Month: januar 2013

Fire år med blogging!

Ja, det var berre flaks at “jubileumsdatoen” ikkje gjekk meg hus forbi. Fru Storlien posta eit innlegg om at det var fire år sidan ho byrja å blogge, og så måtte eg tenke etter: Når var det eg byrja? Var det ikkje i januar ein gong? Og jammen var det det. Nittande januar 2009 posta eg forsiktig mitt første innlegg med ei oppmoding til å lage til eit selskap for dei du verkeleg vil treffe, i motsetnad til selskapa i julehøgtida, som kan ha eit strøk av plikt over seg. Menyen besto av carpaccio, heilsteikt ytrefilet med aioli og honningis med rista honningkake. Sjølv om eg er litt ustadig i blogginga for tida, mest på grunn av bokprosjektet eg held på med, så er besøkstala jamne, og eg har bestemt ei kjensle av at eg har ein gjeng med faste lesarar som set pris på det eg gjer her. Så takk for fire år saman, eg er heilt sikker på at vi vil ha mykje glede saman i åra framover og. Hurra for fire år! …

Fastelaven (og morsdag) kjem i 2013 og!

Ja, eg veit at det ikkje er i kvart øyeblikk, men ikkje desto mindre: Folk lurer. Eg får mange treff på når fastelaven er, så difor tenkte eg å fortelje det: Fastelaven i 2013 er søndag 10. februar. Og den søndagen er det morsdag og, så det er ei dobbeltfeiring, altså. Det er ein spesiell dag for meg og. Ikkje berre fordi eg er mor til verdas beste tenåringar, men for då reiser min kjære og eg på veg til Roma for å tilbringe ei veke der. Det gler eg meg veldig til! Vi var i Roma ei veke i 2011 og, då tok eg dette bildet. Det er overblikket frå høgda på Trastevere, Janiculum-høgda. Så det blir nok ikkje fastelavensbollar på oss, men sikkert noko spennande bakverk frå vårt lokale bakeri på austkanten i Roma. Eg ynskjer alle lesarane mine ein fin dag!

Sjølvmelding!

Litt tidleg, tenker du kanskje. Men ikkje når glamourbibliotekaren utfordrar oss. (Og ja, eg har ikkje gått under jorda, men eg driv og skriv ny kokebok. Tidkrevande, ikkje minst å tenke på det. Og så har eg det bra. Veldig bra. :)) Dagens leppestift/lipgloss: Max Factor lipfinity spiced under, Estee Lauder Michael Kors Gold gloss Dagens duft: Bulgari Omnia Amethyste Dagens sko: Helly Hansen Skinnsko med snøringa open. Ullsokkar gjekk ikkje i småskoa eg har ståande her på jobb. Dagens smykker: Forlovelsesringen, ein singel diamantring, gifteringen frå Sandberg.com og Longines-klokka som kom i morgongåve. Dagens bok: Ingenting akkurat no, men eg skriv bok, tel det? Siste avis du las: Aftenposten på frukostbordet Siste cd du høyrte på: Sæle juleljod med Marianne Beate Kielland Siste film du såg: Love actually i jula. Må få oss på kino snart, tydelegvis. Siste reise du var på innanlands/utanlands: Innanlands: Sunnmøre i jula. Utanlands: Hellas i sommar, trur eg. Men vi skal til Roma i veke 7. Det blir fint, trur eg! 🙂 Siste nettsted du var innom før denne …