Bringebærgrotter
70 g sukker
260 g kveitemjøl
1 ts vaniljesukker
200 g smør, kaldt
Eit lite egg
1 dl fast bringebærsyltetøy
Rør saman sukker, mjøl og vaniljesukker i ei skål. Ha det i ei matmølle. Ha smøret oppi i terningar. Køyr matmølla til alt er ein grynete masse. Knekk egget i ei skål, rør det saman og ha det i matmølla. La mølla gå til deigen har samla seg, det tek ca. 3 minutt. Forme deigen til ca. 3 cm tjukke rullar, og pakk dei i plast. La dei ligge kjøleg i minst 30 minutt.
Sett steikeomnen på 200 grader.
Skjer rullane i passe store emne som du rullar til ei kule og trykker litt flat. Bruk ein rund gjenstand, eg brukte eit melonkulejern, og lag ei grop i kvar kake. Legg ei snau teskei syltetøy i kvar grop.
Steik kakene på 200 grader i 8-10 minutt. La dei kolne på rist.