Month: mai 2013

Medan vi ventar på sommaren

Sommaren ville liksom ikkje kome i år. I fjor blomstra rabarbraen min første mai. I år har eg ikkje hjerte til å spise av den til bursdagen min midt i mai. Urtene er heller ikkje komt opp ordentleg, eg går og ventar på ruccola og persille, men i bedet står framleis tulipanar, utruleg nok. Så då får vi trøste oss med det som er til å stole på, det vi finn i butikken. I dag har eg laga enkel mat, dette går fort å lage som ein fin familiemiddag. Hovudretten er ein variant av den klassiske biff stroganoff. Det er tradisjonelt ein kjøtrett med oksekjøt som du steiker og kokar saman med løk og sopp. Sausen er basert på tomat og fløte, og blir kremete og deilig. Desserten er superenkel, små marengsreir med rømmekrem og kirsebærkompott. Du kan lage kompotten sjølv av kirsebær eller morell frå frysaren, eller du kan gjere som meg, og bruke den du finn i butikken. Dette kan du lage med sviskekompott og, om du har ein slik pakke i skapet. …