Billig mat, Dessert, Fest
Leave a Comment

Ripsgelé til dessert

Det er ikkje berre ripsa som er moden i hagen min, bringebæra er også klar til å plukkast. I skogen fann vi blåbær, og då fann eg ut at å blande alt dette i ein gelé må bli ein deilig frisk og god dessert. Du kan sjølvsagt bruke ein ferdig gelépakke til dette, men eg syns det er artigare å eksperimentere med ulike smakar. Gelé er jo berre stivna saft, så du kan gi den akkurat den smaken du vil. Skal du servere berre til vaksne kan du lage ein deilig vingelé, det er alltid suksess. Rosévingelé med bær i er ein sikker vinnar

Men i dag hadde eg barn til bords, og då henta eg fram ei god ripssaft, og lagde gelé med den. Bland safta ganske sterk, det skal jo vere ein dessert. Eg syns det er pent å servere denne geléen i porsjonsglas, det ser så flott ut på bordet.

Når du jobbar med dette må glasa litt inn og ut av kjøleskapet for å sikre at ikkje alle bæra berre flotnar opp og legg seg på toppen av geléen. Difor er det praktisk å ha glasa ståande på eit brett, spesielt viss du lagar mange i slengen. Du kan gjerne la glasa stå i kjøleskapet før du byrjar å lage desserten, då stivnar geléen endå fortare, og det går raskare å bygge lag på lag med bær i geléen.


Ripsgelé med bær

5 dl sterk ripssaft (eg blanda 1:3)

6 plater gelatin

Blanda bær

Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn i ei vid skål.

Kok opp safta, og smak at ho er passe sterk. Dra gryta av plata. Klem bløytevatnet ut av gelatinen, og ha den i den varme safta. Rør godt til all gelatinen har løyst seg opp. Hell litt flytande gelé nederst i glaset, og ha i nokre få bær. Sett glasa tju minustt til ein halvtime i kjøleskapet, til geléen har blitt seig, og held dei første bæra fast. Legg på fleire bær, og hell på gelé slik at det akkurat dekker bæra. Sett kaldt i tjue minutt til, og fortsett til du har fylt opp glasa, og brukt opp bæra.

Server med vaniljesaus til.

Leave a Reply