Month: mai 2018

Deilig rabarbrakake

Äntligen, ropar svenskane, endeleg, ropar eg. No sprutar rabarbraen opp, og det er berre å spise med begge hendene. Lag syltetøy, pai, kompott, chutney og saft, du kjem til å angre til hausten når du har lyst på, men ikkje har. Orkar du ikkje, så plukk den likevel, kutt den i bitar og legg den i frysaren. Då kan du lage det du har lyst på seinare. Eg har ikkje så mykje, så eg tenkte eg skulle elge meg innpå naboen. Dei har ei svær tue som det ser ut som dei ikkje et så mykje av. Eg tenkte å gjenta suksessen eg har hatt før, be om å få plukke, i bytte mot eit par glas av noko av det eg lagar. Ingen kan vel seie nei til det? Det aller beste syns eg likevel er ei klassisk rabarbrakake. Denne er ein formkakevariant, som eg har bakt i randform, som eg så ofte gjer. Eg syns dei er lette å skjere av, og å presentere på fat. Du kan godt lage den i vanleg …

Bakt salat

Salat kan vel ikkje vere bakt? Jau, det kan den, og det er ei sjakktrekk for å utvikle gode smakar. Salatar kan varierast i det uendelege, men nokre hovudelement må vere med. Grønsaker av ulikt slag, proteiner og noko som gjer deg mett, ein god dressing, og så noko sprøtt på toppen. Nokre seier at bladgrønt alltid må vere med, men denne salaten er eit døme på at det trengst ikkje. Det hadde ikkje skada om det var grønt i denne og, men for å vere heilt ærleg så gløymde eg det. Slik er det når ting går litt fort av og til. For at ein salat skal vere mettande må ein ha med både karbohydratar og proteinar. Karbohydratane kan vere pasta, ris eller ulike typer gryn. I dag har eg brukt grov bulgur. Den tek veldig lett til seg smak, og mettar godt. I tillegg vender eg inn linser. Eg syns den kombinasjonen er veldig god, og er lett å leike seg vidare med. I denne salaten har eg brukt heil bulgur, men bulgur …

Saftig svin

Av og til er det berre tradisjonsmat som gjeld for meg. Gode sausar, kokt kjøt og raust med poteter til, då er eg lykkeleg. I dag fann eg eit stykke salta svinebog i kjøtdisken, og salta kjøt syns eg alltid er best når det vert kokt. Ein klassisk søndagsmiddag, altså, der eg serverer kjøtet med ein variant av løksaus og ein mos av det eg hadde i kjøleskapet, altså søtpotet og gulrot. Den vart veldig god, om eg skal seie det sjølv! Prøv den til grilla pølser, kotelettar eller til kvit fisk, den passar like godt. Løksausen laga eg på fløte og krafta frå det kokte kjøtet. Eg slo ut håret, og hadde litt øl i kokevatnet. Det balanserer godt det salte i kjøtet, og tilfører ein liten bitter tone saman med laurbærbladet. Det er smak og behag, syns du ikkje noko om det bitre kan du bruke eplejuice i krafta i staden, og droppe laurbærbladet. Merk deg at det ikkje skal salt i kokevatnet til kjøtet. Kjøtet er som regel meir enn nok salt …