Snart er vinteren over. Eg kan ikkje seie eg gruar meg til det. Utanfor jobben min såg eg iris som hadde skote opp blad i dag, det gjorde meg lukkeleg!
Men inntil vi kan sparke av oss ullsokkane og vinterskoa kan du jo kose deg med denne fine sangen og filmen. Klassisk britisk julebarne-tv. Peter Auty syng, han vart ikkje kreditert som sangar før filmen vart utgjeven i remastra utgåve tjue år etter utgjevinga. Aled Jones (og mange andre) syng på ein cover-versjon av Walking in the air som er meir kjend. Howard Blake har skrive musikken.