Billig mat, Kjøtt, Mat
Comment 1

Gratinerte godsaker – blomkål og brokkoli

Akkurat no er brokkoli og blomkål på sitt finaste, og spør du meg bør dei definitivt gratinerast.

Møtet mellom dampa grønsaker, ein tjukk, god saus og sterk varme er magisk, dessutan blir det ein ganske kjapp og enkel middag. Å lage ein bechamelsaus, eller kvit saus er ein del av almenndanninga, og når du brukar den oppå desse gode grønsakene vil sjølv matvande tenåringar forstå poenget.

Eg brukar sprøsteikt bacon oppå, den røykte baconsmaken passar perfekt til den mjuke, milde ostesausen. Du kan bytte den ut med skinke om du har det, eller du kan steike litt spekepølse og smuldre over. Har du ein spansk chorizo vil det også kunne fungere.

Om du brukar blomkål eller brokkoli er ikkje så viktig, og du kan til og med lage ein grateng med begge delar, viss du skal mette mange. Det viktigaste er å ikkje koke grønsakene for lenge, og å få til ein god smak på sausen.

Eit tips er å ta vare på kokevatnet til grønsakene. Du kan til og med koke det inn litt, slik at du får endå meir konsentrert smak. Du kan bytte ut to-tre dl av mjølka i sausen med kokevatnet, og du kan bruke resten av krafta i ei suppe dagen etter, i staden for buljong.

Ostegratinert brokkoli/blomkål

Eit stort hovud brokkoli/blomkål

100 g ost

1 l mjølk

3 ss smør

3 ss kveitemjøl

1 ts sennep

1-2 ts sitronsaft

Salt, peppar og muskat

100 g bacon

Persille til å drysse på

Set omnen på 200 grader. Skjer den grovaste delen av stilken i fingertjukke bitar, og del opp bukettane til passe storleik. Kok opp godt salta vatn i ei gryte, og legg i brokkolien. La den koke i 3-5 minutt. Hell av vatnet (ta vare på kokevatnet!), og la den dampe tørr.

Smelt smøret i gryta, rør inn mjøl og slå på mjølk. Rør glatt, og la det heile koke opp medan du rørar. Smak til med salt, peppar og muskat. Ta sausegryta av plata, og rør inn osten. Smak at sausen er passe salt. Eg har også gjerne i ein sprut sitron og litt sennep.

Skjer baconet i passe bitar, og steik det sprøtt i sitt eige feitt. Ha brokkolien i ei eldfast form. Ha over ostesausen. Har du litt ekstra ost, så strø den over før du set forma i omnen. Steik gratengen på 200 grader i 18-20 minutt. Dryss bacon på når du tek forma ut av omnen, og dryss på finhakka persille, om du har. Server det heile med godt brød, og kanskje ein salat.

Vil du lage gratinert blomkål går du fram på same måte, men eg syns det ser flott ut med heile blomkålhovudet på fatet. Så då kokar eg hovudet i fem minutt i godt salta vatn, og så let eg det renne av. Saus og bacon følgjer same oppskrift som over.

 

1 Comment

  1. Pingback: Olivenbrød | Alt godt

Leave a Reply