Og hver morgen våkner jeg
Men kvar kveld, iallfall dei to siste, har eg grått meg igjennom Marita Hansen si ettertenksomme, ærlege og hjartevarme bok om korleis ho opplevde det å miste kjæresten sin brått og heilt meiningslaust. Du må kanskje leite etter den, bokhandlarane har plassert dei litt forskjellig rundt omkring i butikken, ikkje alltid heilt logisk, men spør etter den. Den er definitivt verd å leite etter. Det du sit att med er håp, ei strime av lys, ei lyst til å leve og til å gå heim og elske din kvardag. Husk å leve, seier Marita, det har ho heilt rett i. Og hver morgen våkner jeg minner deg om det.