Når ein har tilgang til gode råvarer er det berre å leike seg med maten. Eg er så heldig å ha tilgang til mange ulike typar tomatar, og det gjer at eg har fått smake på både gule, mørkebrune, gule, oransje og raude tomatar i alle storleikar og fasongar.
I dag har eg laga ein deilig italiensk salat med tomatar, bønner og brød. I Italia vil du finne denne på menyen som “panzanella”. Den er veldig enkel, og nydeleg på ein varm seinsommardag. Italienarane er ekspertar på å utnytte det dei har i huset, til dømes gamalt brød, og tomatar. Denne salaten skal du lage når tomatane er veldig modne, like før dei vert blaute. Då er dei aller best, og har ein frisk, søtleg og aromatisk smak. Og så må du finne fram den beste olivenoljen din. Her er det ikkje så mange ingrediensar, så då må dei som er med vere ekstra gode.
Husk på å bruke oljen du har, den vert harsk viss den vert ståande på benken og vansmekte. Berre litt brød, olje og salt så kan du kose deg på ein alminneleg kvardag.
Brødet i denne salaten kan for så vidt vere kva som helst, men ikkje det aller grovaste. Det beste er å bruke eit saftig surdeigsbrød eller landbrød, som mange kallar det. I Italia vil ein som regel ha tørka brødet i staden for å steike det slik eg gjer, men steikinga gir endå betre smak, syns eg. Men du kan også berre kutte brødet i terningar, og så spreie det utover eit steikebrett og la det ligge nokre timar før du puttar det i salaten. Byttar du ut honningen med eit anna søtstoff vert denne salaten også vegansk.
Italiensk salat med brød, tomat og bønner
800 g tomatar, gjerne ulike typer og storleikar
400 g bønner ”haricot vert”
400 g godt brød
To stilkar vårløk
1 ts honning
Olivenolje, salt og peppar
Skjer brødet i grove terningar. Varm opp nokre skeier olivenolje i steikepanna, og steik brødet fort på høg varme slik at det får farge på alle sider. Legg det på ein tallerken, og dryss på salt og peppar.
Rens bønnene, og gi dei eit raskt oppkok i godt salta vatn. Brukar du fryste bønner treng du ikkje gjere noko med dei anna enn å tine dei.
Ha litt olje, honning, salt og peppar i ein romsleg bolle og bland godt. Skjer tomatane i grove bitar, og vend dei i blandinga.
Bland tomatane, bønnene og brødet i ein serveringsbolle. Ha over det som er att i tomatbollen, og dryss på litt ekstra salt og peppar. Kutt opp vårløken i tynne ringar, og dryss over. Ringle over litt ekstra olivenolje til slutt. La gjerne salaten stå i romtemperatur ein halvtimes tid før servering.