Hups, rettelse, ny feil følger!
Eg byrjar i Volda! I Volda klokka ti, i Ørsta klokka elleve serverer eg frukost. Kom, kom!
Eg byrjar i Volda! I Volda klokka ti, i Ørsta klokka elleve serverer eg frukost. Kom, kom!
Det blir ikkje heime hos meg altså, men i morgon tidleg, klokka ti (vel, kanskje kvart over) i Ørsta og rundt elleve i Volda, lagar eg frukost. Då får du ferskt, godt brød, og du kan sjå meg sylte nektarinar, jordbær og rabarbra, og smaksprøver vert delt ut med raus hand. Yr.no er sånn passe entusiastisk til det heile, men eg skal iallfall gjere mitt beste for at det skal bli ein triveleg frukost. Dei nynorske festspela sel Sylting og safting heile året begge stader, og eg signerer når eg berre har fått vaska syltetøyet av hendene. Kom innom om du er i nærleiken!
I dag har eg hatt besøk av to journalistar, og sylta saman med dei på mamma sitt kjøkken. Fine greier! Syltetøyet vart godt, og journalistane vart fornøgde, trur eg. Dei hadde betre utstyr enn iphone å hjelpe seg med, så dei får nok betre bilde enn eg fekk her. Men uansett: Boklansering er gøy!
Vi er bra heldige, som får lov til å kome på besøk til dette vakre huset kvar sommar. Nedanfor verandaen står revebjellene ranke og fiolane lyser opp med sin intense fiolette farge. Og når vi går tur passerer vi dette vakre vatnet der vassliljene såvidt har sprunge ut.
Agurksuppe er lett og frisk, og overraskande smaksrik til å vere laga av noko så enkelt som agurk. Den kan varierast i det uendelege, i dag har eg laga den med ruccola og løk. Server suppa i små glas, heilt kald. På varme dagar kan du til og med legge ein isbit i. Den passar veldig godt på ein buffé med ulike andre typar mat ein kan servere små porsjonar av. Bruk gamle likørglas eller små raudvinsglas, dei passar godt til ein slurk agurksuppe. Slik gjer eg det: Agurksuppe 2 agurkar ½ finhakka løk Ein neve ruccolablad 3 ss kesam 2 ss olivenolje Salt og peppar Kutt agurken i bitar, og legg dei i matmølla. Skyll ruccolaen, og legg til side nokre fine blad til pynt. Ha ruccolaen i matmølla saman med kesam, løk og olivenolje, og køyr det heile glatt. La suppa stå kjøleg fram til servering. Hell den opp i pene glas, og pynt med ruccola eller andre urter.
Focaccia er alltid takknemmeleg å servere til supper, smårettar, lasagne eller som noko å mumse på når ein er på tur. Du kan også dele focaccia-brødet og legge pålegg inni. Eg bakar det i ein stor leiv, men det går også fint å bake det i emne som er litt større enn rundstykke, kjevle dei flate og ha på olje og salt. Då får du porsjonsfocaccia. Det er oljen og saltet som gjer dette brødet til focaccia. Dei fleste italienarar vil også ha knust eller frisk rosmarin på. i dag har eg laga ein variant med løkringar på. Det er godt til enkel mat, den lett bruna løken vert eit spennande smakselement til supper og slikt. Slik gjorde eg det: Focaccia-brød 3 dl lunka vatn ½ pakke gjær eller to teskeier tørrgjær 1 ts salt 1 ts sukker eller honning ca 7 dl kveitemjøl 1 gul løk i skiver 3 ss olivenolje Flaksalt til å drysse på toppen Smuldre gjæra i ein bolle og ha over lunka vatn. Rør ut gjæra i vatnet, og ha i …
Gazpacho er ei klassisk spansk kald tomatsuppe som det finst mange variantar av. I daga har eg laga henne intenst raud, utan agurk og grøn paprika som ein ofte får i gazpacho. Denne oppskrifta gir ca. åtte porsjoner på ca. 1,5 dl kvar. Med mindre glas vert det fleire porsjonar, viss suppene inngår i ein buffé. Du reagerer kanskje på at det ikkje skal tilsettast væske til suppa. Desse grønsakene er så vassrike at det ikkje er naudsynt. Velg dei søtaste og flottaste tomatane du finne til gazpachoen. Dei kan seie kva dei vil, tomatbøndene på Jæren. Dei får ikkje tomatane sine så søte og gode som dei italienske og franske. Gazpacho 6 tomatar To raude paprikaer Ein stor løk Tre stangselleristilkar Eit fedd kvitløk 0,5 dl kvitvinseddik 0,5 dl olivenolje Sukker, salt og raust med kverna peppar Del tomatane i fire, og fjern stilkfestet. Det er ikkje nødvendig å flå dei. Legg dei i ei matmølle. Ta bort stilken på parikaene, fjern frø og hinner, og del dei i grove bitar. Ha dei i …
Det er desse kveldane som ein delar med gode vennar i ein flott hage midt i byen i det vakre sommarlyset. Det er desse kveldane då praten går lett, maten smakar godt og rausheit og glede pregar samveret. Det er desse kveldane då ein syklar heim forbi botanisk hage og pustar inn den intense dufta av skjærsmin. Det er desse kveldane då ein kjem heim til fine ungdommar som har laga seg middag, og som ryddar når ein ber om det. Det er desse kveldane då vi vaksne tenner lys og delar ei stille stund etter at ungdommane er i seng. Fine kveldar.
…har han hatt ferie. Han skal ha sytten dagar til. Med ti-tolv nye ballongar kvar dag skal vi klare å fylle kontoret hans ganske godt opp til han kjem attende. Ein har ikkje meir moro enn det ein lagar sjølv. 😀
Det er hektisk for tida. Difor er det litt stilt her i bloggen. I går prøvde eg brudekjolen på nytt, den er like fin som sist! 😀 Og eg er like sikker på at den skal klippast av som eg var då eg kjøpte den. Elles så går boklanseringa sin gang. Eg planlegg ein tur til dei nynorske festspela i Ørsta/Volda siste helga i juni, så bur du i området kan vi kanskje treffast? Eg kjem til å delta på festspelfrukostane i Ørsta og i Volda laurdag 30. juni. Men no skin sola, og eg må snart ut i den. Det er berre nokre greier eg må fikse først…
Vi er mange som har vakse opp med mødre og bestemødre som sylta og safta. Eg har sterke minner frå eit kjøkken fullt av bøtter med bær, bilturar heim frå Valldal med den intense og etter kvart kvalmande lukta av jordbær, og kamp med bringebærkjerr i hagen. Då bestemor mi døde i 1995 fann vi ripsgelé med vokslok frå 1964 i kjellaren. I mange år har safting og sylting vore ute av livet mitt, bortsett frå eitt og anna frose glas med bringebærsylte som kom nedover frå Sunnmøre. Men etter kvart har eg teke opp denne tradisjonen sjølv, og gjort den til min eigen. For meg som bur midt i byen, med begrensa fryse- og lagringskapasitet og utan eigen hage, kunne eg ikkje gjere dette slik mor mi gjorde. Kanskje var det det som gjorde at eg venta så lenge med å gå i gang. Eg trudde eg måtte gjere dette slik formødrene våre gjorde det, i store mengder og med huset på hovudet medan det sto på. Etter kvart kom eg til at eg …
I desse dagar lanserer Samlaget boka mi Sylting og safting heile året. I høve lanseringa var eg og ein av marknadskonsulentane i Samlaget ute på ein liten runde til bokhandlarane i sentrum, og hadde med bagettar og små syltetøyglas. Frå dei som fekk nektarinsyltetøy har vi fått begeistra mailar som beskriv nærmast slåsskampar på lunchrommet i bokhandlarbutikkane om dei siste restane av dette deilige syltetøyet. No får du sjansen, nektarinar kostar nesten ingenting for tida, så kjøp ei korg eller tre, og lag ein porsjon nektarinsyltetøy. Nektarin har blitt ei heilårsfrukt som heilt har utkonkurrert den hårete slektningen sin, fersken. Det er ikkje rart, for han er både søt og god og lett å like. Nektarinen har ein meir aromatisk smak, og mange likar også betre den glatte overflata. Eg brukar også å lage syltetøy av nektarinar, det er enkelt å lage, og det ferdige syltetøyet er ein smakseksplosjon. Prøv nektarinsyltetøy på vaflar eller bollar, begge delar er like godt. Nektarinsyltetøy 1 kg nektarinar, reinsa vekt 425 g sukker 1 dl vatn 1⁄2 ts sitronsyre …
I denne varianten av svinefilet har eg brukt røykt paprika. Eg veit om folk som har leita etter det ei stund, men ein får tak i det i nettbutikkar som sel krydder, og i spanske og britiske supermarknader. Denne retten kan du veldig gjerne lage på grill, då lar du kjøtet få ein runde på høg varme, før du ettersteiker fileten på indirekte varme til den har nådd ønska kjernetemperatur. Eg blanda kryddera, og sikta dei over kjøtet. Det fungerer når du vil ha eit raust lag med krydder. La kjøtet ligge med krydderet på i to-tre timar, det gir smak og fin farge. Eg serverte svinefileten med ein plommesaus og grilla squash. Plommesausen kan serverast varm eller kald, og viss du lagar den som du lagar syltetøy er den langtidsholdbar. Perfekt til svin og til ulike wok-rettar. Slik gjorde eg det: Raud svinefilet 1 kg ytrefilet av svin 2 ts røykt paprika 2 ts vanleg paprika 2 ts urtesalt Olje til steiking Bland saman kryddera. Sikt først eit dryss på tallerkenen, legg så kjøtet …
I mai slo eg til, eg investerte i ein flott ny sykkel. Eg gjekk til min favorittsykkelbutikk Birk ved Vøyenbrua, og fekk eit godt tilbod på ein Fuji Speedmax hybridsykkel. Sykkelen vart stelt og ordna med, den fekk bagasjebrett og skjermar, fotstøtte (slikt er ikkje ei sjølvfølge på nye syklar no til dags) og den fekk eit komfortabelt mjukt damesete i staden for det kvite sportssetet som den originalt kom med. Eg fekk også klikkpedalane bytta ut med vanlege, sidan eg syklar i alt frå støvlar til stilettar, men aldri i slike klikkesko. Sidan eg brukar sykkel som mitt viktigaste transportmiddel fekk eg og satt på ei korg framme, og eg fekk montert magnetlykter i hjulnavet framme og bak. Dei lyser berre på grunn av magnetar som går rundt og rundt, og treng ikkje takast av, dei sit fast montert i hjulet. Sykkelen er “damestorleik”, den passar ikkje til store menn. Men til meg var den heilt perfekt. I går kveld då eg kom heim låste eg sykkelen på utsida her eg bur på St.Hanshaugen …
Som eg har sagt tidlegare, hagen min har kome til ved ei lang rekke tilfeldigheiter. Det betyr at ein god del av plantane mine veit eg verken opphavet til eller namnet på. Denne planten som står og struttar faretruande nær aspargesbedet mitt er heilt ukjent for meg. Har du sett ein slik før? Det ser ut til at den vil få kvite små blomar, men den har ikkje sprunge heilt ut enno. Eg treng altså identifiseringshjelp. Veit du kva dette er? (Dei grøne duskane i framkanten av bildet er ein busknellik, og den er ikkje ein del av planten eg lurer på identiteten til.)
Det å lage bryllup er ein lang prosess, og i går kveld kom vi i mål med ei av etappene; Invitasjonane er ferdige. No står det att å finne adresser (kan det vere nødvendig å flytte så mykje, folkens?), skrive på konvoluttar (au, krampe) og å frankere og postlegge. Kjekt!
Du huskar på dette, ikkje sant? Viss du har lyst på Sylting og safting heile året i signert utgåve så send ein mail til m.hvamstad@samlaget.no, så kjem den i posten til deg. Boka kostar 369,-, og Samlaget dekker porto. Fint, ikkje sant?
Denne kaka vart utruleg god, så god at den vart borte før eg kom på at eg burde teke eit bilde av den. Men ta mitt ord for det, du burde prøve denne oppskrifta! Sjokoladekake med appelsin 150 g smør 300 g sukker 3 store egg 2,5 dl appelsinjuice 100 g kokesjokolade 250 g kveitemjøl 3 ts bakepulver Rive skal av ein appelsin Til dynking 0,5 dl appelsinjuice Sjokoladekrem: 1 ts pulverkaffe 2 ss kokande vann 100 g kokesjokolade 250 g melis 50 g smør 1 egg Pisk mjukt smør og sukker til smørkrem. Pisk inn egga, eitt om gongen. Varm opp appelsinjuicen, og smelt sjokoladen i den varme juicen. Avkjøl litt og rør deretter inn i smørkremen saman med skalet. Sikt mjøl og bakepulver saman og vend inn i deigen til slutt. Ha deigen i ei rund form (26 cm i diameter) med bakepapir i botnen. Steik kaka midt i ovnen ved 180°C i ca 45 minutt. Sjekk med kakenål eller spagettipinne at kaka er gjennomsteikt. Pinnen skal vere tørr når du tek den …
Ingen skal skulde meg for å ha ein medviten plan for det eg plantar i hagen min. Eg kjenner mange flotte hagemenneske, og når vi møtest så byttar vi plantar, eller delar av overskotet i hagen. På ein eller annan måte har eg fått hendene i denne svarte akeleia. Å seie at den lyser opp i bedet ville vere å overdrive, men eg syns den er utruleg stilig, der den står rank, rett og mørk. Desse svarte tulipanae kjøpte eg nok sannsynlegvis i Oxford i fjor sommar. Heldigvis kom dei i jorda før nyttår, så no står dei og struttar i hagen min. Eg likar dei flukrete (er det eit ord?) kronblada og den lekre mørke fargen. Har du mørke fargar i hagen din?
Eg har vist fram denne trappa før, den ligg rett på andre sida av plenen, og inkluderer eit lavterskeltilbod av sosial type. Perfekt for oss travle kvardagsmenneske. I dag var eg innom igjen, og den er om mogeleg endå vakrare om sommaren. Vertinna har fingerspitzgefühl, og veit korleis lys og blomar bør velgast ut og plasserast. Sjå nøye på bildet. Ok, du skal få eit til. Ser du kva ho brukar for å halde døra open? Ei gamal japansk tekanne, som dessverre har rusta innvendig. Tung og fin, perfekt for å halde døra på plass. I tillegg har ho dei vakraste peonane i verda. Dette er ein trepeon, og blomane er som middagstallerknar. Nydeleg!
Denne suppa vart til fordi min kjære trengte litt sikringskost. Magen hadde vore ustabil nokre dagar, og matlysta var så som så. Utfordringa vart å finne noko som var næringsrikt, smakfullt og fristande på ein gong. Som så mange gongar før byrja eg med å sjå kva eg hadde i kjøleskapet. Eg hadde ein pakke ferske chorizo-pølser og fenalårrestar frå bursdagen min, i tillegg til masse gode grønsaker. Så då lagde eg ei suppe på det eg hadde. Slik gjorde eg det: Fenalårsuppe med tomat og chorizo 200 g fenalår i tynne skiver Ei chorizo-pølse, fersk Ein liten gul løk 5 cm purre 100 g raudkål, finstrimla Ein liten pastinakk Ein vårløkstilk (eller toppløk) Masse hakka persille 1/2 boks finhakka hermetiske tomatar 2 ss fond 1 liter vatn Olje til steiking Finhakk fenalårskivene og fres dei i olje i ei romsleg gryte. Ha i finhakka gul løk, rensa og finhakka pastinakk, tomat og raudkål, og la det frese til det er blankt og fint. Slå på vatnet og fond, og la det heile putre i …
Dette engasjerer meg. Vi har fattige rundt oss, folk som ikkje har klart å kome seg på den grønne gren, slik vi som eig vår eigen bustad saman med ein partner har klart. For det er faktisk det som statistisk sett er den største skilnaden mellom dei som har ein trygg økonomi og dei som ikkje har det. Er du einsleg, med eller utan barn, og leiger bustad så er økonomien trangare, og sjansane til å følge med i veksten i samfunnet minimale. Mykje som skal gjerast må utrettast på politisk og strukturelt nivå, med skattesatsar, støtteordningar og andre fordelingspolitiske tiltak. Men kan ein også gjere noko i sitt nærmiljø, overfor dei som ein sjølv kjenner som har det vanskeleg? Eg prøver å gjere det, og eg har gjort det sjølv gjennom mine eigne magre tider. Boka Smalhans var eit utslag av dette, eg gjorde meg nokre erfaringar når eg sjølv var gjennom økonomiske nedturar som eg lærte noko av. Men det er også mykje ein kan gjere for dei ein kjenner som har det …
Det må vere ei sylteboklansering, trur eg. Alt dette og mykje meir skal omdannast til smaksprøver til når eg skal ut i bokhandlar og i andre samanhengar og presentere sylting og safting. Mykje jobb og mykje moro! 😀
Eg er med på matbloggsentralen si rabarbrautfordring denne veka, og det er knallhard konkurranse mellom mange, mange gode bidrag. Mi ostekake med rabarbrakompott er med, og er bidrag nr. 34 i konkurransen. Syns du den er det beste bidraget, så stem gjerne på meg, då blir eg utruleg glad. Ha en fin laurdag!
Den nye boka som GundaM og eg har laga, Sylting og safting heile året er i butikkane as I type! Men du er spesielt heldig, for du kan få ei signert utgåve i posten. Send ein mail til Maren Ingeborg Hvamstad i Samlaget, adressa er M.Hvamstad@samlaget.no. Boka kostar 369,-, og Samlaget dekker porto. Kast deg rundt, og send mail til Maren om du vil ha bøker signert av meg!