Month: juni 2018

No blømer hylla!

No blømer hylla over alt, og det er eit vakkert og velduftande syn.  Mange spør om det er svarthyll dei har funne, og kjenner seg usikre på om dei har funne rett tre. Det er eigentleg veldig enkelt: Rundt jonsok er det berre hylla som blømer. Dei andre blømande, ville trea er avblomstra for lenge sidan, spesielt no når det har vore så varmt i veret. Blada er også eit kjennemerke, dei er som på ei rogn, men større. Det andre kjennemerket er at bukettane er flate. Forestill deg at du skal steike ei pannekake med hyllesmak, og heller røre ut i steikepanna. (Dette er faktisk ein dessert du kan få servert i Sverige.) så legg du blomebuketten ned i steikepanna. Viss alle blomane hamnar flatt ned, så er det hyll du har funne.  Svarthyll har medisinske verknader seiest det, den skal verke vassdrivande og mildt bakteriedrepande. Bæra kan du safte til hausten, på same måte som du saftar rips og solbær. Det blir ei vakker, mørkeraud saft som mange meiner vernar mot haustforkjølingar. Blomane …

Gnocchi med røykt laks

Har du restar etter alle festdagane i mai? Av ein eller annan grunn handlar eg inn meir  enn vi treng. Plutseleg kjem det uventa gjestar, vi må ha litt ekstra, tenker eg. Det endar med at kjøleskapet bular. No har eg alt for mykje røykalaks. Det er jo så godt, men det er grenser for kor mykje ein familie kan spise. Nesten ei heil lakseside låg att då dei siste gjestane hadde dratt. Kva kan ein bruke den til? Eg klødde meg i hovudet, men konklusjonen låg rett framfor nasa mi: Den kan brukast i pastasaus! Ikkje minst er kaldrøykt laks veldig god til den klassiske italienske potetballen, eller gnocchi, som italienarane sjølve insisterer på å kalle den. Skilnaden frå den norske ballen er at den italienske er laga med berre kokte poteter, og med finmjøl i staden for byggmjøl. Sjølv om det er litt arbeid å lage gnocchi så er den så kjapp å koke at eg tilgjev alt. Nokre få minutt i gryta, så er den klar. Lag gnocchi med «gamlepoteter». Dei har …