Opp og hoppe, dagen ligg solstrålande og fin framfor oss, og eg skal på hagemesse på lillestrøm og heie på desse damene, og ta med meg nokre fine hageskattar heim. Men først skal eg ha frukost, ein ekte søndagsfrukost. I dag har eg lyst på ein omelett, og ikkje av dei tjukke, brunsteikte, men ein som berre så vidt har spasert forbi komfyren. Eg likar ikkje omelettar som har tjukk brun skorpe under, og då må ein lage den med lett hand. Det er viktig å ha litt feitt i panna, og å bruke jamn, låg varme. For meg kan omeletten gjerne vere ganske naturell, eg likar den med berre litt riven ost på. Du kan også ha på bacon, då ville eg ha steikt baconet først, teke det ut og steikt omeletten i baconfeittet før eg har kjøtet på omeletten til slutt. Krydderurter av ulikt slag er også godt i ein omelett, tilfeldigheitene ville at eg ikkje hadde det i dag. Til omelett brukar eg helst friske urter, tørka passar ikkje så bra, syns …
Like this:
Like Loading...