All posts filed under: Ferie

Vil du bu hos oss?

Vi har lagt huset vårt i Sverige ut på airbnb! Det betyr at viss du har lyst til å besøke huset vårt, for eksempel feire ein bursdag der, ta med nokre vennar og tilbringe ei veke eller ei langhelg ved Dalslands kanal, så kan du det. Då kan du leige kano og padle på Laxsjön, eller du kan vandre gjennom naturreservata i nærleiken, sjå på fossane og treffe elgen in persona, slik vi gjorde forrige helg. Og kanskje kjem rådyra og helsar på i hagen medan du et frukost. Kven veit? Og ved dette bordet kan du servere gjestane dine god mat og god drikke. Systembolaget i Bengtsfors ligg fem kilometer frå huset, just sayin’. 

Snurrar på tur

Helgematen er ikkje berre langsteikte lammelår med innfløkte tilbehør og feite sausar. Det kan også vere den enkle maten som blir med i sekken, og gjer turpausane litt hyggelegare. I dag lagar vi to sortar snurrar, dei er lette å pakke med seg, du kan lage dei med kaldheva deig som er sett kvelden i førvegen, så går det raskare om morgonen, og du får fersk bakst med ut på tur. Eg har laga to ulike variantar, ein med smør og ost, og ein med raud pesto med litt ekstra krydring. Ostesnurrane treng å få ordentleg med ost i seg, og gjerne av den smaksrike typen. Eg brukte manchego og morbiére, men du kan også bruke parmesan eller vellagra jarlsberg eller norvegia. Det går fint å blande ostetypar, og dette er ein fin måte å få brukt opp osterestar som ligg der triste og forlatt i plasten sin i kjøleskapet. Slik gjer du det: Tursnurrar (18 stk) 5 dl fingervarmt vatn (kaldt vatn om du vil kaldheve deigen) 4 ss olivenolje 1 ts tørrgjær 1 …

I København igjen

Denne helga er søskenbarnet mitt  og eg i København. Det er mange år sidan vi avtalte det, at vi skulle tilbringe ei helg i denne fine, varme byen som eg har snakka så mykje om. I dag har vi spist godt, vi har vore innom Tage Andersen, vi har handla te og fått bolsjar hos Perchs thehandel og vi har gått gjennom alle etasjane hos Illums. Og ein kan seie det ein vil, men når ein er i København då er ein i Europa. Norge og Oslo er ikkje Europa. Ein gong i livet så må eg bu i denne byen. Eg skal takle det elendige språkøyret til danskane, og det kalka vatnet. Eg skal handtere den ubegripelege teljemåten og dei fulle nordmennene på Strøget. Alt dette for å få ta inn varmen og kontinentaliteten frå dette trivelege folkeferdet som danskane er. Alt dette for å kunne tusle rundt i dei fine gatene, sykle på dei vel utbygde sykkelvegane og å handle vin i butikken seint laurdags ettermiddag. Skål!

Ferskt kjøt og suppe med klot

Ferskt kjøt og suppe kan serverast med eller utan klot. Klot er små bollar av mjøl, egg og krydder som får koke med i suppa, og som gjer retten meir mettande. Mjølbollane vert laga med egg som hevemiddel. Det gjer at dei bles seg litt opp, og blir luftige og fine. Har du ikkje egg, så kan du ha i litt bakepulver. Dette er tradisjonskost frå slaktetida, sidan retten er laga med ferskt, ikkje salta kjøt. Ein byrjar måltidet med suppa, som er laga på krafta frå kjøtkokinga.  Det kokte kjøtet vert servert til slutt, med grønsaker i grove bitar og ein nydeleg sursøt løksaus.  Ferskt kjøt og suppe med klot er eit heildagsprosjekt å lage, så du kan gjerne lage dobbelt porsjon. Då har du restar til neste dag. 1,5 kg beinfritt oksekjøt, gjerne bog eller høgrygg 1 lite kålhovud 2 persillerøter eller pastinakkar 4 gulrøter 1 purre 1 lita sellerirot 1 ss salt 1 ts peparkorn Sursøt løksaus 3 ss smør 1 løk 3 ss kveitemjøl 6 dl kraft frå kjøtkokinga 1 ss …

Vi er tilbake!

Vi har hatt eit strålande vellukka bustadbyte i Barcelona, der vi budde i husværet til nokre rause, flotte menneske, som samtidig var hos oss. Her ser du familien då vi tok ein liten tur til Andorra, eit fascinerande land. Eg kjem tilbake med meir om bytet og om kva vi gjorde i Barcelona, men no må eg pakke ut av kofferten. Ha ein fortsatt fin sommardag! 🙂

Boligbytte i alle kanalar

For ei stund sidan var ein journalist frå NTB innom her heime og intervjua meg om det å bytte hus i feriane. Reportasjen om dette fine feriefenomenet hamna i aviser landet rundt, her ser du til dømes reportasjen frå Dagsavisen. Sjå bort frå den underlege posituren min og haugen med småpengar på kjøkkenbenken. Denne artikkelen i Dagsavisen har lege på pulten til ein i redaksjonen i God Morgen, Norge, og her om dagen ringte han meg, og lurte på om eg ville kome i programmet deira og snakke om feriane våre. Det gjer eg gjerne, og eg tek til og med meg Agnete, datra mi, som skal fortelje om korleis det er å bli teken med rundt i framande heimar for å feriere. Vi kjem på tv i morgon tidleg (fredag) ca. 08:15, så er du vaken må du skru på, og sjå oss. Bildet er naturleg nok frå Athen, der vi var i fjor sommar. I år går turen til Barcelona.

Fastelaven (og morsdag) kjem i 2013 og!

Ja, eg veit at det ikkje er i kvart øyeblikk, men ikkje desto mindre: Folk lurer. Eg får mange treff på når fastelaven er, så difor tenkte eg å fortelje det: Fastelaven i 2013 er søndag 10. februar. Og den søndagen er det morsdag og, så det er ei dobbeltfeiring, altså. Det er ein spesiell dag for meg og. Ikkje berre fordi eg er mor til verdas beste tenåringar, men for då reiser min kjære og eg på veg til Roma for å tilbringe ei veke der. Det gler eg meg veldig til! Vi var i Roma ei veke i 2011 og, då tok eg dette bildet. Det er overblikket frå høgda på Trastevere, Janiculum-høgda. Så det blir nok ikkje fastelavensbollar på oss, men sikkert noko spennande bakverk frå vårt lokale bakeri på austkanten i Roma. Eg ynskjer alle lesarane mine ein fin dag!

Min greske frukost

Slik er den, stort sett kvar dag: To-tre rause spiseskeier gresk yoghurt. Kva er så vanskeleg med å få lagd dennne yoghurten til ein fornuftig pris i Norge? Eg forstår det ikkje. Den er så nydeleg! Ein liten neve hasselnøtter. Det du måtte ha av frukt. På bildet har eg faktisk tørka bananar, men nektarinar, fersknar eller aprikos passar veldig godt. Ringle over flytande honning etter smak. Nyt! 😀

Meir Hellas!

Å, vi har det så fint her! Eg skal skrive litt meir detaljert etterkvart, men no er vi på reise, så det blir med desse bilda. Fin sekstenåring som ikkje kan gå på vatnet, det berre ser slik ut. (Ho hoppar frå ein båt.)   Den tredje største byen på Ithaka; Kioni:   Ein sommarfugl som har tilhald i Kioni:   Ser du stalagtittane som heng ned? Dei har hunge i grotter, men ytterveggen i grotta fall ned, og i havet. Dermed vart det ein naken vegg med stalagtittar på. Kult!

Hellas!

Nei, eg er ikkje borte! Vi har ikkje forsvunne frå jordas overflate. Vi har teke turen til Hellas, der vi hoppar frå plass til plass på veg til Athen, der vi skal bytte hus med ein gresk familie. Nettet her vi bur no, på Keffalinia, er veldig lite samarbeidsvillig. Difor blir det ikkje så mange oppdateringar i bloggen, men det skal eg prøve å ta att i Athen. Ha tol med meg! Og kos deg med desse bilda medan du ventar. Hellas er fint! 🙂 Solnedgang ved Ammes Beach:   Utsikt frå Acropolis of the old Same (neida, det har ingenting med gamle samar å gjere, men er ruinane som er igjen etter den gamle festninga til byen Sami.)       Bleike norske føter på Myhrtos beach. For ei perle!  

Eit nytt bekjentskap

På mi reise mellom tebutikkar i Paris gjorde eg eit nytt bekjentskap etter tips frå ei god venninne: Eg leitte opp Dammann Frères. Dammann Frères ligg på Place de Vosges, eit lite stykke aust for sentrum. Det er eit vakkert område, spesielt om du drar austover i dei gatene som går parallelt med Rue Rivoli på nordsida. Der finn du koselege butikkar, kaféar og restaurantar, og du er utanfor det verste turiststresset. Eg har tidlegare skrytt av Mariage Frères, og dei har mange fortrinn. Earl greyen deira er betre, dei har tesalong med førsteklasses mat og dei har ein sjarmerande  og gamaldags stil. Dammann Frères er meir moderne, lokala er heilt fantastiske og dei har hundrevis av tesortar å sniffe seg igjennom. Og kva bør ein velge? Eg seier som Ole Brumm; Ja takk, begge delar. Så har du tid når du er i Paris, dra begge plassar. Ha ein fin søndag!

Ein roleg ettermiddag…

…gjerne når det regnar, og du likevel er i Oslo. Då kan du stikke innom Bibliotekbaren på Bristol Hotel. Der serverer dei masse deilig, både smørbrød og kaker, men min favoritt er den klassiske britiske Afternoon Tea. Du får ein slik oppsats med lekre snittar, heilt nysteikte scones med krem, vaniljetilsmakt ferskost og syltetøy, lemon curd og dessutan petit fours og friske bær på toppen. Eg var litt bekymra for om vi skulle bli mette, men det vart vi alså. Deilig! Teen vert servert i gamle, flotte, slitne hotellsølvkanner, og om nokon ikkje likar te kan dei få sjokolade eller kaffe til. Ein strålande måte å tilbringe ein roleg ettermiddag på! 🙂

Berre maten…

Dette er altså berre det som handla om mat i koffertane våre. Der var fire flasker vin til, dei kom ikkje med på bordet. Men her ser du altså deilig italiensk mat som skal bli vinterkos, julegåver, vennegåver og bestikkelsar. Litt fiffige kjøkkenutstyrsgreier er det og der. (Beklagar det elendige bildet, iphone. Batteriet til kameraet mitt er daudt, og ladaren har ingen sett. Uff, uff.)

Den finaste tida på dagen

Ein by som Roma skiftar ansikt alt etter kva tid på dagen det er. På morgonen er det hektisk, butikkane får levert varer, folk hastar til arbeid og bussane tutar. Utover dagen vert det berre meir hektisk, alle turistane kjem ut med karta sine og kamera, og virrar rundt, stoppar opp på dei smale fortaua og lagar kaos. Men utover ettermiddagen roar det seg. Folk dreg frå jobb, set seg ned på ein kafé eller tek den fullstappa bana heim. Viss du då går opp på ei høgde kan du sjå at sola dalar, og byen får ein gyllen lød. Roma er eigentleg ein ganske lys by, mange bygningar er i lyse fargetonar. Sett ovanfrå beheld byen fargen sin, frå solnedgangen til det mørknar og den byrjar  å tenne sine eigne lys. Etter kvart ser du at byen har sitt eige lys, som tek over for sola. På høgda Gianicolo, som du går opp til frå Trastevere, kan du stå og sjå dette vakre lysspelet. Gå opp Via Garibaldi, og finn den store utsiktsterrassa på …

Italiensk fastfood

Vi trengte ein kjapp middag. Ein lang dag med besøk i vatikanet, Peterskyrkja og eit kjøpesenter som eigentleg var skuffande (men ein finn jo alltids noko) var nesten omme. Eg fekk med meg panchetta, som har blitt ein basisingrediens i kostholdet oss her nede. Så gjekk eg innom egyptaren som driv grønsaksutsal på nedsida av nabogata vår. Han har to kasser i butikken som er veldig smarte. Den eine er full av ferdig rensa og oppkutta salat, den andre er full av suppegrønsaker. Eg tok med meg ein pose av dei i tillegg til ein pakke gnocchini frå Sardinia og ei flaske passata. Kva var det i blandinga? Ja, heilt sikker kan eg ikkje vere. Men det eg klarte å identifisere var gulrot, selleri, bladpersille, blomkål, romanescokål (den grøne som liknar på blomkål, men som har spisse bukettar), grønnkål, raude og kvitstripete ferske bønner og litt raudkål. Vil du lage denne suppa så hakkar du det du har og det du finn i butikken, slik at du får ei passe fin blanding med variert tekstur …

Ein lang og fin dag

Her er to firfisler som vi vart kjent med i dag: Byens beste isbar (ifølge folk som har testa mange) og fire fargerike damer som vi ikkje vart kjent med. Solnedgang over Roma-ruinar Tiberen er elva som renn gjennom Roma, og dette er Ponte Fabricio, brua som bitt Tiberøya til nordaustsida av Roma. Fint, ikkje sant? Iste corretto og tjekkisk øl: Ei dameveske laga av ølboksringar. Utruleg! (Og ein pen mann ved sida av, men han eg har attmed meg er så flott at denne italienaren gjorde ikkje særleg inntrykk.)

Pasta alla Fabricio

Vi har fått ein ny venn. Han heiter Fabricio, og er den einaste i kjøttdisken i vår vesle lokale supermarknad som kan nokre få ord engelsk. Eg blir stadig like overraska og glad over kor lite som skal til for at ein skal klare å ha ein meiningsfull dialog med italienarar. I dag dro vi inn til Colosseum, og vart overraska av eit heidundrande regnver. Menn som selde paraplyar gjorde gode pengar, og vi prøvde så godt vi kunne å la dei medbrakte tynne sykkeljakkene våre halde regnet ute. Det var fåfengt. Colosseum er fint, men kaotisk lagt opp, trass i at det er ein pengemaskin. Informasjonen er ustrukturert og dårleg. Vi leigde audioguidar, men vi fann aldri heilt ut når vi skulle trykke på kva knappar og kva som var nord, sør, aust og vest. Etter at vi hadde betalt for audioguidane fekk vi vite at vi måtte leige nye for Forum Romanum og Palatinerhøgda, trass i at all informasjonen låg inne i dei vi opprinneleg leigde. Slikt provoserer ein sunnmøring, og spesielt to. …

Roma sett ovanfrå

Når ein er i ein ny by er det alltid fint å kome seg opp i høgda. Roma er forsåvidt ikkje heilt ny for meg, men sist eg var her var i 1988. Dermed er eg ikkje heilt oppdatert som guide. Vi tok banen til Barberini, derfrå er det ikkje så langt å gå til Fontana di Trevi, ein av “må”-plassane i Roma. Denne fantastiske veggen som Bernini utforma i marmor er alltid like imponerande å sjå, og sjølv om vi var der på ein mandag i november rundt lunchtider så var der stuvande fullt av folk. Men fontena er like imponerande som den gongen Anita Ekberg bada i den, trass i masse folk. Frå Fontana di Trevi er det ikkje så langt å gå til Spansketrappene, eit anna vanleg turistmål. På vegen dit byrja det å regne. Vi hamna på ein restaurant, men etter å ha sett menyen og prisane gjorde vi det som eg måtte bli 45 for å våge; vi reiste oss og gjekk. Vi gjekk ikkje lenger enn rundt hjørnet, men …

Huska eg på å fortelje…

…at det er (eller var) kantarellar på Eika? Lysande gule og fine sto dei der og venta på ei som kunne sette pris på slikt. Der er sikkert meir, berre du leitar. Akkurat kvar eg fann dei vil eg sjølvsagt ikkje seie, kantarellplassane kan ein ikkje dele med nokon. Men der var ein del å ta av, det kan eg seie. Gå litt utanfor grusstien, så får du noko gyldent og vakkert å ha på brødskiva, i risottoen, til pasta eller i ein god saus. Mmmm!