Kunst, Livet, Musikk
Comments 7

The quite quiet project


Lisa Dillan er ein sangar eg har høyrt på mykje oppigjennom. Ho er utdanna jazzsangar, er opprinneleg frå Bodø, og har jobba mykje med improvisasjon og samtidsmusikk i ulike konstellasjonar.

Sidan 2009 har ho saman med Asbjørn Lerheim utforska Elvis Presley sitt univers gjennom the quite quiet project. Det har no materialisert seg i ei plate der dei har fått med seg nokre av musikarane som spelte i bandet til Elvis Presley, David Briggs på flygel, Reggie Young  på elektrisk gitar, Norbert Putnam på bass and Paul Leim på trommer. Eit skikkeleg stjernelag, altså.

Men den største stjerna er Lisa sjølv. Ho syng Elvis sine sangar så tårene renn, med hjarta utanpå kroppen, og ho får ein forelska tulling som meg til å be til guden eg ikkje trur på om at eg må sleppe å oppleve dramaet i desse tekstane. Plata heiter Love me tender – the quite quiet way. Løp og kjøp! (Og ta med kleenex.)

Du kan til og med høyre dei live denne helga, laurdag spelar dei i Jakob kyrkje og søndag spelar dei i Bodø kulturhus. Eg lovar deg ei stor oppleving, på så mange vis.

This entry was posted in: Kunst, Livet, Musikk

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s