blir eg lukkeleg. Eg var skeptisk til beholdninga, men jammen hadde eg ikkje seks slag grønsaker når eg telte over. Til gulrota brukte eg det geniale julienne-jernet mitt, det strimlar så fint og jamnt at det ser ut som om ein proff har kutta. På kålen brukte eg ostehøvel, det gjer at strimlane vert veldig tynne, og dermed fort møre i woken. Steikt ris er økonomisk mat og, det går lite kjøt, og får ein ein ekstra til bords er det berre å koke litt meir ris og vippe oppi. I denne …

Ambivalens

Trettenåringen les til RLE-prøve, Religion, livssyn og etikk. Dei har om det nye testamentet, eg tek opp boka og blar i den. Den ser heilt annleis ut enn bøkene vi hadde i dette faget då eg gjekk på grunnskulen. Eg kjenner at dei motstridande kjenslene veltar opp i meg. På den eine sida er dette kjent stoff, så kjent at hadde det vore på eit kva som helst slags anna fagområde hadde eg opplevd det som nært, og fryda meg over å lese det. Eg hadde også fryda meg over å snakke med barna mine om det, fortalt dei om sider ved stoffet som skulen kanskje ikkje dekkjer akkurat no, men som kan vere med på å vekke interessa slik mi interesse vart valt. Det er noko av det beste eg veit, dette å formidle eit fagområde til ungane mine. Trettenåringen og eg diskuterer årsakene til depresjonen i USA på 20- og 30-talet, vi diskuterer børsen si rolle i samfunnsøkonomien og korleis marknaden for valuta fungerer. Elleveåringen min og eg snakkar engelsk saman, vi bøyer …

Quiche Lorraine

I dag har Heidi laga pai, ein klassisk fransk quiche lorraine. Ho slit med å få mennene i huset til å ete det, men det er berre fordommar. Dette er mat for samtlige kjønn, spør du meg. Heidi har gjeve ut kokebok, den heiter Bakebok for mannfolk, og er framleis å få tak i her og der. Sist eg såg den var i bokhandelen på Gardermoen, underleg nok. Alt godt Pai, seier mannen min, var dette nødvendig då? Pai, seier gutane mine, har du ikkje noko anna? Slik kan det høyrest ut ein laurdagskveld heime dersom eg får bestemme menyen. Det hadde vore betre om eg serverte fiskebollar. Pai er tydelegvis ein rett som ikkje fell i smak i huset vårt. Av og til lurer eg på om det er sant slik enkelte hevdar at det finst kvinnfolkmat og mannfolkmat. Denne paioppskrifta er henta frå, ja nettopp, ”Bakebok for mannfolk” . Dette med pai har frå mi side vore mykje prøving og feiling, og mange paiar har gått rett vest ned til hønene i hagen. …

Indisk middag – raita

Vi hadde indisk middag på laurdag. Det vart gjort på nest enklaste vis (ikkje take-away, men saus på glas), men med inspirasjon frå våre indiske “naboar”. Ranjit Singh, som har nærbutikken her hos oss, er gift med ei søt og koseleg dame. Ho har så vanskeleg namn at ho går under namnet “kona til Singh”, litt flaut, men slik er det. Vi var innom og kjøpte nanbrød og saus, og eg spurte henne om hennar raita-oppskrift. Raita er den krydra yoghurtsausen som du får ved sidan av indisk mat, saman med chutney og aichar, ein slags pickles. Ho foreslo at eg skulle bruke biola-yoghurt, den har eit lite hint av sødme i seg, og gir ein fyldig og god raita. Spisskummen er viktig her som i garam masala, og bortsett frå det er det ganske ukompliserte greier. Slik gjorde eg det: Raita Ein halv agurk 3 dl biola-yoghurt 1 ts spisskummenfrø salt og peppar Riv agurken ganske fint. Legg den i eit såld, og la den renne av. Rist frøa på ei varm, tørr steikepanne. …

Ta vare

TA VARE på vennene ta VARE på vennligheten, vis gjerne litt selv om du kan, dagen er blå og dagen er grønn, dagen er hvit – det er ikke annet enn livet det her, vi er alle borte – nå eller om litt, take it easy menneske but take it, det er ikke annet enn virkelighet vet du, snart er 101 inne snart er 101 ute – jeg sier: vennlighet varer lenger, ta VARE på vennligheten, ta VARE på vennene – HEI HEI! ta nå vare på hverandre. Jan Erik Vold

På sjølvstyr i kjøkkenet

Her kjem endå ei oppskrift som er skriven for barn, Heidi og eg hadde ein matklubb for barn i Sunnmørsposten ei periode. Der kom desse oppskriftene på trykk. I dag skal vi lage heimelaga tomatsuppe, og bake eit deilig brytebrød å servere til. Dette er god kosemat om kvelden når middagen er lenge sidan og du vil lage noko som alle syns er godt. Den passar også perfekt å lage etter skulen når dei vaksne ikkje har kome heim enno. Denne suppa smakar betre enn posesuppe, det kan eg love deg! Suppa er rask å lage, så det lønner seg å byrje med brødet.  Har du ikkje smør i kjøleskapet kan du bruke margarin, men ikkje brelett. Bremykt går fint, om du finn det. Brytebrød 3 ss smelta smør 3 dl mjølk 1/2 ts salt 1/2 pakke gjær 3 dl sammalt grovt kveitemjøl ca. 4 dl fint kveitemjøl pluss litt til elting og utbaking Smelt smøret i ei gryte på omnen.  Varm opp mjølka i same gryte som smøret til den er fingervarm, altså at …