Fredag, Livet
Comments 9

Fredagfredag

Dette er nok siste helga vi er fire i huset, flyttinga har teke litt tid. Det er alltid noko som skal malast, flikkast på, spikrar som skal trekkast ut, sparklast og alt det der.

Dagane fyk avgarde, denne veka har vore fylt av glede, vemod, gjensyn, endringar og energi. To dagar har eg halde seminar om det eg arbeider med, det gir meg like mykje løft kvar gong.

Eg frydar meg over å formidle, forklare og å inspirere. På mine gamle dagar skal eg berre reise rundt og snakke til folk, trur eg. Finne meg eit almengyldig tema som eg kan snakke om, og leve på det. Responsen er så umiddelbar, du merkar med ein gong om du har folk med deg eller ikkje, og desse to dagane har eg heldigvis hatt folk med meg. Gøy!

Eg prøver å finne ei slags ro her heime medan ungane reiser på vinterferie med bestemor nordover til nordlysland.  Eg ynskjer alle som stikk innom ei fredeleg og god helg. Send meg ein vennleg tanke, eg sender deg ein og. 😉

This entry was posted in: Fredag, Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

9 Comments

  1. sol says

    Eg håper du får ei god helg, om enn sikkert prega av melankoli. Men det er godt det også. Kjenner veldig godt igjen gleden ved å formidle. Hadde eit fem timar langt seminar på onsdag for ei lita gruppe arkitektar, om eit tema i grenseområdet mellom deira og mitt felt, nemleg estetikk/ stad/rom. Noko meir stimulerande fins det vel ikkje, og ein føler seg priviligert som får lov til slikt.
    Nyt helga i den grad det er råd!

  2. irma says

    Kanskje litt blandings helg, men håper den blir ahhhhh!
    Gode formidlere er det beste som er, kanskje du skulle bruke pensjonisttilværelsen til å lære bort kunstene dine ?

  3. Arna says

    supervennlig tanke herved sendt. hilse dine.

  4. GOD helg til deg også, det er deg så utrolig vel unt… Jeg håper den blir annerledes enn venta, på en god måte, at et eller annet får deg til å tenkte søndag kveld at «jammen ble det ei fin helg!»

    Kan etter nesten tre uker i koffert forøvrig melde at nordlyslandet har knallforhold for det grønne fenomenet; ca -10 grader og klar himmel. Og det skal det visst være en stund fremover, så jeg satser på nordlys over himmelen når jeg går hjem fra jobb i kveld. Og i morgen kveld. Og søndag kveld. MASSE jobbing i helga, men det er helt greit.

    Tenker på deg!

  5. Hadde ønsket meg en rolig helg (i snøføyka), men blir isteden ganske travel. Ønsker deg en god helg 🙂

  6. Jane says

    Sender deg masse gode tanker kjære vennen.
    🙂

  7. Maiblomst says

    Sender deg gode tankar, og håpar helga vert overraskande flott!!

Leave a Reply