Av og til er det enklaste det beste.
Kjære kom heim frå ferie, og over plenen med fersk pasta og kyllingfilet under armen. Eg hadde pesto og litt kvitvin. Ja, og så timian. Det var alt som skulle til. Slik gjorde vi det:
To-tre kyllingfiletar
250 g fersk pasta
3 ss pesto
3 ss kvitvin
Matolje til steiking
Timian
Sukker, salt og peppar
Varm opp matolje i ei steikepanne. Legg i kyllingfiletane, og la dei bli pent brune på eine sida. Snu dei, og ha på salt, peppar og timian. La dei bli pent brune på andre sida og.
Slå på litt kvitvin, og la det stå og trekke nokre minutt, til filetane er ferdige. Det kjenner du ved å trykke på dei, dei skal vere passe faste. Er dei for blaute i fisken er dei framleis rå.
Kok pastaen i godt salta vatn. Ha den i ein bolle, og slå på litt olivenolje. Rør rundt. Ha i pesto og skya frå kyllingen. Rør rundt, og fordel på to varme tallerknar. Skjer kyllingen i skrå skiver, og legg over. Server med godt brød og eit raust glas god vin til kvar.