All posts filed under: Vegansk

Valnøtt- og timianknekkebrød

  Sa eg at dei andre knekkebrøda var gode? Dette er det aller beste. Også her kan du leike deg, bytte ut valnøtter med hasselnøtter, tilsette chili eller lage dei med rosmarin i staden for timian. Dette er ikkje ein så veldig stor porsjon, så har du laga den ein gong og elskar den kan du gjerne doble oppskrifta. Valnøtt- og timianknekkebrød 1 ss linfrø 0,75 dl  vatn 2,5 dl valnøtter 1 dl solsikkefrø 1 dl kveitemjøl 1 ss finhakka timian 1/2 ss salt 1 ss olivenolje Sett omnen på 180 grader. Ha vatn og linfrø i ei skål. Sett til side. Finmal valnøtter og solsikkefrø i ei matmølle. Ha i ei skål, og ha i mjøl, timian og salt. Bland i linfrøblandinga saman med oljen, og elt det heile saman. Kjevle ut deigen, og kutt leiven i passe store bitar. Legg på bakepapir. Steik knekkebrøda i 15-18 minutt til dei er gylne. Kjøl på rist. Dette er eit utruleg velsmakande knekkebrød, som er perfekt til paté, ost eller til syltetøy.

Haustens grøde – bakte grønsaker

Enten du dyrkar sjølv, kjenner ein bonde eller handlar i butikken: No bugnar det av lekre, ferske grønsaker å få tak i. Eg har gjort det enkelt, eg dyrkar squash, poteter og løk. Ja, og så har eg nokre grønkålplantar, det er for enkelt til å la vere. Det andre eg treng handlar eg i den lokale reko-ringen eller der eg kjem over det. Squash har eg ikkje kjøpt etter ferien, likevel går det aldri tomt. Løken er berre å dra opp, om det er kvitløk, vårløk eller raudløk så har vi så vi klarer oss langt utover hausten. Potetene tok eg opp her om dagen, tolv settepoteter vart til 25 liter poteter! Så enkelt, og så godt. Nokre tips kan vere greit å ta med seg: Spis dei stygge grønsakene først. Poteter med skurv, squash med hakk og skader og vårløk som byrjar henge med hovudet tek vi unna først som sist. Dei toler uansett ikkje lagring. Det som får kome på lager er dei perfekte eksemplara. Elles risikerer du mugg og råte, og …

Heimelaga frøknekkebrød

Knekkebrød er fint å ha i hus, dei er fine nok til å vere småmat til gjestar, dei er gode til ei suppe eller ein gryterett, og er røffe nok til å mette til kveldsmat ein travel dag. Utvalet av frø, gryn og nøtter som kan brukast i knekkebrød har vakse enormt, og det gjer det mykje lettare å lage knallgode knekkebrød sjølv. Dei beste knekkebrøda er dyre i butikken, og å lage sine eigne går både kjapt og resultatet blir vel så bra som dei kjøpte. Ein fin, liten pakke med heimelaga knekkebrød er til og med ein fin presang til nokon du veit vil sette pris på slikt. Det er mange måtar å få knekkebrød til å henge saman på. Enkelte frø, som linfrø og chiafrø, har ei stor evne til å svelle ved at dei tek til seg vatn. På den måten kan dei brukast som bindemiddel. I tillegg vil både havregryn og kveitemjøl kunne brukast. Viss ein vil bake glutenfritt er det best å satse på å bruke frø som ein …

Høgt heng dei og sure er dei

Ja, reven seier så i eventyret. Rognebær er ikkje noko for laurdagskosen, men gelé av rognebær blir knallgodt. I år er det rognebærår, og det er berre å kome seg ut i skogen og plukke. Eg er ikkje storforbrukar av rognebærgelé, men det er deilig til kjøtrettar i staden for tyttebær, og i brunsausen gir den ein søtleg og krydra smak som fungerer strålande. Så lenge rognebærmøllen har halde seg unna er det så lett som å rappe godteri frå småungar å plukke rognebær. Eg gjer som med hyll, eg har med meg ein «frivillig» assistent, og klipper duskar ned i ein pose. Slepp du å dra så langt heimafrå kan du til dømes ha med deg ei plastkasse og klippe bæra oppi den. Så er det heim og koke gelé. Mange seier at ein skal la det gå ei frostnatt før ein plukkar rognebæra. Eg prøvde eit år å vente på frosten. Då tok møllen bæra (eller eigentleg heile trea) før meg, så det vart ingenting på meg. Eg prøvde å fryse ein pose …

Vintersalat – Grønkålsalat med eple og chevre

Ja, det er berre å innsjå det først som sist: No er det vinter. Men vinteren har jo sine fine sider og, så eg deppar ikkje. Dessutan er eg heldig å ha hage i ei mild klimasone. Det er heilt fascinerande, alt som framleis står i hagen og byr seg fram! Eg var ute og plukka i dag, og eg fann grønkål, persille, rosmarin, timian, salat som har frøsådd seg, og den gode, pepparaktige isopen, som eg er så glad i. Alt dette står klart til hausting til fram imot jul. Det er ingen grunn til å ikkje planlegge for å ha ein frodig hage også no i november. Grønnkål kan bli litt treen og seig i rå tilstand, men eg brukar å massere den med ein god vinaigrette, og då mørnar den og blir veldig mjuk og fin i bladverket. Den taklar fint å bli blanda med litt vanleg salat og, då får du ein godt balansert salat. Eg fann nokre fine, raude eple som eg tok med, saman med litt chevre og valnøtter …

Olivenbrød

Viss du vil lage gratinert brokkoli eller blomkål, slik eg gjorde her om dagen, passar det heilt perfekt med eit deilig olivenbrød til. Det er fort gjort, viss du berre har tid til å vente på hevinga i to rundar. Lag ein stor porsjon når du først held på, så kan du legge dei du ikkje brukar med ein gong i frysaren. Når du tek opp eit brød frå frysaren, så kan du la det tine litt på benken to-tre timar, før du set omnen på 200 grader. Fukt brødet litt før du legg det inn, og varm det på 200 grader i ti minutt. Då smakar det heilt som ferskt. Merk at dette fungerer berre ein gong. Gjer du det for andre gong, så får brødet ei centimetertjukk skorpe. Olivenbrød 4 dl lunka vatn 25 g gjær 1 ss honning 2 ts salt 4 ss olivenolje 8-9 dl kveitemjøl 100 g oliven utan stein 1 dl fint sammalt kveitemjøl Sett steikeomnen på 225 grader. Ha vatnet i ein bakebolle. Ha i honning, salt og …

Haustsylting med pærer

Syltetøy er min favoritt på helgefrukostbordet, på ostefatet og til dessert. Pæretre kan bere enormt med frukt enkelte år, og då er det ikkje så lett å få brukt alt. Har du ikkje pæretre sjølv, så sjekk med naboen. Spør om du får plukke, i bytte mot nokre glas syltetøy. Pærene kan hermetiserast, du kan lage deilige dessertar, og ikkje minst kan du lage spennande variantar av syltetøy. Har du eple kan du også blande eple og pærer i syltetøyet. Eg lagar heller fleire ulike sortar syltetøy i små porsjonar enn masse av ein sort. Pæresyltetøy er ikkje så vanleg, men har du pærer for handa bør du prøve å lage dette. Dette syltetøyet passar perfekt til ein moden brie, men det er også godt på brunost eller på gräddost. Det passar også perfekt til tilslørte bondepiker, den ultimate haustdesserten. Syltetøy er den perfekte gåva, ta med eit glas viss du vert invitert til middag hos nokon, eller gi eit glas bort til jul. Alt syltetøy skal på sterile glas. Eg samlar glas heile året, …

17. mai-buffé

Det blir ein annleis 17. mai, men den kan bli like fin, berre på ein annan måte. Kanskje blir det mindre stress, kanskje slepp vi å stå så tidleg opp, og vi kan ta vare på kvarandre og samlast for å feire nasjonaldagen likevel. Unngå buffé, står det i alle smitteråd. Når ein skal servere 17. maimat er det vanskeleg å unngå buffé, iallfall viss ein skal ha litt forskjellig å smake på, og og alle skal finne noko dei likar. Utgangspunktet må vere at viss du er sjuk, snufsar, hostar og ikkje er allergisk, så kan du ikkje vere med på festen. Det er synd, men slik er det. Å møtast og spise saman så lenge ein held ein meters avstand når alle er friske og har nyvaska hender er uproblematisk. Viss du vil vere ekstra forsiktig, og har mykje servise, kan du porsjonere ut maten. Legg hummus med grilla grønsaker og litt spekemat på tallerknar som folk kan forsyne seg med. Bak 17. maikaka som muffins, slik eg har gjort. Det blir hendige …

Har du sådd karse?

Det har eg! Og få ting gjer meg så lukkeleg som litt pepparfrisk karse å drysse på brødskiva med skinke, eller på salaten. Sjekk frølageret ditt, og elles i skuffer og skap der frøposar brukar å hamne. Plutseleg finn du ein pakke karsefrø. Du treng berre karsefrø, ein tett, flat boks og litt bomull, gjerne frå ein slik gamaldags pakke med tråd i, der bomulla er eit langt flak. Du kan også bruke handklepapir i nokre lag. Legg det du vil så i oppi boksen, og hell på vatn slik at det du skal dyrke på blir godt fuktig. Dryss frøa på bomulla eller papiret. Plasser boksen lyst, og hald den jamnt fuktig. Om nokre dagar har du masse karse å bruke. Lykke til!

Coronamat – bruk-opp-alt-suppe

Denne suppa er ein klassikar hos oss, og det handlar heilt enkelt om å rydde opp i grønsaksskuffa. Eg veit ikkje korleis det er med deg, men eg blir alltid overraska når eg tek ut skuffa, og ser kva som faktisk er der. Denne gongen fann eg til dømes ein neve sukkererter i ein pose som låg aller nederst, og eg vart overraska over kor friske og fine dei var. Det er sikkert to veker sidan eg kjøpte dei, men dei var sprø og faste i fisken. Då fekk dei vere med i suppa. Gulrøtter er alltid med, og det skal ikkje så mykje til. Dette vart suppe til tre, og det holdt med ei stor gulrot. Eg fann ei persillerot og, det er ein av mine rotfruktfavorittar. Den kan byttast ut med pastinakk eller med rotselleri om du har det. Stilksellerien kjem i tillegg, den smakar heilt annleis enn rota. Eg hadde ein pose grønkål og. Det er ei fantastisk grønsak, og ei av dei som kan haustast av heile året. Den er toårig, …

Coronamat – hirsesalat med bacon

Jepp, eg fann ein ny type gryn i skapet mitt. I dag var det hirse! Eg trur den er kjøpt i Tyskland, for på emballasjen sto det Goldhirse. Som eg tidlegare har sagt, eg har ein tendens til å ta med meg mat som suvenirar når eg reiser. Så denne er nok kjøpt i fjor sommar i Tyskland. Pakken var uopna, og hadde god dato, så det er null stress med tanke på harskning og slikt. Denne typen gryn kan jo fort harskne viss pakken vert opna, og så vert den ståande der med fri lufting. Harskning er ein kjemisk reaksjon mellom feittet i gryna og oksygen i lufta, dette er det sikkert nokon som kan forklare nøyare enn meg. Men uansett: Luktar det funky av gryna dine, så kast dei, ingenting å lure på. Hirsen har ein nøtteaktig, god smak, og ein annan fordel med den er at den er glutenfri. Så finn du hirse, så kjøp det, det er verd å prøve. Har du ikkje tysk goldhirse i skapet, og det gjeld vel dei …

Coronamat – skaff deg oversikt!

Ambisjonen min dei næraste vekene er å kome med tips og oppskrifter til mat som er fin å lage no når vi alle skal vere innomhus, eller iallfall mest mogeleg for oss sjølve. Normalt byrjar mange med å gå i butikken når dei skal lage mat til familien sin. Butikken på hjørnet har blitt kjøleskapet vårt. Når du skal lage mat i ein slik situasjon som vi er i no, så er det viktigaste å finne ut kva du faktisk har frå før, enten i skap, kjøleskap eller i frysaren. Eg har lenge hatt eit “spise-ut-av-frysaren”-prosjekt, men likevel er det masse greier der som bør spisast så fort som råd er. Då er dette ein gyllen sjanse til å sjekke kva du har der. Viss du finn tørre bønner, gryn og andre typer ingrediensar som du sjeldan tek deg tid til å bruke, så er det greit å huske på at no har du kanskje for første gong på lenge god tid! Det gjer ingenting at kikerter må stå i bløyt i åtte timar, og …

Krydra tomatsuppe

Ei godt krydra tomatsuppe er perfekt viss du er litt snufsete eller berre treng noko som verkeleg varmar. Denne oppskrifta kan du utvide, til dømes med linser, bønner og ulike grønsaker. Når suppa er godt krydra er det fint å servere den med litt rømme, det kjøler ned dei aller sterkaste ilingane frå chilien. Doser chili litt og litt, så passar du på at det ikkje blir heilt overveldande sterkt. Eg brukte ein liten, tørka chili, og det var meir enn sterkt nok til 1,5 liter suppe.  Nokre kallar denne typen suppe meksikansk suppe eller tacosuppe, då kan du også ha steikt, tacokrydra kjøttdeig i eller ved sidan av. Viss du har grønsaksskeptikarar i familien, så kan du gjere slik vi gjorde heime hos oss då barna var små: Vi laga pinglesuppe. Då tok eg suppa til den som var engsteleg for bitar i suppa, og køyrde den glatt med stavmiksar. Då var alle dei heile bitane borte, og suppa var blitt pinglesuppe. Dei aller største pinglene måtte kanskje attpåtil få silt pinglesuppe. Det var …

Den første julebaksten – heimelaga knekkebrød

Det å bake til jul er ein fin tradisjon. Eg likar å bake dei søte kakene ganske tett oppunder jul. Det reduserer svinnet, og gjer at dei smakar ferskt og godt når julegjestane kjem.  Viss du har bakelyst no, så er dei tørre brøda det beste å byrje med. Det du kan fryse ned kan også bakast no, eg har allereie to julekaker i frysaren, men det kan vi snakke om litt seinare. I dag skal du få lære å lage to deilige sortar knekkebrød, perfekt til å servere på julebordet, med sild, leverpostei eller smakfulle ostar.  Lurer du på om det er noko spesielt med heimelaga knekkebrød, så vil eg berre tilrå at du testar det ut. Dei blir så gode, og ganske annleis enn dei du kjøper. Dessutan kan du variere krydring og smak, på den måten får du ulike variantar til ulik bruk.  Dei krydra knekkebrøda kan du smaksette på ulike måtar. Eg har laga to variantar, ein med urter og ein med søte krydder. Der valde eg anis, fenikkel og spisskummen. …

Aroniamoro

Aronia eller svartsurbær finn du mange stader, men visste du at det er eit førsteklasses syltebær? Då vi fekk ny parkeringsplass denne våren måtte vi bestemme oss for kva type hekk vi skulle ha. I hagespørsmål er det stort sett eg som har styringa, men her var mannen min svært engasjert: Vi må ha aronia! Så vi bestilte 40 plantar, og fekk dei i jorda 17. mai-helga. Sidan sommaren allereie då viste seg frå si varme side, la vi opp eit vatningsanlegg med sveitteslangar som ga dei litt vatn 20 minutt kvar morgon og kveld. Det gjorde at hekken trivdest og vaks, og no står den tung av bær. Etter ein plukkeraptus har vi fått inn åtte kilo, og det er slett ikkje verst første året. Aronia vert mykje brukt som hekkplante i offentlege uterom, så lær deg korleis den ser ut, så kan du plukke når sesongen er der. Det norske namnet til aronia er svartsurbær, og den lever opp til namnet sitt. Bæra er kolsvarte, og ikkje spesielt søte. Enkelte hevdar at bæra …

Ut på tur, inn til god mat

Kva treng ein når ein har vore ute i ruskeveret? Noko å varme seg på, er mitt svar. I dag får du ei varmande, smaksrik suppe og ein dessert som smakar barndomsglede og kjærleik. Ingenting er vel betre enn det? Når ein skal ut på tur er det to alternativ: Enten kan ein lage noko som står i omnen lenge, og som endeleg er klart når du kjem inn, eller så kan du lage noko som går fort. Eg syns det som går fort er greiast, då treng du ikkje planlegge så veldig, anna enn å handle inn, då. Det beste eg veit når eg har vore ute på tur er ei god suppegryte, så i dag lagar eg ei romsleg gryte med italiensk minestronesuppe. Minestrone er ei suppe som kan varierast i alle retningar. Du kan ha i forskjellige sortar grønsaker, du kan ha pasta eller ris, og du kan også lage den vegetarisk. Hos oss blir denne suppa servert i bursdagar og andre samanstimlingar, og den er veldig takknemmeleg og billig festmat. Ikkje …

Pæresyltetøy med kardemomme og kanel

Det er faktisk ganske sjeldan at eg lagar akkurat det same to gongar. Eg prøver alltid å vri på oppskriftene, bytte ut ingrediensar eller prøve ut nye teknikkar. Dette syltetøyet kom til ved at eg kom i ein frukt- og grøntbutikk som hadde flotte pærer som kosta nesten ingen pengar. Eg hadde eigentleg verken tid eller ork, men gode råvarer inspirerer meg alltid. Så då kjøpte eg med meg to kilo, og lagde dette pæresyltetøyet. Og så vart det knallgodt! Pærer kan jo vere litt kjedelege, men dette vart altså ein umiddelbar suksess. Det smaker spesielt godt på ost av typen port salut, og du kan sikkert også bruke det i dessertar av tilslørte bondepiker-typen. Prøv det, det gjekk fort å lage, og det er alltid gøy med eit syltetøy til. Har du litt eple å bruke opp kan du godt blande i det og. Pæresyltetøy med kardemomme og kanel  2 kg pærer ½ liter vatn 2 kanelstenger ½ ts malt kardemomme 1 pakke syltepulver eller fruktpektin 2-3 ss sitronsaft, eller 1-2 ts sitronsyre Ca. …

Ta vare på gledene

Det å konservere er ein veldig viktig grunnleggande teknikk å meistre. Matvarene kjem til oss i sesongar, og sjølv om matvareprodusentane og butikkane er flinke til å styre logistikken for oss, så er det å kunne ta vare på sine eigne råvarer ei veldig tilfredsstillande kjensle. Det er mange måtar å konservere på, tørking, salting, hermetisering, fermentering, søtsylting og sursylting er teknikkar som er utvikla for å sikre at ein har mat sjølv på mørkaste vinteren. Alt må ikkje hentast i eigen hage. Eg syltar frukt og bær eg får, som eg kjøper i butikken og som eg plukkar i skogen. Hos min lokale tyrker plukkar eg opp ferske aprikosar, og dei har ein ganske kort sesong. I juli, august og september kan du få tak i dei, og då gjeld det å nytte høvet. Finn du dei ikkje ferske kan du sylte dei tørka og. Det tek litt lengre tid, for du må bløyte dei over natta først, men det blir deilig syltetøy uansett. Har du eple i hagen kan du godt putte nokre …

Dine eigne kjeks

Har du tenkt på at du kan lage dine eigne kjeks? Det er veldig enkelt, og kjeksa blir veldig gode. Det finst masse gode kjeks i butikkane, men av og til er det kjekt å slå til med heimebakte. Desse kjeksa held seg i to-tre veker i tett boks, og smaken på dei kan varierast i det uendelege. Du kan også drysse ting på kjeksa, til dømes flaksalt, paprikapulver eller urter. Då blir det smak både av det du har tilsett i deigen, og av det du drysser oppå. Vinn-vinn! Kjeksa er bakte med litt grovt mjøl, det gjer at dei mettar, og dei har ein god konsistens i munnen. Eg brukar dei når eg skal servere fingermat eller kanapéar, då får du heilt perfekt storleik, og dei toler litt meir av væte enn ”kjøpekjeks”. Eg legg likevel eit salatblad mellom pålegget og kjeksen, då er du sikker på at den ikkje går i oppløysing, og du kan gjere dei klare litt før gjestane kjem. I dag serverte eg kanapéane med rømme, lodderogn og vårløk, …

Limemarmelade

Sitrusmarmeladar er som oftast veldig gode, og det siste eg har prøvd meg på er limemarmelade. Det byrja med at eg fekk ei eske lime i fanget, og måtte gjere det beste ut av det. Det er grenser for kor mykje mohito eit menneske kan drikke, så eg slo meg raskt på syltinga. Her har eg ganske enkelt brukt heile limen med skal og saft. Skalet er rikt på pektin, og har mykje mindre av det bitre, kvite som appelsinen har. Når skalet får koke over litt tid med sukker utløyser det det naturlege pektinet i skalet. Dette reagerer med sukkeret, og gjer at syltetøyet vert stivt og fint. Eg brukte ein pakke grønn Certo likevel, men det er ikkje sikkert det er nødvendig. Lime er supersurt, så bruk gjerne hanskar når du held på, det beskyttar hendene. Det gjer og at det må ganske mykje sukker i marmeladen for at den skal bli passe søt. Prøv denne marmeladen på ein smakfull  kvit ost, som ridder eller gruyére. Fantastisk godt! Limemarmelade Ca. 2 kg lime …

Sunn vårsnacks – ferske vårrullar

No er butikkane fulle av friske, fine vårgrønsaker, og kva lagar vi då? Ferske vårrullar, sjølvsagt! Ferske vårrullar er passe eksotisk, passe sunt og med deilig frisk, sprø smak. Du kan fylle det med det du har i huset, eller gå bananas i grønsaksbutikken, og finne masse spennande som kan puttast i rispapiret. Utgangspunktet er nemleg asiatisk rispapir. Det er ein enkel deig av rismjøl og vatn, som er tørka til stive flak. Dei skal fort fuktast, og så er dei klare til å bli fylt med gode greier. Dei klassiske vårrullane er friterte, men desse skal spisast usteikte, med tynt snitta fine grønsaker inni. Det som verkeleg løftar dei ferske vårrullane er sausen du dyppar dei i. Eg har laga to ulike, ein som er basert på søt chilisaus, og ein som er basert på hoisinsaus. Enkle greier, altså, men du må ein tur i den eksotiske hylla i butikken, eller innom din næraste eksotiske matbutikk. Der finn du eit enormt utval av sausar, dippar og krydder, og ikkje minst fersk koriander, som er …

Frøsnippar til frukost

Å få fersk bakst til frukost er utruleg godt, men eg orkar ikkje å vere den som står opp grytidleg for å sette ein deig, så mykje veit eg. Med denne oppskrifta treng du ikkje det! Desse frøsnippane hevar over natta i kjøleskapet, og treng ikkje etterheve om morgonen, dei skal steikast fort og gale. Eg set på omnen når eg står opp, og så går eg på badet. Når eg er ferdigdusja er omnen varm, og då set eg snippane i omnen. Før alle har stått opp og bordet er dekt, så står det nysteikte snippar på bordet. Det er populært, kan eg fortelje. Kaldheving er ein grei måte å bruke når du vil ha lang hevetid. Ein annan måte er å bruke veldig lite gjær, ein klump så stor som ei ert er nok viss du vil heve dette brødet i romtemperatur over natta. Men så lenge eg har plass i kjøleskapet syns eg har meir kontroll når deigen hevar der. Ukontrollert heving over all mark er eit styr å rydde opp i. …

Sildesalat med rødbeter

Sildesalat er ein sildebordklassikar som du enten elskar eller avskyr. Både smaken av raudbeter og smaken av sild er det ein på nynorsk kallar “an acquired taste”. Eg bur saman med ein raudbetelskar, så her går den ned på høgkant. Den kan også lagast i vegetarisk versjon, altså utan sild. I den utgåva, som raudbetsalat, er den fast tilbehør i kjøttbollar i Sverige, men også deilig på leverpostei eller til ein fancy paté. Vil du lage denne utan sild i vegansk utgåve, kan du bytte ut kremfløten med soyarømme, eller kompensere med litt meir majones. Då vert den også laktosefri. Sildesalat Ein stor salta sildefilet, utvatna 300 g raudbeter, enten sylta i skiver, eller heile Eit stort, grønt eple Ein sjalottløk To-tre kokte, kalde poteter 1/2 dl majones 1 dl piska (usøta!) kremfløte Salt og peppar Fjern skinnet, og del sildefileten i små bitar. Sett til side. Rens eplet og løken. Kutt eplet, potetene, raudbetene og løken i omtrent like store terningar, altså ganske små. Bland saman majones og piska fløte. Vend inn sildebitane og …

Seinsommargleder – Italiensk brødsalat

Når ein har tilgang til gode råvarer er det berre å leike seg med maten. Eg er så heldig å ha tilgang til mange ulike typar tomatar, og det gjer at eg har fått smake på både gule, mørkebrune, gule, oransje og raude tomatar i alle storleikar og fasongar. I dag har eg laga ein deilig italiensk salat med tomatar, bønner og brød. I Italia vil du finne denne på menyen som “panzanella”. Den er veldig enkel, og nydeleg på ein varm seinsommardag. Italienarane er ekspertar på å utnytte det dei har i huset, til dømes gamalt brød, og tomatar. Denne salaten skal du lage når tomatane er veldig modne, like før dei vert blaute. Då er dei aller best, og har ein frisk, søtleg og aromatisk smak. Og så må du finne fram den beste olivenoljen din. Her er det ikkje så mange ingrediensar, så då må dei som er med vere ekstra gode. Husk på å bruke oljen du har, den vert harsk viss den vert ståande på benken og vansmekte. Berre litt brød, …

Julekaker dei fleste kan spise

Dei som er allergiske kan slite no i jula med å finne gode kaker som ikkje utløyser allergiske reaksjonar. Eg lagar havrecookies til mi venninne som verken toler gluten eller mjølk, dei er faktisk også eggefrie. Enkle og raske å lage er dei og. I denne oppskrifta brukar eg Euroshopper flytende margarin, som er mjølkefri. Dersom du brukar melange mjølkefri margarin må du ha i ei klype salt, for den er saltfri, og smaken vert gørrkjedeleg utan salt. Du kan variere smaken til dømes ved å ha i pinjekjerner eller grovt hakka 70% mjølkefri sjokolade. Du kan også bruke ulike typer krydder, eg har laga ein variant med ingefær og kardemomme i tillegg til kanel, dei vart veldig gode. Slik gjer du det: Havrecookies 2 dl mjølkefri margarin 2 dl demerarasjukker 2 dl vanleg sukker 7 dl glutenfrie havregryn 1 dl havremjøl 2 små ts bakepulver 2 små ts natron 2 ts vaniljesukker 0,8 dl kokande vatn 1 ts kanel 2 dl rosiner Set omnen på 180 grader. Bland saman alle ingrediensane i ein bolle, …