Month: juli 2012

Meir Hellas!

Å, vi har det så fint her! Eg skal skrive litt meir detaljert etterkvart, men no er vi på reise, så det blir med desse bilda. Fin sekstenåring som ikkje kan gå på vatnet, det berre ser slik ut. (Ho hoppar frå ein båt.)   Den tredje største byen på Ithaka; Kioni:   Ein sommarfugl som har tilhald i Kioni:   Ser du stalagtittane som heng ned? Dei har hunge i grotter, men ytterveggen i grotta fall ned, og i havet. Dermed vart det ein naken vegg med stalagtittar på. Kult!

Hellas!

Nei, eg er ikkje borte! Vi har ikkje forsvunne frå jordas overflate. Vi har teke turen til Hellas, der vi hoppar frå plass til plass på veg til Athen, der vi skal bytte hus med ein gresk familie. Nettet her vi bur no, på Keffalinia, er veldig lite samarbeidsvillig. Difor blir det ikkje så mange oppdateringar i bloggen, men det skal eg prøve å ta att i Athen. Ha tol med meg! Og kos deg med desse bilda medan du ventar. Hellas er fint! 🙂 Solnedgang ved Ammes Beach:   Utsikt frå Acropolis of the old Same (neida, det har ingenting med gamle samar å gjere, men er ruinane som er igjen etter den gamle festninga til byen Sami.)       Bleike norske føter på Myhrtos beach. For ei perle!  

Siste sjanse!

Hylla var sein i år, men no blømer ho på vestlandet og nordover, og syng på siste verset. Så denne helga må du kome deg ut for å plukke hylleblomar, det er sist sjanse denne sommaren! Sunnmøringane er priviligerte som har svarthyll ved kvar ei husnåv, her i Tigerstaden er den vanskeleg å finne. Eg har funne ein svarthyll på Ekeberg,  og så veks det ein liten skog på Carl Berner. Det var der eg fekk plukka i år. På Leikong har vi ein diger svarthyll i hagen, og det er som å rappe godteri frå småungar å lage nydeleg saft både av blomar og bær. Styr unna raudhyllen. Den er lett å skilje frå svarthyllen ved at den har blomar som lange duskar, nesten som syrinblomar, medan svarthyllen har flate blomebukettar, nærast små paraplyar. Dessutan blømer raudhyllen før svarthyllen. Når bæra kjem er det endå enklare å skilje dei frå kvarandre ved å sjå på bærfargen, men blomesafta er meir spennande på smak og lettare å bruke,v så utfordringa er å sjå kva som …

Jon Lord 1941-2012

Jon Lord døydde i dag, etter å ha kjempa mot kreft i lang tid. Eigentleg var han ikkje min helt, men bror min sin. Når ein bur i lag slik ein gjer med søsken så smittar musikksmaken over. Deep Purple var bror min sine heltar, og Jon Lord spelte ei viktig rolle på keyboard. Når bror min var i det eksperimentelle hjørnet stilte han dei to ganske lette høyttalarane vi hadde mot kvarandre, spelte Jon Lord sin solo i Child in Time frå In Rock på full guffe. Det ikkje heilt supersoniske anlegget vårt klarte å gi ein illusjon av at musikken sirkulerte i hovudet, og vi var euforiske. Whitesnake, der Jon Lord også var med, vart også flittig spelt heime hos oss, med den same karakteristiske orgelklangen som Jon Lord var så kjend for. Men i tillegg til den lange diskografien med Deep Purple har Jon Lord laga mykje flott musikk for orgel og orkester. Leit deg fram på youtube, så finn du mykje flott musikk av Jon Lord. Om du orkar, kan du …

Noko av det vakraste XXVI

Lhasa de Sela levde eit kort men intenst liv, det slutta alt for brått då ho døde nyttårsdag 2010 av kreft. Men i dei 37 åra ho levde lagde ho tre plater med aldeles rystande vakker og uttrykksfull musikk. Ho sang på fransk, spansk og engelsk, og farta mellom USA der ho var fødd, Mexico, der faren hennar kom frå, Frankrike og Canada. Denne sangen er kanskje hennar mest kjende, og kanskje har du høyrt den utan å vite at det er Lhasa som syng den.

Å velje ei duft II

I går skreiv eg om dei ulike kategoriane du finn dufter i, og kva parfymer som er typiske for dei ulike kategoriane. Det finst mange måtar å klassifisere parfymer på, så min “disposisjon” er ikkje ein fasit, men den er eit nyttig hjelpemiddel for å skaffe seg oversikt over duftene du finn i eit parfymeri. Men ein kan også karakterisere dufter som kjølege, varme, friske, lyse eller mørke. Uansett vil karakteristikkar og beskrivelsar vere subjektive, og ikkje minst vil ei duft kunne reagere med din hudkjemi, og endre karakter i møte med huda di. Ei duft nokre oppfattar som søt kan andre oppfatte som grøn og frisk. Då eg byrja å utvikle ei interesse for parfyme utover det vanlege vart eg overraska over å oppdage at det var viktigare å kartlegge kva eg ikkje likte enn kva eg likte. Eg hadde nokre bomkjøp, og eg hadde også nokre dufter som eg prøvde på meg som var så voldsomme at det syntest som om amputasjon var det mest fornuftige for å bli kvitt dei, for vanleg …

Å velje ei duft I

Det er så lenge sidan eg har skrive noko om parfyme her i bloggen at det nesten er flaut. Men det betyr ikkje at eg har slutta å bruke parfyme, eller å glede meg over det. Tvert imot, eg nyt parfyme meir enn nokon gong, og eg har jo ein til å parfymere, nemleg kjæresten min, og det doblar gleda. Men det eg ikkje har skrive noko klokt om er korleis ein skal velje ut sin eigen parfyme. Eg har hatt rundar der du kunne få hjelp til å velje, men ikkje noko om dei triksa eg sjølv har brukt for å velje ut mine eigne dufter. Dette innlegget vert så langt at eg delar det i to, i dag tek eg for meg dei ulike notegruppene som det er aktuelt å velje blant, og i morgon seier eg noko meir om korleis ein faktisk bør gå fram for å velje. Mange syns det å velje parfymer er vanskeleg. Eg har snakka med mange som har skapet fullt av dufter dei ikkje brukar. Det syns …

Lett ostekake med hylleblomstsmak

Eg venta ein gjeng med fine damer på besøk i går, og då måtte eg bruke litt av den lyse, fine hylleblomstsafta eg hadde laga tidlegare i veka. Kaka er lett, nesten som ein fromasj, med mest kesam i seg. Slik gjorde eg det: Ostekake med hylleblomstsmak Botn: 200 g søte, grove kjeks, eg brukte sibas-kjeks 80 g smelta smør 2 ss brunt sukker Fyll: Tre beger vanlig kesam (du kan også bruke vaniljekesam, dropp i så fall vaniljesukkeret) 300 g kremost, type philadelphia 2 pakkar sitrongelé 5 dl vatn 2 ss melis 2 dl hylleblomstsaft Gelélok: 5 dl konsentrert hylleblomstsaft 6 plater gelatin Vatn til bløyting Kok opp 5 dl vatn. Trekk det til side, og rør i to pakkar sitrongelé. Rør i to-tre minutt til alt er oppløyst. La det kolne eit kvarters tid medan du lagar botnen og resten av ostemassen. Smelt smøret. Knus kjeksa i ei matmølle, ha i sukkeret og smøret. Bland det godt. Sett ei 26 cm springform utan botn på det kakefatet du vil servere kaka på. Eg …

Mitt heimelaga urtesalt

Kva skal ein bruke alle desse urtene til? Enkelte av dei kan vekse seg høge på kort tid, og allereie no treng nokre av mine å bli tukta ein smule. Dess meir ein brukar, dess meir avling får ein seinare i sesongen. Eg brukar å lage urtesalt av mine urter. Det går med mykje urter til ein slik prosess, så når eg kappar ned løpstikke og persille som blomstrar blir eg kvitt ein heil del. Her er det eg byrja med: Ein bunt ruccola, eit knippe grasløk, masse løpstikke, masse bladpersille, litt kruspersille og nokre salvieblad. Salvien skal blomstre, og då er den så vakker at eg får lage urtesalt av den seinare når den er avblomstra. Den er som hortensia, og blomstrar på fjorårsgrein. Husk på alt det spiselege ugraset vårt og. Både skvallerkål og brennesle kan gå i dette urtesaltet, skyll begge delar godt først, brennesle i vatn som nyleg har kokt opp. Men ikkje føl deg bunden av mi urteliste. Bruk det du har, og det som er klart akkurat no. Når det …

Stakkars store, sterke karer….

Operasjonssentralen ‏@oslopolitiops Arnljot Gelines vei, melding om brann, røyk fra tak, nødetatene er på vei Vi var invitert til middag i naboblokka, så då vi kom dit sto det ambulansar, brannbilar og til og med eit helikopter på plass. Då det heile var over nytta dei flotte karane høvet til å kvile ut og debriefe på parkeringsplassen utanfor der vi spiste middag. Gjengen med elles vaksne, fornuftige damer gjekk litt frå konsepta då vi ved å lene oss lett til høgre kunne bivåne desse staselege mannfolka. Vi er jammen lette å glede. Og det er noko spesielt med desse brannmennene.

Ein ny venn

Eg har tenkt litt på det med vennar i det siste. Eg får relativt ofte nye vennar. For meg er det lett å knytte meg til nye menneske. Ikkje ukritisk, og ikkje tilfeldig, men eg syns eg er heldig som stadig møter nye menneske som eg kjenner ein forbindelse med, og som eg trivest i lag med. Min nyaste venn heiter Aster. Då eg sto og prøvde å få overblikk over situasjonen tidleg om morgonen på laurdag i Volda smatt ho inn frå høgre og spurte: Can I help? Ho hadde på seg festspel-t-skjorte, så eg forsto at ho jobba for Dei nynorske festspela. Ja, sa eg, og viste henne korleis ho skulle kutte opp ein nektarin til nektarinsyltetøy. Fort og greitt hadde ho kutta opp to kilo nektarinar, og ho tørka og rydda og fiksa rundt meg som om ho aldri hadde gjort noko anna. Eg skulle vidare til Ørsta etter ein time, og eg spurte dei som administrerte det heile om eg kunne “låne” henne med meg, og eg spurte henne om ho …

Come to me

come to me I’ll take care of you protect you calm, calm down you’re exhausted come lie down you don’t have to explain I understand you know that I adore you you know that I love you so don’t make me say it it would burst the bubble break the charm jump off your building’s on fire i’ll catch you i’ll catch you destroy all that is keeping you down and then I’ll nurse you I’ll nurse you come to me i’ll take care of you you don’t have to explain I understand