All posts filed under: Kunst

Im wunderschönen monat Mai

Dietrich Fischer-Dieskau vart fødd 28. mai 1925, i går gjekk han bort, gamal og mett av dagar. Han hadde ei fantastisk karriere som sangar og pedagog. Spesielt dei tyske lieder var hans spesialområde, og her får du ein av dei finaste: Im wunderschönen monat Mai. Opptaket er frå debutsolokonserten hans i Salzburg under festspela i august 1956. Kvil i fred, gullstrupe.

Hva er ømhet?

Hva er ømhet? Begjæret vi setter fri eller styrken vi holder vår lidenskap fast i, ikke å tråkke en annens grenser ned. Jeg vet ikke hva ømhet er… Hver enkelts viten om savn, eller summen av to menneskers ensomhet Å kjenne seg igjen i en annens smerte er det ømhet. Å se en annen, ja, finne den riktige avstanden å se en annen i. La en annen få drømme sine egne horisonter Kanskje ømhet er noe veldig enkelt, som å se et vindu lyse i mørket og vite, der bor du… Noen ganger kjenner jeg pusten av noe stort og levende i språket. De som var her før, som levde her, elsket her har etterlatt språket som et savn. Og nå bruker vi ordene deres til å bytte bilder av oss selv med en annen Med kropper som ikke er skapt til å huse lengsler så store som våre, setter vi vårt ene sekund av evigheten opp mot døden, og vet. Kjærlighet er ikke språk. Kjærlighet river ordene ut av oss og ber oss være, …

Gratiskonsert i operaen!

Ei av favorittdamene mine overraska meg i går med ei tekstmelding med invitasjon til å bli med på konsert i Operaen. Operaen har dei to siste åra hatt gratis påskekonsertar, der musikarane i orkesteret og i ensemblet forøvrig bidreg med konsertar for folk som stikk innom. For å halde orden på sysakene delar dei ut gratisbillettar same dag kl. 11, og konserten er  kl. 14. I dag er det altså ein flott konsert  på hovudscenen kl. 14. Programmet er med kun musikk av Mozart, og viss du er i byen er dette noko du definitivt bør prøve å få med deg. Så stikk innom Operaen og be om ein gratis billett, og kos deg med vakker musikk i verdsklasse. Desse bilda er frå konserten i dag, som var på balkongterrassen. Jonas Båtstrand, fiolin og Bendik Båtstrand, klavér: Dimitris Kostopoulos, klavér, og Christian Mortensen, kontrabass:

The quite quiet project

Lisa Dillan er ein sangar eg har høyrt på mykje oppigjennom. Ho er utdanna jazzsangar, er opprinneleg frå Bodø, og har jobba mykje med improvisasjon og samtidsmusikk i ulike konstellasjonar. Sidan 2009 har ho saman med Asbjørn Lerheim utforska Elvis Presley sitt univers gjennom the quite quiet project. Det har no materialisert seg i ei plate der dei har fått med seg nokre av musikarane som spelte i bandet til Elvis Presley, David Briggs på flygel, Reggie Young  på elektrisk gitar, Norbert Putnam på bass and Paul Leim på trommer. Eit skikkeleg stjernelag, altså. Men den største stjerna er Lisa sjølv. Ho syng Elvis sine sangar så tårene renn, med hjarta utanpå kroppen, og ho får ein forelska tulling som meg til å be til guden eg ikkje trur på om at eg må sleppe å oppleve dramaet i desse tekstane. Plata heiter Love me tender – the quite quiet way. Løp og kjøp! (Og ta med kleenex.) Du kan til og med høyre dei live denne helga, laurdag spelar dei i Jakob kyrkje og søndag …

Snart er det over!

Snart er vinteren over. Eg kan ikkje seie eg gruar meg til det. Utanfor jobben min såg eg iris som hadde skote opp blad i dag, det gjorde meg lukkeleg! Men inntil vi kan sparke av oss ullsokkane og vinterskoa kan du jo kose deg med denne fine sangen og filmen. Klassisk britisk julebarne-tv. Peter Auty syng, han vart ikkje kreditert som sangar før filmen vart utgjeven i remastra utgåve tjue år etter utgjevinga. Aled Jones (og mange andre) syng på ein cover-versjon av Walking in the air som er meir kjend. Howard Blake har skrive musikken.

Ein nyttårskrans

Vel, den vart nok eigentleg laga til jul. Men eg syns den var så fin, og så tok eg bilde av den på nyttårsaftan, så då kallar eg den ein nyttårskrans. Ovedia med sin kjære inviterte oss på nyttårsmiddag på nyttårsaftan, og det er ho som har laga kransen. Den er laga av blåbærlyng, og Ovedia har festa glitrande ting på den. Ei beltespenne, ein ring og andre ting som lyser opp. Fint, ikkje sant?

Sentrum Scene: Ane Brun

Kjæresten min tok meg med på konsert med Ane Brun på Sentrum scene i går kveld. eg har høyrt platene hennar, og høyrt henne synge saman med andre, men aldri sett henne live. Den siste plata hennar har fått strålande kritikkar, men på konserten spelte ho ikkje berre sangar frå den. Ho supplerte også med “gamle klassikere”, som ho kalte sine eigne gamle sangar. Personen Ane Brun sto i sentrum på denne konserten, og det vart framheva med lyssetting og scenedesign. Dekoren på scena var enkel, men veldig effektfull. Ein bakvegg sydd av sekkestrie skifta farge frå song til song, av og til såg den ut som om den var av silke, av og til var den ru som ein brannmur. Lyskastarane som var vende ut mot publikum ga det heile eit industrielt preg, sjølv om det likevel var eit varmt lys over scena. Ane Brun er veldig sikker, både som utøvar og opphavskvinne. Ho har eit variert repertoar, og det musikalske uttrykket vart aldri kjedeleg. Ho har ei god scenisk framtoning, og bevegar seg naturleg …

Heavy metal beads

Ei nettvenninne av meg har laga dette flotte kunstverket: For alle som har vore i nærleiken av perlebrett og hama-perler så er det innlysande for ein kjempejobb dette er. Bildet er 1,4 x 1 meter, og er av bandet Motorpsycho. Utfordringa er at ei mamma med for mykje fritid har meldt på eit fingermalingsbilde som toåringen hennar har laga i den same konkurransen. Så går dama på facebook, og går på slike “Give votes, get votes”-sider, og får folk frå heile verda til å stemme på fingermalingsbildet. Det gjer at dei to knivar om sigeren, utruleg nok. Det syns eg er uryddig. Kamilla har laga eit flott bilde som det ligg masse arbeid i, og ho fortener å vinne, syns eg. Viss du er einig med meg, og har facebook, kan du gå inn her, og gi di stemme til Heavy Metal Beads. (Trykk liker, altså.) Syns du andre ting er finare kan du gje stemme til det og. Godt valg!

Har eg fortalt

at kjæresten min ofte tek meg med på veldig fine konsertar? Denne vekar har det vore unntakstilstand i livet mitt, med retur til Norge, matlaging, lanseringsfest og opprydding, så for å samle meg saman igjen tok han meg med til Sentrum Scene i går, på Oslo Jazzfestival sin konsert med Susanne Sundfør. Ho hadde med seg eit synth-stjernelag, som besto av Ådne Meisfjord (120 Days), Øystein Moen (Jaga Jazzist/Puma), Morten Qvenild (Susanna & The Magical Orchestra/The National Bank) og Christian Wallumrød (Christian Wallumrød Ensemble/Close Erase). Bestillingsverket ”A Night at Salle Pleyel” er komponert for fem Blofeld-synthesizarar, og inspirasjonen til tittelen kom etter ein konsert i den parisiske konsertsalen Salle Pleyel der Sundfør høyrde musikk av Rakhmaninov og Stravinskij. At verket er klassisk inspirert var tydeleg, med ei klar satsinndeling, sterk struktur og nærast bach-liknande fraseringar. Det var lekkert komponert og framført, og ikkje minst var samspelet mellom scenedesign, lysdesign og musikk fascinerande. Til og med ein pikardisk ters fekk ho med på slutten av tredje sats. Enkelte i salen var skuffa over at ho ikkje song, men …

Aus der Reihe

sto det på slutten (eller var det på byrjinga?) av Derrick-episodane. Denne bloggposten er i rekka av bloggpostar som anbefalar fantastiske konsertar som talentfulle og suksessrike damer skal halde på små, fine konsertstader i Oslo og omegn. Eg har tidlegare skrive om Emma Kirkby sin fantastiske konsert i Oslo. Denne gongen er det jazzlegenda DeeDee Bridgewater som kjem til byen! Og best av alt: ho skal spele på den intime jazzscena Victoria, midt på Karl Johan. Eg har vore og henta ut billettar i dag, og der er billettar att, så kast deg utpå. Ho spelar søndag 25. september, og eg er brennsikker på at det vert ei stor oppleving. Eg gler meg!

Dame Emma

Vi var på konsert med Emma Kirkby i går på Caféteatret, og det var ei fantastisk oppleving. Barokkanerne spelar på tidleginstrument, og har ein presisjon og eit foredrag som imponerer. Lutenisten Elizabeth Kenny leier dei gjennom dei første verka i konserten med bravour. Eg har aldri sett nokon dirigere med nasetippen på den måten før, og det fungerte. Dame Emma Kirkby debuterte i 1974, og er heilt uskolert som sangar. Ho byrja i kor, og prøvesong for mange lærarar og skular, som meinte ho hadde for veik stemme til å kunne bli til noko. Ho var med å starte the Taverner Choir, og du ser på måten ho opptrer på scena på at ho først og fremst er ein medmusikant. Ho lyttar aktivt til det dei andre gjer når ho har “partiturfri”, og er verkeleg ein levande del av ensemblet. På repertoaret hennar står hovudsakleg renessanse- og barokkmusikk, og det var også tilfelle i går. Hovudbolken var musikk av John Dowland, ein komponist som ho nærast har spesialisert seg på. I tillegg framførte dei eit …

Eg kan nesten ikkje tru det

Emma Kirkby syng i Oslo på tirsdag! Barokkanerne har konsert på Caféteatret, og har med Dame Kirkby som solist. Dette er eit sjeldant høve, så vidt eg veit var ho i Noreg sist i 2005 under kyrkjemusikkfestivalen. Skund deg, billettane vert sikkert fort utselde. http://www.billettluka.no/cafeteatret Turnéen denne gongen ser slik ut: • Søndag 1/5 kl. 1900: Arena scene i Moss • Mandag 2/5 kl. 1930: Hedmarksmuseets aula, Musikkens venner Hamar og omegn • Tirsdag 3/5 kl. 1930: Cafebarokk, Cafeteatret i Oslo • Onsdag 4/5 kl. 2000: Resonans, Gjøvik Emma Kirkby har ein vakker, slank renessanse-/barokksopran, størst inntrykk på meg gjorde ho i ei innspeling av Pergolesis Stabat Mater som eg har skrive om tidlegare her i bloggen. Ho burde vere mykje meir kjent enn ho er, så uttrykksfullt, vakkert og presist som ho syng. Her får du høyre ei innspeling av An evening hymn av Henry Purcell. Now that the sun hath made his flight and bids the world goodnight to the soft bed my body I dispose, but where shall my soul repose ? Dear God, even in …

Romantisk laurdag

Har eg fortalt deg om forrige laurdag? Det skjedde sikkert mykje i byen då, men det min kjære og eg var med på var opninga av gangbrua over spora på Oslo S, brua som går frå Grønland, Annette Thommessens plass og over til Bjørvika. Brua har teknisk sett fått det prosaiske namnet Stasjonsinngang Øst, fordi det med tida vil kome trapper ned til stasjonsspora frå den. Denne gangbrua vart altså opna med ordførar og pomp og prakt, og det var mange arrangement i området for å markere dette evenementet. I tillegg var det bestilt eit performancekunstverk av kunstnarduoen Stian Ådlandsvik & Lutz-Rainer Müller. Dei lagde verket Bakomland, som skulle vere med på å prege opninga. Verket skulle vere eit kjærleikserklæring til menneska, prosjektet og byen, og besto i at ca. 50 kjærestepar skulle stå på brua og kysse og kose medan folk som kom for å gå over brua passerte. Vi vart oppringt av eit castingbyrå, fordi dei sleit med å finne folk over førti som ville kysse. Vi ville altså, så difor tilbrakte vi laurdagen frå …

Picasso og Tage Andersen

Noko gamalt og noko nytt. Denne gongen er Tage Andersen det gamle, den plassen eg alltid besøker når eg er i København. Denne gongen hadde eg med meg glade kollegaer, som også sette pris på det han har å by på. Fasanen var i godt lune som vanleg, sjølv om vi kom midt i matpausa hans: Julerosene er nydelege, men syng på siste verset: Picassoutstillinga på Louisiana var det nye på denne turen, og eg var paparazzi-fotograf som vanleg. Eg byrjar å få teken på å ta bilde når vaktene ser ei anna lei. Hockney har oppdaga fenomenet iPad, og har laga eit heilt rom fullt av bilde på slike. Kult!