Month: oktober 2009

I’m a sucker for romance…

Som du ser nede til høgre her lenkar eg til ei morsom amerikansk bakeside, Bakerella. Ho hjalp ein mann som skulle fri til kjærasten sin, og det er ei søt historie. Eg måtte berre fortelje om det. Du finn sjølve frieriet her, http://www.bakerella.com/wedding-cake-pops/ og historie om «the making of it» her: http://www.bakerella.com/she-said%e2%80%a6/ Nusseleg!

Min favorittkokk

-Eg har vore hos min favorittkokk igjen, Jarle Baer på Oslo Spiseforretning. Han har ein fantastisk fin restaurant i gamlebyen, og i tredje etasje har han ei finstove med plass til 12-16, ein liten privat salong og nydeleg, norsk mat.  Om sommaren serverer han byens beste burgerar med utsikt til middelalderparken. Under Øya-festivalen er det stuvande fullt, men resten av sommaren er dette ein av dei plassane der du kan slappe av, drikke frisk eplemost og ha byen nær og likevel ikkje oppå deg. Her er det ikkje mykje prat og kokebøker, berre god, god mat og deilig vin. Kjem du til byen og skal spise berre eitt måltid, så ta det her. 18-trikken går dit.

Tunfiskgreier

Eg har fortalt før om mitt lidenskapelege forhold til tunfisk på boks. Denne oppskrifta har også tunfisk som hovudingrediens. Kvar eg har den frå veit eg ikkje, eg har brukt å lage den til meg sjølv når eg skal kose meg. Men eigentleg er smaken god nok til at dette skal bli noko meir enn berre kosemat for ein. Problemet er at denne røra ikkje er vakker å sjå til. Eg skal ikkje seie kva den liknar på, men brunfargen seier sitt. Det er mange døme på mat som ikkje er vakker, men som smakar fantastisk. Baba ganoush er ein slik rett, den grå, triste gugga som sonen min meiner liknar på hjernemasse. Men den smakar så godt at eg alltid angrar på at eg ikkje spiste litt til. Dagens tunfiskrøre er rar på fleire måtar, også ved at det skal smør i den. Smøret gjev ein rund, fyldig smak, så ikkje dropp det. Du kan blande inn hakka urter, det vert sikkert kjempegodt. På nyrista, tynne baguettskiver er dette eit deilig lite tiltygg, så …

Å lage gresskarlykter

Eg syns at å lage halloweenfest for ungane er gøy, og då høyrer fint utskorne graskarlykter med. Det er ein amerikansk skikk, men ein må ikkje kaste seg på kjøpebølga med oransje bøtter og godteskåler som lagar skumle lydar for det. Men graskarlykter er fine, og sjølv om eg ikkje har dyrka mine eigne graskar så føler eg ikkje eg er med på kjøpefesten av den grunn. Det er gøy å sløkke lyset i oppgangen, ha nokre smålys i glas oppover trappa og så nokre skikkeleg skumle lykter innimellom. Det er ikkje så vanskeleg og tidkrevande som det kan sjå ut heller, dei tre lyktene eg viser her lagde eg i løpet av ein kveld. Du kan lage motiv på frihand, eller du kan søke etter pumpkin carving stencils, så finn du masse fine eksempel. Eg fann det fine skrekkens hus som du ser øverst i trappa på ei amerikansk nettside, og dei andre to har eg lagd på frihand etter teikningar. Og eg er ikkje spesielt kunstnerisk begava! Når du skal lage ei lykt …

Ny vri på graskar

No på hausten får ein omtrent kasta etter seg graskar rundt omkring. Dette er ei fin råvare, og eg syns det er synd at vi berre kasta innmaten på desse flotte fruktene. Eg kjøpte noko eg trudde var eit graskar, men det viste seg at det vert kalla butternut squash. Du ser den midt på dette bildet av ulike graskartypar. På norsk vert den kalla muskatgraskar, på grunn av den aromatiske smaken som kjem fram når det vert varmebehandla. Muskatgraskar har lys «hud», oransje kjøt og nesten ingen smak, som alle sine slektningar. At den ikkje har så mykje eigensmak er berre fint, det betyr at ein kan trikse og mikse som ein vil. Vi hadde mange til bords i helga, når ein blir elleve er det framleis viktig med alle tanter og onklar, fetrar og kusiner, for ikkje å snakke om besteforeldre og vennar. Eg krydra nokre kyllinglår, som vart delt i to og steikt i omnen, ris og ein salat. Ved sidan av serverte eg desse deilige bakte grønsakene, basert på nykomlingen muskatgraskar. Graskaret vart delt i passe store …

Award og sju ting om meg

Eg har fått ein award, ein slags pris,altså, frå RandiF. Den vart eg veldig glad for! Med prisen følgde det med ei utfordring om å fortelje sju ting om meg sjølv. Eg syns slikt er vanskeleg, men eg skal prøve: 1. Eg elskar Oslo. Punktum. 2. Eg er stort sett i godt humør. 3. Eg ser på Lipstick jungle på mandagane, og tenker at jammen lever eg eit enkelt liv. 4. Når eg blir forkjøla blir eg VELDIG forkjøla. 5. Eg stiller opp viss du ber meg om det, eller eg ser at du treng det. 6. Eg er ei stolt mor. 7. Eg likar godt å skrive, men eg kan ha litt tungt for å kome i gang. Mange har allereie hatt denne utfordringa, så eg let den stå open. Viss du vil svare, så hent både prisen og utfordringa herfrå. Ha ein fin dag!  

Noko av det vakraste XXI

Eg var (og er) veldig glad i den gamle Fame-filmen. Tre gongar såg eg den då den gjekk på kino, siste gongen haika eg til Hareid for å sjå den, og eg fekk ikkje med meg nokon heller. Det hadde ikkje min trettenåring fått lov til, det er heilt sikkert. Korleis den nye er veit eg ikkje, eg tør nesten ikkje sjå den. Men her er ei av dei mest rørande scenene frå den gamle, når Montgomery sit i vindauga over Times square og syng «is it OK if I call you mine».

No er den her

-Iallfall kan det synest som om at svineinfluensaen har inntatt huset. Førebels er det berre eg som er pjusk, og alle symptoma stemmer ikkje. Den har ikkje slått seg på magen, men halsen er sår og eg hostar. Feberen er låg, men det legane kallar subfebril, altså små temperaturskilnader rundt normalpunktet. I og med at eg er i risikogruppa (astma) så kjem eg til å ta det med ro, og så får vi sjå kva dette er. I mellomtida må dokke sende meg varme tankar, det hjelper heilt sikkert. Det blir ikkje så mykje matlaging og fotografering heller, det er familien som skal ete det eg lagar, og eg får prøve å la vere å smitte dei. Ha ein fin dag, alle som stikk innom!

Skumle muffins

Det er veldig viktig at all mat på ein halloweenfest er litt skummel. Vi har prøvd ut forskjellige variantar, og ting med blod er populært. Safta er sjølvsagt raud, og vi prøvde ein gong med blodig smør. Det funka berre sånn passe, det vart meir prinsesserosa enn blodfarga. Men skumle muffins fekk eg til, og på festen skal det til og med sitte ein edderkopp i kvart nett. Slik gjorde eg det: Edderkoppmuffins 2 egg 3 dl sukker 3 dl mjølk 440 g mjøl 2 ss kakao 3 ts bakepulver 200 g smelta smør 100 g hakka sjokolade, mørk til vaksne, lys til barn Sett steikeomnen på 225 grader. Visp egg og sukker til eggedosis. Smelt smøret. Slå mjølka i smøret, slik at det kolnar. Du kan også bruke flytande bremykt, for eksempel. Sikt saman mjøl, bakepulver og kakao. Vend det inn i eggedosisen vekselvis med den hakka sjokoladen, mjølka og smøret. Ha røra i muffinsformer med skei, denne oppskrifta gir atten store muffins. Steik muffinsa i 10-15 minutt til dei har heva seg og …

Halloween

Ja, eg veit det er neste helg, men no får du oppskriftene, så kan du planlegge det heile, ikkje sant? Elleveåringen min har bestilt halloweenfest av mora si neste helg. Det inneber graskarsuppe, edderkoppmuffins, huset fullt av ungar i skumle antrekk og draculablod på badet. Halloween er ei høgtid som har fått ny form i moderne tid. Opprinneleg var halloween ei feiring av katolske martyrar og helgenar. Helgensmess eller allehelgensdag er den første søndagen i november. Allehelgensaftan eller halloween er altså kvelden før allehelgensdag. Mange blandar saman helgensmess og mikkelsmess, eller hausttakkefesten. Hausttakkefesten er 29. september, og då feirar ein grøda som er i ferd med å kome i hus. Det faste elementet i halloweenfeiringa slik vi kjenner det i dag er ”knask eller knep”. Ungane går frå dør til dør, og tigg godteri. Får dei det ikkje finn dei på ein rampestrek. Så det gjeld å ha godteriet klar. Det er også fint å sette opp nokre lykter slik at det er lett å finne vegen til dei som er positivt innstilt til denne …

Noko søtt og godt

Heidi driv med avansert gjærbakst framimot helga, i dag lagar ho farmors wienerkringle. Eg skal lage guttebursdag, så då blir det nok litt enklare kaker enn denne. Men prøv oppskrifta hennar, dette er sånt som er gøy å få til. Alt godt Likar du gjærbakst likar du truleg denne kringla. Det er ein kaldheva gjærdeig der smøret/margarinen vert kjevla inni. Det vert nesten som ein wienerdeig. Har du ikkje prøvd å lage ein slik deig før kan det faktisk vere litt artig å prøve. Du kan godt fryse ho og varme ho litt i omnen når du tek ho opp. Då vert kringla som nybakt. Farmors kringle 2 dl kaldt vatn 50 gram gjær 1 egg 2 ss sukker 2 ss halvsmelta smør eller margarin ca 400-450 gram kveitemjøl. 200 gram kjøleskåpkaldt smør eller margarin. Denne margarinen skal kjevlast inni deigen i to omganger og det krevst dermed to gonger med bretting. Rør gjæra ut i kaldt vatn og tilsett egget. Ha i sukker, halvsmelta smør eller margarin og kveitemjølet. Denne deigen skal no kunne kjevlast …

Det er den dagen

-då alle grafsar i andres privatliv, og brukar kvelden på å sitte og søke på vennar, uvennar og kjendisar frå heile alfabetet for å finne ut kva dei tener. Eg vaks opp i ei familie med eige firma, og inntektene gjekk opp og ned på  meir eller mindre forutsigbart vis. Framleis huskar eg skamma ved det å bli konfrontert med kva far min tente eller ikkje tente av folk i klassa mi og på bygda. Då hadde altså einkvan stilt seg opp på kommunehuset og gått igjennom skattelistene som var lagt ut, og notert seg inntekt og formue på folk dei var nysgjerrige på. Så bar dei det til gards, og informasjonen spreidde seg fortare enn influensasmitte. Du kan blokkere deg for inntektssøk på Facebook. Det gjer du ved å klikke på desse lenkene, som eg fann inne hos Moseplassen: Tv2:Klikk.no:Skattelisten:Dagbladet/ Kjendis.no:

Høneslakt i Ørsta

Heidi har høner i hagen, og på eit eller anna tidspunkt har hønene verpa ferdig. Då er det ingen nåde, dei må til hønehimmelen, det vil seie i ei god suppegryte. Suppa han også lagast med ein stor rå kylling, då får du kyllingsuppe, verre er det ikkje. Til suppa serverer Heidi deilige valnøttbrød. Dette kan du prøve ut til helga, for dette er fin søndagsmat! Alt godt Dei siste åra har vi hatt hagehøns her i Ørsta. Etter at vi fekk hagehøns er hønsesuppe ein delikatesse her i huset. Hønsesuppe Bruk ei høne på vel eit kilo. Legg ho i ein stor kjele og fyll på med vatn slik at det dekker høna og tilsett deretter: 1 ss salt 1 laubærblad 1 ts timian 5 kvite peparkorn 1 gulrot 1/2 purre 1 bit sellerirot 2 fedd kvitløk 2 terningar hønsebuljong (som smaksforsterkar) La alt dette koke i 2 1/2 time. Ta vekk skummet som legg seg på toppen. Kok høna til ho vert mør og kjøtet slepper beina. Då tek du høna opp og …

Mysterier

Når eg skriv om mat samlar eg inspirasjon herfrå og derfrå, og dermed endar eg opp med masse oppskrifter som eg ikkje heilt veit opphavet til. Har eg funne på dette sjølv? I tilfelle ikkje, kvar kjem den frå? Når den ikkje er eit utklipp, er den som originalen, eller har eg endra på den? Forvirringa er komplett. Her er ei slik, det står ikkje ein gong på kva det er. Men all sunn fornuft tilseier at det er ein laksepai som ikkje skal steikast. Eg kan ikkje huske å ha lagd den, og gjorde eg det tok eg ikkje bilde, så her er det rein tekst som gjeld. Meld frå om du lagar den før meg, og er fornøgd. Eller misfornøgd. Finn du ut kvar den stammar frå, så gjer vel å seie ifrå, så skal eg be om samtykke og kreditere. Laksepai 300 g kavring eller knekkebrød 75 g smør 2 pakkar Philadelphiaost 2 dl lettrømme 250 g røykalaks 2 små, gule løkar eller ein stor 3-4 ss finklipt grasløk eller dill Salt, …

Bond no. 9 i Oslo

Gimle har teke inn New York-merket Bond no. 9. Parfymøren Patrice Rahme, opprinneleg frå Frankrike, har budd i New York i 25 år, og har latt byen og menneska inspirere seg til å lage ei rekke på 39 dufter. Gimle har fått inn 35 av desse, som har dei kulaste flaskene du kan tenke deg. Bond no. 9 har samarbeidd med kjente kunstnarar for å lage flaskene, og sjølv om alle har same stjerneforma fasong så framstår dei som forskjellige. Duftene er velkomponerte, spennande, varierte og moderne. Ta ein tur innom og sniff deg igjennom dei!

Frø av bjørk

Eit slikt som dei som flyg i lufta no, veit du. Eg kom syklande inn i gården, den er vakkert beplanta som ein engelsk hage, med bjørketre i symmetrisk formasjon. Før eg visste ordet av det hadde eg noko i auget. Eg prøvde å få det bort, men det førte berre til at det kom på innsida av augeloket. Noko så vondt! Eg fekk parkert sykkelen, låst opp døra og så virra eg oppover trappa som ei skada høne. Trettenåringen var heime, og vi fann kontaktlinsevæske til å skylle med. Men ingenting kom ut. Eg måtte legge meg på sofaen, det gjorde så vondt at eg berre måtte halde auget lukka. Eg ringde til legevakta, det tok lang tid å få svar, og dei kunne fortelje at det var laaang ventetid. Til slutt, etter litt lirking og meir hjelp frå trettenåringen, kom altså bjørkefrøet fram. No er smertene stort sett borte, men auget renn og produserer puss. Stilig. Eg er glad eg klarte å fikse det sjølv, ein fredagskveld på legevakta er ikkje draumen. Moralen …

Urtesteikt laks

Eg og mange med meg lagar vårt eige urtesalt. Det kan brukast på mange måtar, og i dag brukte eg det til å panere nokre fine laksestykke i. Du kan framleis lage urtesalt viss ikkje kuldegradene har herja altfor gale, hos meg står både salvie, løpstikke, timian og persille fine og klare til å bli til heimelaga urtesalt. Å krydre mjølet er ein fin måte å gje smak til panert fisk på. Eg var raus med urtesaltet i dag, to spiseskeier til fire-fem spiseskeier kveitemjøl. Panering skjer i tre steg. Først skal det du panerer vendast i krydra mjøl. Så kjem turen innom eit bad av samanpiska egg, før siste runde med griljermjøl gjer stykka klare for steikepanna. Denne teknikken kan du bruke både på kjøt (snitslar eller tynt skorne svinekotelettar) og fisk av alle slag. I steikepanna brukar eg halvparten soya- eller maisolje og margarin. Smør vert fort brent, så det egnar seg ikkje så godt til denne bruken, der steikinga skjer på høg varme. Steik fiskestykka i to minutt på kvar side, og …

Husmannskost

I dag driv ho Heidi med slikt som eg verken har greie på eller lyst på; sild og poteter. Eg skuldar på matpingle-genet mitt, ikkje kaffi, ikkje øl, ikkje sild. Men eg veit at mange set pris på denne kosten sjølv om eg ikkje gjer det. Men dei tradisjonelle søtsuppene har eg ete mykje av, det var det eg fekk til middag når eg ikkje ville ete silda. Alt godt I dag er det mykje snakk om det gode søreuropeiske kosthaldet med mykje olivenolje og tomatar. Ja visst dette er bra, men minst like bra er vårt eige kosthald. Eg har ikkje høyrt om nokon som har vorte dårleg eller tjukk av sild og poteter, nei tvert om, slank som ei spikj–otre vert du av sild. Dette er mat som styrkjer hjarta og meir til. Eg hadde tenkt å lage sildekaker, men eg har ikkje fått tak i ei einaste sild her inne i fjorden  Når eg får lyst på sild, må eg berre ha det, og desse nedfrosne spekesildfiletane i frysedisken gir deg no smaken …