Bokmeldingar
Comments 2

En smak av høst

Cappelen Damm har gjeve ut inspirasjonsboka En smak av høst. Forfattarane er Kari Finngaard, Gudrun Ulltveit og Kari Renberg.

Dette med forfattarane forvirrar meg litt, boka har tre avsendarar på omslaget, men inne i boka har dei fleste tekstar «jeg»-form. Det er berre ein liten detalj, men avsendarperspektivet vert uklart for meg som lesar.

Sjølve boka er lekker, flotte, ikkje for glorete bilde, tiltalande layout og enkel og lesbar tekst. Oppskriftene er grundige og presise, og utvalet er ei fin blanding av tradisjonelle klassikarar og meir nyskapande ting å lage. Dei har overvekt på det søte, skulle eg pirke kunne eg kanskje tenke meg fleire oppskrifter på mat som ikkje er søt, men som inneheld ting som ein haustar.

Bakerst i boka er det også nokre døme på kransar og anna pynt som ein kan lage med haustmateriale. Eg får aldri sett slike planar ut i livet, men presentasjonen og idéane er veldig gode.

En smak av høst er ei upretensiøs men gjennomarbeida bok som inspirerer til å ta vare på grøda på mange ulike vis. Den er ei fin gåvebok til nokon som likar å sylte, konservere eller forme med hendene.

This entry was posted in: Bokmeldingar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Lovise says

    Kjære Alt Godt, har du noe erfaring med grønnkål? Har kjøpt ei stor pakke og brukt den i fersk suppe, som var ok, men prøvde meg med annen bruk, og det ble som å tygge gras. Grønnfargen er jo suveren når man varmebehandler kålen, men.. ikke imponert over smaken.

Leave a Reply