All posts filed under: Pasta

Jegermat – kylling cacciatore

Eg fekk tak i ein heil kylling på benken her om dagen, og hagen er full av tomatar. Kva gjer ein då? Ser til Italia! Kylling cacciatore er ein kylling laga i jegerstil. Du kan sikkert bruke denne oppskrifta på sjølvskote vilt, men eg syns den er god med kylling, og vil gjerne sleppe å skyte den sjølv. Eg har gjort det litt komplisert i dag, eg delte opp kyllingen i porsjonsstykke, og beina ut både bryst og lår. Det gjorde eg for å behalde det gode skinnet, det sit utruleg mykje smak der. Kylling cacciatore kan lagast i ulike variantar, men eg likar å panere kyllingstykka. Dei får den deilige sprø skorpa oppå, og mjølet på undersida er med på å jamne sausen. Viss du syns det blir for mykje styr kan du lage dette med kyllinglår frå frysedisken og. Men bruk helst kyllingbitar med skinn, dei har mest smak. Eg brukte sjampinjong i sausen, men har du vore ein tur i skogen og funne sopp, passar både steinsopp og kantarell perfekt til denne …

Krema pasta med paprika

Måtte du leve i interessante tider, skal visstnok vere eit kinesisk ordtak. Vi lever i sanning i interessante tider akkurat no, og ting som var fornuftig for to veker sidan er gått ut på dato. For to veker sidan tenkte eg at vi kjem til å leve mest på tørrmat, alt det vi hadde hamstra. Det kan vi jo gjere, men er det smart? Eg har tenkt mykje på korleis eg brukar pengane mine for tida. Eg er blant dei heldige som kan ha heimekontor, som får mi faste lønn og som klarer meg godt. I det siste har eg bestilt blomar til folk eg syns fortener det, eg har sendt «kosepakkar» til barna mine og vennar som eg ikkje får møtt i påska, og eg har handla to kilo oransje paprika. Men kva i alle dagar, tenker du kanskje. Kva har coronatidene vi lever i med oransje paprika? Jau, her er greia: I vår lokale butikk hadde dei tydelegvis bomma, og teke inn for mykje oransje paprika. Den var dessutan litt dyrare enn dei …

Coronamat – tortellini al brodo

Kva er din coronamat? Det er jo litt tilfeldig, kva ein har i skap og skuffer. Eg fann plutseleg ein pakke tortellini. Tortellini kjenner dei fleste som fersk pasta, men den er også å få tak i i tørka versjon. Eg er jammen ikkje sikker på kvar min kom frå, det kan hende eg har plukka den opp på ei reise, kven veit. Torellini er noko som er lett å få tak i viss du ikkje har det frå før, og dei har som regel ganske god dato. Stort sett held dei seg på kjøl i vekesvis etter utløpsdato, er mi erfaring. Sjå nøye på dei og lukt om dei luktar lite og godt når du opnar pakken, viss du er i tvil. Så å ha nokre pakkar tortellini i kjøleskapet er sjeldan feil. Du får dei også i vegetarisk versjon, til dømes med tomat og ricotta, og då kan du droppe kyllingen og lage ein veggisvariant. Denne suppa kan også lagast med andre typar pasta, som t.d. gnocchi eller spiralpasta. Tortellini kan serverast på …

Gnocchi med røykt laks

Har du restar etter alle festdagane i mai? Av ein eller annan grunn handlar eg inn meir  enn vi treng. Plutseleg kjem det uventa gjestar, vi må ha litt ekstra, tenker eg. Det endar med at kjøleskapet bular. No har eg alt for mykje røykalaks. Det er jo så godt, men det er grenser for kor mykje ein familie kan spise. Nesten ei heil lakseside låg att då dei siste gjestane hadde dratt. Kva kan ein bruke den til? Eg klødde meg i hovudet, men konklusjonen låg rett framfor nasa mi: Den kan brukast i pastasaus! Ikkje minst er kaldrøykt laks veldig god til den klassiske italienske potetballen, eller gnocchi, som italienarane sjølve insisterer på å kalle den. Skilnaden frå den norske ballen er at den italienske er laga med berre kokte poteter, og med finmjøl i staden for byggmjøl. Sjølv om det er litt arbeid å lage gnocchi så er den så kjapp å koke at eg tilgjev alt. Nokre få minutt i gryta, så er den klar. Lag gnocchi med «gamlepoteter». Dei har …

Ut på tur, inn til god mat

Kva treng ein når ein har vore ute i ruskeveret? Noko å varme seg på, er mitt svar. I dag får du ei varmande, smaksrik suppe og ein dessert som smakar barndomsglede og kjærleik. Ingenting er vel betre enn det? Når ein skal ut på tur er det to alternativ: Enten kan ein lage noko som står i omnen lenge, og som endeleg er klart når du kjem inn, eller så kan du lage noko som går fort. Eg syns det som går fort er greiast, då treng du ikkje planlegge så veldig, anna enn å handle inn, då. Det beste eg veit når eg har vore ute på tur er ei god suppegryte, så i dag lagar eg ei romsleg gryte med italiensk minestronesuppe. Minestrone er ei suppe som kan varierast i alle retningar. Du kan ha i forskjellige sortar grønsaker, du kan ha pasta eller ris, og du kan også lage den vegetarisk. Hos oss blir denne suppa servert i bursdagar og andre samanstimlingar, og den er veldig takknemmeleg og billig festmat. Ikkje …

Pasta med mais og chevre

I late sommardagar er det godt med enkel, smakfull sommarmat der vi brukar grøda som har sesong akkurat no. Eg elskar å la meg inspirere i butikken. Eg vandrar rundt, først i grønsaksavdelinga, så går eg gjennom diskane med kjøt og fisk, og let fantasien vandre. Då kjem ofte dei beste idéane. Eg fann mais i grønsaksavdelinga her om dagen. Mais er blant dei tinga som er tilgjengeleg heile året, men den ferske, med dusk som viser at den er moden, og bladverket som passar på den, den er berre her ein kort periode. Då er det berre å kaste seg utpå, og vere kreativ. Å grille mais er ein klassikar, og kombinasjonen med søt mais og salt smør er uslåeleg. Men eg laga ein pastarett som løftar kombinasjonen mais og smør til nye høgder, der maisen vert kutta rett av stilken medan den er rå. Prøv det, du vil garantert ikkje angre. Maisen fekk selskap av squash, som også har tida si no. Den elskar også smør, og med løk og selleri i små …

I Italia!

Min kjære og eg har tilbrakt ei veke i Italia, nærare bestemt i Roma. Her har vi det strålande, og nyt livet. Denne kassa med steinsopp klarte vi ikkje å gå forbi, så då vart det pasta med steinsopp til middag. Pasta med steinsoppsaus 200 g pasta 300 g steinsopp 2 ss smør Litt sitronsaft Nokre skiver aubergine Olivenolje 2 dl kremfløte Salt og peppar Pecorino Skjer auberginen i tynne skiver, og grill dei fort i ei grillpanne med litt olivenolje. Legg dei til side. Rens soppen, og del den i små bitar. Smelt smøret i ei steikepanne, og steik soppen til den er lysebrun og lekker. Ha i meir smør viss det trengst. Ha på litt sitronsaft. Skjer aubergineskivene i strimlar, og ha dei oppi saman med soppen. Slå på fløten, og la det koke eitt par minutt. Smak til med salt og peppar. Kok pasta, og la den renne av. Ha den i ein bolle, og slå sausen over. Server med riven pecorino eller parmesan, og eit godt glas vin.

Sitronpasta med kylling

No når sommaren går mot slutten er eg ekstra påpasseleg med å ta vare på og nyte dei gode sommarsmakane. Den overfloda vi finn no av urter, frukt og bær kan både takast vare på i krukker og glas, og den kan nytast her og no. Eg lagar ein enkel pastarett i dag, som har friske sommarsmakar i seg med urter, kvitløk og sitron. Denne pastaretten smakar friskt og sommarleg. Ikkje vert redd for smørmengda, dette er mager mat med magert kjøt, så litt godt smør gir den rette smaken. Til steikinga brukar eg margarin. Eg vil steike kyllingen på høg varme slik at den får fin skorpe, og til slik steiking gir margarin det beste resultatet. Sitronpasta med kylling 800 g kyllingfilet 2 ss margarin 500 g pasta, eg brukte bandspagetti Safta av1 sitron 2 dl vatn 3 ss smør 3 fedd kvitløk Salt og peppar Masse fersk basilikum og persille Skjer kyllingfileten i strimlar. Steik den i margarin til den får fin og brun overflate, og er gjennomsteikt. Salte og pepre undervegs. Legg …

Gratinerte ravioli

Å lage mine eigne ravioli har eg gjort nokre få gongar, men det er både plundrete og med høg risiko for katastrofe. Når eg skal ha ein enkel middag med ravioli må eg innrømme at eg kjøper ferdige. Men korleis lagar ein det til slik at det vert verkeleg godt? Denne varianten hadde vi på fredag, og den syns iallfall både eg og han eg bur i lag med var veldig god. Så då vart den kanskje ikkje så verst? Eg brukte ravioli med bacon og kylling i, du kan også bruke ravioli med andre typar fyll. Brukar du eit vegetarisk fyll i ravioliane vert denne oppskrifta ei no-meat-monday-oppskrift. 🙂 Slik gjorde eg det: Gratinerte ravioli Ein pakke ravioli Ein løk Tre store soppar, eg brukte sjampinjong Smør til steiking 3 ss smør 3 ss mjøl 1/2 l mjølk Muskatnøtt, salt og peppar 3 dl riven ost, gjerne ein smaksrik type Lag kvitsausen først, men set gjerne pastavatnet på kok før du går i gang. Smelt smør i ei gryte med tjukk botn. Rør i …

Pasta med asparges, laks og reker

Eg vart inspirert av ei venninne til å lage denne pastaretten. Ho snakka om pasta med laks, reker og asparges, og eg lagde min eigen vri på denne vårlege kombinasjonen. Eg er ofte på leiting etter ting barna vil sette pris på som inneheld varierte grønsaker og fisk. Den eine pilla ut vårløken og den andre pilla ut rekene, men i gjennomsnitt vart det ganske bra. Denne porsjonen vart nok til fire svoltne. Slik gjorde eg det: Pasta med asparges, laks og reker 500 g pasta 400 g reker med skal 200 g fersk laks 400 g asparges Tre vårløk 3 dl kremfløte Smør til steiking 2 dl kvitvin eller eplejuice 1 ss grønsaksfond salt og peppar Rens rekene. Hakk vårløken i ringar. Kok pastaen (eg brukte gnocchi, dei mellomstore skjella) i godt salta vatn så lenge som det står på pakken. Skjer laksen i tynne bitar, legg den på ein tallerken og salt den litt. Knekk den nederste enden av aspargesane og del kvar stilk i tre. Smelt smør i ei steikepanne på ganske høg varme …

Pasta med raud pesto, squash og spinat

Guten min bestilte pasta til middag, og så vart eg inspirert av ein vegetarblogg eg var innom, som oppmuntra til no-meat-Monday. Det var jo ein fin tanke! Denne pastaretten vart iallfall spist opp, og det er alltid eit godt teikn. Slik gjorde eg det: Pasta med raud pesto, squash og spinat 500 g pasta, til dømes gnocchi eller fussili 3 ss raud pesto Ein squash 100 g fetaost 100 g vaska og tørka spinat Olivenolje til steiking Salt og peppar Sett pastavatnet på kok med godt med salt i. Del squashen på langs, fjerne frøa i midten med ein epleutstikkar og del den i passe store bitar. Kutt spinaten i strimlar. Steik squashen i godt med olivenolje slik at den vert gyllen. La den renne av på eit handklepapir på ein tallerken. Kok pastaen, og når den er ferdig heller du av alt kokevatnet unntatt litt (ca. 1 dl) som du tek vare på. Rør pestoen ut i dette kokevatnet. Vend den utspedde pestoen inn i pastaen, og så dei strimla spinatblada. Legg lokket på …

Pasta alla Fabricio

Vi har fått ein ny venn. Han heiter Fabricio, og er den einaste i kjøttdisken i vår vesle lokale supermarknad som kan nokre få ord engelsk. Eg blir stadig like overraska og glad over kor lite som skal til for at ein skal klare å ha ein meiningsfull dialog med italienarar. I dag dro vi inn til Colosseum, og vart overraska av eit heidundrande regnver. Menn som selde paraplyar gjorde gode pengar, og vi prøvde så godt vi kunne å la dei medbrakte tynne sykkeljakkene våre halde regnet ute. Det var fåfengt. Colosseum er fint, men kaotisk lagt opp, trass i at det er ein pengemaskin. Informasjonen er ustrukturert og dårleg. Vi leigde audioguidar, men vi fann aldri heilt ut når vi skulle trykke på kva knappar og kva som var nord, sør, aust og vest. Etter at vi hadde betalt for audioguidane fekk vi vite at vi måtte leige nye for Forum Romanum og Palatinerhøgda, trass i at all informasjonen låg inne i dei vi opprinneleg leigde. Slikt provoserer ein sunnmøring, og spesielt to. …

Superenkel kylling

Av og til er det enklaste det beste. Kjære kom heim frå ferie, og over plenen med fersk pasta og kyllingfilet under armen. Eg hadde pesto og litt kvitvin. Ja, og så timian. Det var alt som skulle til. Slik gjorde vi det: Kylling med pasta og pesto To-tre kyllingfiletar 250 g fersk pasta 3 ss pesto 3 ss kvitvin Matolje til steiking Timian Sukker, salt og peppar Varm opp matolje i ei steikepanne. Legg i kyllingfiletane, og la dei bli pent brune på eine sida. Snu dei, og ha på salt, peppar og timian. La dei bli pent brune på andre sida og. Slå på litt kvitvin, og la det stå og trekke nokre minutt, til filetane er ferdige. Det kjenner du ved å trykke på dei, dei skal vere passe faste. Er dei for blaute i fisken er dei framleis rå. Kok pastaen i godt salta vatn. Ha den i ein bolle, og slå på litt olivenolje. Rør rundt. Ha i pesto og skya frå kyllingen. Rør rundt, og fordel på to varme …

Pasta med pestomarinert kylling og squash

Mange har for mykje squash for tida, og den er ikkje så lett å oppbevare eller konservere. Difor er oppskrifter med  squash populært blant hagefolket. Eg lagde ein god og enkel pastarett med squash i går, der eg brukte kylling, pesto og litt vårløk. Eg marinerte kyllingfileten i pesto medan eg gjorde klar dei andre grønsakene, og så fekk den ein rask tur i steikepanna for å bli gjennomsteikt. Dette er eit godt døme på at ein kjøtporsjon som kan vere snau dersom ein lagar kjøtet til på tradisjonell måte, vert akkurat passe når ein lagar det til på ein annan måte, med anna tilbehør. Normalt ville eg berekna tre kyllingfiletar til to vaksne, med mindre eg hadde eit veldig mettande tilbehør. Men her er det meir enn nok med to filetar til to personar. Eg brukte fersk pasta, men det blir like godt med tørr pasta. Sausen er basert på vin og kremost. Kremosten kan byttast ut med kokefast rømme, som sæterrømme eller creme fraiche, eller med fløte. Vinen kan byttast ut med litt …

Pasta carbonara

Pasta Carbonara er ein enkel rett, men det krev litt handlag å kontrollere temperaturen i panna når du lagar det. Trikset er at egga er med på å tjukne sausen, men vert det for varmt vert sausen klumpete på grunn av at egget koagulerer, og det er ikkje så stilig. På grunn av dette bør gjestane vente på middagen, og ikkje omvendt. Denne retten er ikkje noko særleg å varme opp att som restemiddag, men nylaga er det noko med det beste eg får. Pasta carbonara er fin å lage viss du har lagd noko som krev eggekviter, då har du eggeplommer til overs, og det passar strålande til pasta carbonara. Vi lagar det alltid når eg bakar plettar til jul, då står eg der plutseleg med seks eggeplommer for mykje. Kolesterolbombe, ville vel ein lege kalle den middagen. Første gongen ei av kusinene mine fekk dette til middag sukka ho og sa: Eg visste ikkje at det fantest så god mat! Mange hevdar at det ikkje er pasta carbonara når det er fløte i …

Singelmiddag

Her er ein singelmiddag eg lagde i helga, og den vart så god at eg må berre dele den med dokke. Eg tok ein pakke tortellini, og delte den i to. Så lagde eg ein deilig, krema saus av det eg hadde i kjøleskapet, litt kvitvin som vart kokt inn, smelta ost og litt rømmedressing. Det er dei raraste ting som kan bli ein god saus. Toppingen er bacon og dampa sukkererter. Slik gjorde eg det: Tortellini med bacon og ostesaus 1/2 pakke tortellini 1 dl kvitvin 1 dl buljong 50 g brie 50 g kremost med krydder 50 g riven kvitost 2 ss rømmedressing 100 g bacon 10 sukkererter Damp sukkerertene i salta vatn i tre minutt. Hell av vatnet, avkjøl dei fort i kaldt vatn og set til side. Kok tortellinien slik det står anvist på pakken. Steik baconet i tørr panne til det er sprøtt. Ha vin og buljong i ei gryte. La det koke inn litt. Ha i osten og rør godt medan den smeltar. Ha i rømmen og rør godt. …

Ein ny gnocchi-vri

Som eg har fortalt tidlegare lagde eg ein gigaporsjon med gnocchi på laurdag. Hovuddelen gratinerte eg i den ikkje pene med gode tomatsausforma, men ein del vart liggande att i ein boks i kjøleskapet. Restane lagde eg til middag i dag. Eg var ikkje motivert for ein tur i butikken, så det vart ein “ta det ein har”-middag. I kjøleskapet fann eg bacon, creme fraiche, paprika og løk, og dette vart det ein slags saus av. Slik gjorde eg det: Gnocchi med baconsaus 200 g gnocchi 100 g bacon 1/2 paprika 1 løk 3 ss creme fraiche 2 dl vatn eller 1 dl vatn og 1 dl vin viss du har 2 ss olje til steiking 1/2 ss flytande oksebuljong Steik baconet på middels varme til det er brunt. Ta det ut av panna, og legg i gnocchien. La den bli brun og fin. Fordel den på to tallerknar. Rens og finhakk løk og paprika. Fres det i olje til det er blankt og fint. Slå på vin og/eller vatn, og la det koke inn …

Ikkje pent

Eg har klaga før på mat som smakar fantastisk, men som ser ut som eit ope sår når eg skal ta bilde av det. I helga lagde eg ein slik rett igjen. For lenge sidan lagde eg italienske gnocchi. Eg gjorde det på nytt no i helga, og så gratinerte eg dei med bolognese-saus og ost på toppen. Det var kjempesuksess både for store og små. Når du først lagar gnocchi så lag ein stor porsjon, og frys i porsjonar. Med frosne gnocchi og ein enkel saus blir dette ein kjapp kvardagsmiddag. Ikkje pen, men veldig god. Som så mykje her i livet. 😉