Helgematen er ikkje berre langsteikte lammelår med innfløkte tilbehør og feite sausar. Det kan også vere den enkle maten som blir med i sekken, og gjer turpausane litt hyggelegare.
I dag lagar vi to sortar snurrar, dei er lette å pakke med seg, du kan lage dei med kaldheva deig som er sett kvelden i førvegen, så går det raskare om morgonen, og du får fersk bakst med ut på tur.
Eg har laga to ulike variantar, ein med smør og ost, og ein med raud pesto med litt ekstra krydring. Ostesnurrane treng å få ordentleg med ost i seg, og gjerne av den smaksrike typen. Eg brukte manchego og morbiére, men du kan også bruke parmesan eller vellagra jarlsberg eller norvegia. Det går fint å blande ostetypar, og dette er ein fin måte å få brukt opp osterestar som ligg der triste og forlatt i plasten sin i kjøleskapet. Slik gjer du det:
5 dl fingervarmt vatn (kaldt vatn om du vil kaldheve deigen)
4 ss olivenolje
1 ts tørrgjær
1 ts salt
Mjøl til passe deig
1 ts tørka basilikum
2 fedd kvitløk
1 ss tomatpuré
Ein hakka chili
150 g raud pesto
10 cm purre
200 g riven ost
Ha vatnet, oljen og salt i bakebollen. Elt inn mjøl med tørrgjæra innblanda til deigen er passe laus og passe fast. Hald tilbake litt mjøl, det varierer kor mykje som trengst. La deigen heve i 40 minutt eller over natta i kjøleskapet. Elt deigen saman att, del den i to, og kjevl kvar av delane ut til eit stort rektangel.
Ha pestoen i ein bolle. Press i kvitløken, og ha i basilikum, hakka chili og tomatpuré. Rør det heile godt saman.
Pensle den bortre langsida av leiven med litt lettpiska egg. Smør pestoblandinga ut over leiven. Rull leiven forsiktig saman til ei lang pølse. Skjer den i 2 cm tjukke skiver og legg dei rett på bakepapir. Pensle dei med litt piska egg slik at dei vert gylne og pene, og dryss på litt riven ost.
Set steikeomnen på 210 grader.
La snurrane etterheve i 40-45 minutt. Steik snurrane i 15 minutt på 210 grader.
Du kan kaldheve snurrane viss det gjer livet ditt enklare, då lagar du deigen med kald væske, og let den heve kjøleg over natta. Så kan du gå rett på utrulling, etterheving og steiking etter frukost.
Snurrar med ostefyll
Ein porsjon deig
2 ss mjukt smør
200 g riven ost, gjerne av ulike typar
Litt grovmalt peppar
Kjevle deigen ut til eit rektangel. Pensle den bortre langsida av leiven med samanvispa egg. Smør deigen med eit tynt lag ordentleg smør eller bremykt. Dryss osten utover. Brukar du mjuke ostetypar, så skjer dei i tynne skiver, og legg på langs av deigen. Dryss på grovmalt peppar til slutt.
Rull leiven saman, og skjer rullen i to cm tjukke skiver. Legg dei på bakepapir på steikebrettet, og la dei etterheve i 40-45 minutt. Steik dei i 15-20 minutt på 210 grader.
Eg prøvde å lage desse snurrane med ferdig pizzadeig på rull, men det fungerte dårleg. Den hevar svært lite, og snurrane blir pittesmå. Ikkje noko gøy. Så lag deg ein vanleg gjærdeig, det blir mykje betre.