Billig mat, Fest, Formkaker, Kaker, Mat, Noko søtt
Leave a Comment

Deilig rabarbrakake

Äntligen, ropar svenskane, endeleg, ropar eg. No sprutar rabarbraen opp, og det er berre å spise med begge hendene.

Lag syltetøy, pai, kompott, chutney og saft, du kjem til å angre til hausten når du har lyst på, men ikkje har. Orkar du ikkje, så plukk den likevel, kutt den i bitar og legg den i frysaren. Då kan du lage det du har lyst på seinare. Eg har ikkje så mykje, så eg tenkte eg skulle elge meg innpå naboen. Dei har ei svær tue som det ser ut som dei ikkje et så mykje av. Eg tenkte å gjenta suksessen eg har hatt før, be om å få plukke, i bytte mot eit par glas av noko av det eg lagar. Ingen kan vel seie nei til det?

qv6DKS50RzurZCo8+DRgzwDet aller beste syns eg likevel er ei klassisk rabarbrakake. Denne er ein formkakevariant, som eg har bakt i randform, som eg så ofte gjer. Eg syns dei er lette å skjere av, og å presentere på fat. Du kan godt lage den i vanleg springform, då treng den kanskje litt kortare steiketid, iallfall viss forma di er vid. Kaka er knallgod med krem eller is til, og viss du ikkje skal servere den med ein gong så toler den godt å frysast ned og. Det er kjekt viss du skal servere den ein gong du ikkje har tid til å bake.

Dette er ei «kjenn din omn»-kake. Steiketid og temperatur varierer etter mi erfaring frå omn til omn, nokre omnar er varmare enn termostaten skulle tilseie, og nokre er kaldare. Eg steiker den alltid nederst i omnen, for då er eg heilt trygg på at den vert gjennomsteikt. For å sjekke om kaka er steikt, kan du bruke ein spagettipinne eller ein slik tynn grill-trepinne. Sit det røre att på pinnen når du har stukke den inn og teke den ut att, så treng den meir tid i omnen.

DN8jV+z5QCm55B06CCx0CwDet går ganske raskt å lage denne kaka, og eg lagar den ofte med flytande smør frå flaske. Det er lett å dosere, eg sprøyter rett oppi ei skål som står på vekta, og eg treng ikkje smelte det. Men du kan like gjerne lage den med vanleg smelta smør. Eg har bytta ut litt vanleg mjøl med potetmjøl. Det gjer at skorpa på kaka blir ekstra sprø og fin. Semulegryna som eg drysser i forma hjelper og med å gje kaka ei fin skorpe. Skal du ha den med deg til nokon er det best å frakte den i forma, det aukar sjansen for at den kjem fram i eit stykke.

Litt lenger utpå sommaren kan du lage denne kaka med bringebær, rips eller solbær i. Den er knallgod med bjørnebær, eple eller pærer når hausten kjem. Du kan også lage den som muffins, då bør du bruke litt høgare varme, og litt lengre steiketid.

Ha ei strålande fin helg!

Alt godt, Gunda

Rabarbrakake

3 egg

300 g sukker

300 g flytande eller smelta smør

200 g kveitemjøl

100 g potetmjøl

2 ts bakepulver

1 ts vaniljesukker

1 ts kardemomme

1 dl mjølk

Fire-fem stilkar rabarbra

Sett steikeomnen på 180 grader.

uRKemwYKSSOJyMiO5yjuOASmør forma du skal bruke med smør, og dryss i semulegryn eller kveitemjøl for å unngå at det legg seg ved.

Finsnitt rabarbrastilkane. Så lenge dei er nokolunde nye og fine treng dei ikkje å skrellast.

Knekk egga eit og eit i ein kopp. Ha egg og sukker i ein bolle, og pisk det til ein luftig eggedosis.

fullsizeoutput_4ef1Sett ei skål på vekta, og nullstill den. Ha i mjøl, potetmjøl, bakepulver, vaniljesukker og kardemomme, og vend det godt saman. Mål opp smør og mjølk.

Vend mjølblandinga, smøret og mjølka inn i eggedosisen litt og litt medan du rører jamnt, men ikkje hardt. Mjølet må ikkje eltast for hardt, då vert kaka seig. Vend inn rarbarbraen til slutt, og hell røra i den strødde forma. Steik kaka i 40-45 minutt til den er gjennomsteikt.

Server kaka med is eller piska krem ved sidan av. Du kan også ha glasur på, men det er eigentleg heilt unødvendig, iallfall viss du serverer den nysteikt.

ABdzgQdQQTmVy5wtOG9SuQ

476F2F1F-6E64-474C-A78E986DBB750697-CA561BDB-8100-4A25-977ABBDA63438732

Leave a Reply