Crumblepai med cornflakes, eple og tyttebær
Desserten i dag er ein crumble-pai med eple, pærer og tyttebær. Eg har fast tyttebærleverandør i mor mi, så eg driv stadig og eksperimenterer med artige måtar å bruke tyttebær på. Viss du ikkje har din eigen tyttebærleverandør kan du kjøpe frå frysedisken, eller du kan bruke tyttebærsyltetøy som du klattar oppå frukta før du legg på loket. På fruktfatet låg det to eple og ei pære som måtte spisast fort, og då fekk dei vere med i desserten. La ditt fruktfat bestemme korleis din pai blir, denne kan godt lagast med berre eple eller berre pærer. Skal du kjøpe eple, så prøv å finne ein søtleg type. Tyttebæra er sure nok i seg sjølv, om dei ikkje skal treffe på oversure eple. Jazz, pink lady eller desse små first price-epla som du får kjøpt i ferdigpakka posar er perfekte til denne paien. Loket på crumble-paien lagde eg av corn flakes av havre, det ga meg ei deilig sunn kjensle. Du kan sjølvsagt bruke vanleg corn flakes, eller frosties om du har det. Ein god …