Det gode søte – bringebærgrotter
Vi har tilbrakt nokre juler i Sverige, og der er «hallongrottor» ein klassikar på kakebordet. Det er små mørdeigskaker med ein klatt bringebærsyltetøy i. Dei kan du variere på ulikt vis, eg ser til dømes for meg at dei ville bli gode med eit sylta kirsebær i «grotta». Du kan også bruke andre sortar syltetøy, men det er ein fordel at det ikkje er for vått i konsistensen. Hallongrottor er også namnet ein brukar på muffins med bringebærsyltetøy i, men her har eg laga klassiske mørdeigskaker av søt mørdeig. Eg likar å lage desse kakene så små at dei berre er ein munnfull. Ofte treng ein ikkje meir enn det, og då passar desse perfekt. Bringebærgrotter 70 g sukker 260 g kveitemjøl 1 ts vaniljesukker 200 g smør, kaldt Eit lite egg 1 dl fast bringebærsyltetøy Rør saman sukker, mjøl og vaniljesukker i ei skål. Ha det i ei matmølle. Ha smøret oppi i terningar. Køyr matmølla til alt er ein grynete masse. Knekk egget i ei skål, rør det saman og ha det i …