Month: april 2014

Urtebakt kylling med bakte poteter og sopp

Kylling med bakte poteter og sopp Denne retten vert aller best viss du får tak i kyllingbryst med skinn. Då held fileten betre på smak og saft, og det legg seg masse smak i sjølve skinnet. Eg serverer kyllingfileten med ovnsbakte nypoteter, og dei treng litt meir tid i ovnen enn kyllingfiletane. Det løyser eg ved å bruke ei stor form, eventuelt ei langpanne, og så let eg potetene godgjere seg ei stund først, før kyllingane blir med. Dekk langpanna med bakepapir, så blir det minimalt med oppvask. 800 g poteter 250 g sjampinjongar, så små som du finn 1 dl olivenolje 1 ts salt ½ ts peppar Nokre timiankvistar Set ovnen på 200 grader. Bland olje, salt og peppar i ein vid bolle. Skyll og tørk potetene, og ha dei i bollen. Rens soppen, og ha den og i oljen. Vend dei godt rundt, slik at soppen og potetene vert heilt dekt av olje og krydder. Hell det heile over i den bakepapirkledde langpanna, og dytt dei til ei side i forma slik at …

Det grønast ute

I urtebedet mitt sprutar det opp persille, salvie og timian, eit klassisk teikn på at vi har hatt ein mild vinter. Hagen min er skuggevend, og dermed hender det at dei finslege urtene takkar for seg om vinteren vert for kald. Men i år har det vore leveleg, og alt kjem opp som bestilt. Når ein skal dyrke urter er det ingen grunn til å gjere ting komplisert. Eg kjøper potter med urter enten på mitt lokale gartneri, eller ganske enkelt i matbutikken, viss eg finn eit frodig og fint eksemplar.  Så er det berre å vatne viss det vert tørt, og gjødsle nokre gongar i løpet av sesongen,  og dermed kan eg gå ut med saksa og klippe inn smaksrikdom gjennom heile hagesesongen. Og den er lang. Eg har eit bilde av mi venninne Hilde, som hentar inn timian til andebrysta på nyttårsaftan med hovudlykt og krafse for å få bort snøen. I dag lagde eg nokre saftige kyllingbryst som eg vende i ein deilig urteolje. Den same urteoljen brukte eg også som garnityr …

Ein saftig sandwich

Why does an Englishman never starve in the desert? Because of the sand which is there. Dette var favorittvitsen til engelsklæraren min på ungdomsskulen, og eg må vel berre innrømme at både ho og oppskrifta de skal få i dag er saftigare enn den vitsen. Av og til må ein rydde i frysaren, og ofte er det inspirasjon til ei matspalte. Ved siste frysaravising fann eg nemleg ein boks med finhakka kalkunkjøt. Så framsynt kan ein vere rundt juletider, at ein tek vare på det som sit att på kalkunskroget når gjestane har fått sitt. Ein slik boks er jo ei gullgruve, det er utruleg kva ein kan få ut av ein boks fuglekjøt når idéane slår inn i hovudet på ein. Eg brukte kalkun, men du kan like gjerne bruke restar av ein kylling. Same kor flink ein er så vert slike skrog aldri reinspiste. Det er alltid masse kjøt att på beina, og reinplukkar du det så sit du att med nok kjøt til ein slik deilig salat. Det var kjæresten min som …

Marokkansk geitefilet

Eg er fast kunde hos Anni’s pølsemakeri, dei har utruleg gode pølser med ulike smakar og teksturar. Så nokre gode pølser derfrå med ein coleslaw og heimelaga potetmos er hurtigmiddagen heime hos oss. Sist eg var der fekk eg med meg ein geitefilet heim, det var ei heilt ny råvare for meg. Vi har spist både svinefilet, lammefilet og reinsdyrfilet, men geit er sjelden vare. Slike freistingar klarer eg ikkje stå mot, så eg byrja med ein gong å drodle idéar om korleis eg skulle lage den til. Geitekjøt er faktisk ganske vanleg i Afrika, så eg tenkte at ein marokkansk variant måtte vere bra. Kjøtet er mildt, men ikkje for nøytralt. Det er ikkje så markant i smaken som sauekjøt. Eg hadde eit glas mosa chili i kjøleskapet, og lagde ein harissakrydra filet med couscous. Vel, det var planen, inntil eg oppdaga at vi ikkje hadde couscous i huset. Tabbe! Tørrvarer brukar eg å vere god på. Vi hadde ikkje bulgur eller quinoa ein gong, så no må det handlast tørrvarer, note to self. Men …