Month: mai 2014

Det spirer på kjøkkenbenken

Har du smakt friske spirer i maten? Det er så fantastisk godt! Sprøtt, grønt og litt bittert smakar det, og det passar perfekt i salat, i wok, i ei suppe eller på eit smørbrød. Du kan få kjøpt spirar i velassorterte butikkar, men det er eit begrensa utval. Bønnespirar kan du også finne hermetisert, men det kan ikkje samanliknast med heimespira friske bønneskot. Å dyrke fram eigne spirar er eigentleg det same som ein gjer når ein sår frø, bortsett frå at då skjer det i jord. Eg brukar å spire i eit norgesglas, men du kan bruke kva som helst slags beholdar så lenge den ikkje er heilt tett. Frøa eller bønnene du skal spire må nemleg ha det lett fuktig og med tilgang på frisk luft for å bli bra. Pass på å jobbe reinsleg når du spirer frø. Frøspiring foregår ved temperaturar som kan legge til rette for bakterievekst viss du ikkje er forsiktig. Vask utstyret med kokheitt såpevatn og skyll alt med reint, kokande vatn før du går i gang. Vask …

Snurrar på tur

Helgematen er ikkje berre langsteikte lammelår med innfløkte tilbehør og feite sausar. Det kan også vere den enkle maten som blir med i sekken, og gjer turpausane litt hyggelegare. I dag lagar vi to sortar snurrar, dei er lette å pakke med seg, du kan lage dei med kaldheva deig som er sett kvelden i førvegen, så går det raskare om morgonen, og du får fersk bakst med ut på tur. Eg har laga to ulike variantar, ein med smør og ost, og ein med raud pesto med litt ekstra krydring. Ostesnurrane treng å få ordentleg med ost i seg, og gjerne av den smaksrike typen. Eg brukte manchego og morbiére, men du kan også bruke parmesan eller vellagra jarlsberg eller norvegia. Det går fint å blande ostetypar, og dette er ein fin måte å få brukt opp osterestar som ligg der triste og forlatt i plasten sin i kjøleskapet. Slik gjer du det: Tursnurrar (18 stk) 5 dl fingervarmt vatn (kaldt vatn om du vil kaldheve deigen) 4 ss olivenolje 1 ts tørrgjær 1 …