Ein lærer stadig nye ting, sjølv om mykje matlaging går på autopilot når ein har gjort det nokre år. Her i jula lagde vi eit klassisk svensk julbord, sidan vi har feira i huset vårt i Sverige denne jula. Då lagde eg ein västerbottenpaj, med den smaksrike västerbottensosten. Eg lagde paideig etter den oppskrifta eg alltid har brukt, som eg har henta frå Carl Butlers kokbok, som eg fekk seint på åttitalet, trur eg. Eg dro i gang med 150 g smør og 300 g mjøl i matmølla, og køyrde det i hop med litt vatn. Eg kjevla deigen ut, og lagde paien, og alle var nøgde. Deigen som var att då eg hadde kjevla over forma og teke til sides “kantane”, trykte eg i hop, og la i kjøleskapet, eg kan tenke meg at det var ca. 200 g, kanskje. Nokre dagar seinare rydda eg i kjøleskapet, og fann deigklumpen. Eg kjevla og kjevla, og den vart tynnare enn sirupssnippar. Den dekte akkurat forma slik at litt hang utanfor, så eg klipte bort frynsene, men …
Like this:
Like Loading...