All posts tagged: høst

Fylt squash

Har du squash i hagen? Då veit du at du får squash slik du får ketsjup ut av ei gamaldags ketsjupflaske. Ingenting, ingenting, ingenting, og så plutseleg alt på ein gong. Då er gode råd dyre, og eg får uendeleg mange søketreff på squash i bloggen min for tida. Alle som har squash i hagen treng oppskrifter for korleis ein brukar den. Squash er jo velsigna på den måten at eigensmaken er ganske nøytral, så den tek villig til seg det du måtte ha å smaksette den med. Du kan rive den, og bake den inn i kaker, muffins eller brød. Du kan eddiksylte den, eller du kan bruke den som det finaste tilbehør, steikt i smør og krydra med urter. I dag får squashen spele hovudrolla hos meg, og eg har fylt den med deilige sausar. Lukka er at soppen er i skogen samtidig som squashen er moden, og då er det å lage ein god fløtesoppstuing perfekt fyll. Eg har også laga ein variant med kylling, viss du har kjøtetarar du skal mette. …

Å lage gresskarlykter

Eg syns at å lage halloweenfest for ungane er gøy, og då høyrer fint utskorne graskarlykter med. Det er ein amerikansk skikk, men ein må ikkje kaste seg på kjøpebølga med oransje bøtter og godteskåler som lagar skumle lydar for det. Men graskarlykter er fine, og sjølv om eg ikkje har dyrka mine eigne graskar så føler eg ikkje eg er med på kjøpefesten av den grunn. Det er gøy å sløkke lyset i oppgangen, ha nokre smålys i glas oppover trappa og så nokre skikkeleg skumle lykter innimellom. Det er ikkje så vanskeleg og tidkrevande som det kan sjå ut heller, dei tre lyktene eg viser her lagde eg i løpet av ein kveld. Du kan lage motiv på frihand, eller du kan søke etter pumpkin carving stencils, så finn du masse fine eksempel. Eg fann det fine skrekkens hus som du ser øverst i trappa på ei amerikansk nettside, og dei andre to har eg lagd på frihand etter teikningar. Og eg er ikkje spesielt kunstnerisk begava! Når du skal lage ei lykt …