All posts filed under: Pai

Ein pai med alt det gode


Ein lærer stadig nye ting, sjølv om mykje matlaging går på autopilot når ein har gjort det nokre år. Her i jula lagde vi eit klassisk svensk julbord, sidan vi har feira i huset vårt i Sverige denne jula. Då lagde eg ein västerbottenpaj, med den smaksrike västerbottensosten. Eg lagde paideig etter den oppskrifta eg alltid har brukt, som eg har henta frå Carl Butlers kokbok, som eg fekk seint på åttitalet, trur eg. Eg dro i gang med 150 g smør og 300 g mjøl i matmølla, og køyrde det i hop med litt vatn. Eg kjevla deigen ut, og lagde paien, og alle var nøgde. Deigen som var att då eg hadde kjevla over forma og teke til sides “kantane”, trykte eg i hop, og la i kjøleskapet, eg kan tenke meg at det var ca. 200 g, kanskje. Nokre dagar seinare rydda eg i kjøleskapet, og fann deigklumpen. Eg kjevla og kjevla, og den vart tynnare enn sirupssnippar. Den dekte akkurat forma slik at litt hang utanfor, så eg klipte bort frynsene, men …

Pekanpai


Pekanpai er ein av mine kakefavorittar, og ein fin variasjon på kakebordet. Pekannøtter får du i innvandrarbutikkar, ofte har helsekostbutikkar det, og elles er det mogeleg for dei store kjedene å skaffe det viss dei får beskjed litt tid i førevegen. Pekannøtter liknar på valnøtter, men har ein mildare og rundare smak. I denne paien blir dei nærast karamellisert, og blir knallgode. Å lage denne paien med valnøtter blir faktisk ikkje så godt, den intense valnøttsmaken vert litt overveldande. Viss du vil kan du ta unna dei penaste og heilaste pekannøttene, og legge dei i mønster oppå paifyllet til pynt.  Pekanpai 240 g mjøl 120 g smør 2 ts sukker Eit egg Set omnen på 180 grader. Ha mjølet i ei matmølle. Skjer det kalde smøret i terningar, og ha dei oppi mjølet. Ha i sukker, og køyr det heile til ein grynete masse. Knekk egget i ein kopp, og hell det i maskinen medan den går. La den gå til deigen samlar seg rundt kniven, det tek berre eit minutt. Stopp maskinen, og hell …

Epla som ingen vil ha


Kjøper du med litt frukt? Seier eg til min kjære. Og det gjer han. Han kjem heim med eple, bananar og appelsiner, og fruktfatet bugnar. Bananane vert fort borte, appelsinene tekk litt lengre tid. Men det slår ikkje feil. Ved slutten av veka ligg det ein appelsin og nokre lett rynkete eple att. Så då er det opp til meg å finne på noko kreativt med det som ligg på fatet. Vi har tilbrakt nokre sommarar i Stor-Britannia, og den beste maten får du faktisk på dei lokale pubane. Der får du tradisjonell engelsk kost, som Sheperd’s pie, bangers and mash, og den retten eg har laga i dag, toad in the hole. Min versjon av retten består av gode pølser som vert bakt med løk og eple i ei krydra pannekakerøre, ikkje ulikt den dei brukar når du får Yorkshire pudding, eit vanleg tilbehør til engelsk søndagssteik. Toad in the hole betyr ”padde i holet”, kanskje kan det sjå ut som ei padde som tittar opp av eit jordhol når pannekakerøra hevar seg opp …

Crumblepai med cornflakes, eple og tyttebær


Desserten i dag er ein crumble-pai med eple, pærer og tyttebær. Eg har fast tyttebærleverandør i mor mi, så eg driv stadig og eksperimenterer med artige måtar å bruke tyttebær på. Viss du ikkje har din eigen tyttebærleverandør kan du kjøpe frå frysedisken, eller du kan bruke tyttebærsyltetøy som du klattar oppå frukta før du legg på loket. På fruktfatet låg det to eple og ei pære som måtte spisast fort, og då fekk dei vere med i desserten. La ditt fruktfat bestemme korleis din pai blir, denne kan godt lagast med berre eple eller berre pærer. Skal du kjøpe eple, så prøv å finne ein søtleg type. Tyttebæra er sure nok i seg sjølv, om dei ikkje skal treffe på oversure eple. Jazz, pink lady eller desse små first price-epla som du får kjøpt i ferdigpakka posar er perfekte til denne paien. Loket på crumble-paien lagde eg av corn flakes av havre, det ga meg ei deilig sunn kjensle. Du kan sjølvsagt bruke vanleg corn flakes, eller frosties om du har det. Ein god …

Eplepai


Her for ei stund sidan lagde eg ein pai med dei aller siste epla som bror min hadde att i hagen. Her kasta ein ingenting, så det vart donert til meg, dei meinte vei at eg var den einaste som klarte å få noko ut av dei. Med ein fortreffeleg epleskrellemaskin som eg har skaffa meg klarte eg å skjere tynnare og finare epleskiver enn eg nokon sinne før har klart. Du kan lage denne paien med eple frå butikken og, sjølvsagt. Grøne Granny Smith-eple er veldig gode, Jazz eller Pink Lady og. Paien er ein mørdeigspai med ein søt mørdeig smaksett med sitronskal. Fyllet er laga som ein fransk flan, altså ein slags pudding av kremost, egg, sukker og vanilje. Det gir ein lett og mild krem som er ein fin base for saftige, seine hausteple.  Denne oppskrifta passar til ei relativt lita paiform, ca. 20 cm. Slik gjorde eg det: Eplepai 120 g smør 250 g mjøl 50 g sukker 1 ts vaniljesukker 2 ss vatn Sett omnen på 180 grader. Køyr i matmølle til …

Rabarbrapai


Du får to rabarbrakaker på rappen denne helga, denne er ein klassisk pai, som eg aldri blir lei av. Den er også krydra, i dag har eg brukt kardemomme. Slik lagar du den: Rabarbrapai med kardemomme Paideig: 150 g mjøl 75 g smør 30 g sukker ½ dl vatn Topping: 1,5 dl havregryn, lettkokte 3 ss sukker 50 g smør 1 ts kardemomme Fyll: 700 g rabarbra 100 g sukker ½ ts kardemomme Set steikeomnen på 200 grader. Ha mjøl, sukker og smør i ei matmølle, og køyr det til ein smulete deig. Ha i vatnet, og la matmølla gå litt til, slik at deigen samlar seg om kniven. Form deigen til ein diskos, og legg den i kjøleskapet ein halvtimes tid. Ha ingrediensane til toppingen i matmølla, og køyr dei til ein grynete masse. Ha den over i ei skål og set den i kjøleskapet. Kjevle ut paideigen, og dekk ei 25 cm paiform med den. Kutt av det overflødige som heng ut over kantane, prikk botnen og legg nokre erter eller glassteinar i …

Lekker ostepai


Denne ostepaien er perfekt til ein maibuffé, som vegetaralternativ på 17. mai eller som smårett når venninnene møtest for å dele ei flaske vin. Det er lett å variere smaken etter kor smaksrik ost du brukar. Eg blanda litt fetaost og ein edamer som eg har gøymt unna sidan jul, den paien fekk skikkeleg punch. Viss du brukar mildare ostar kan du garnere paien med salte smakar som spekeskinke eller lodderogn og rømme. I så fall kan du lage paien med naturell kremost, til dømes. Versjonen eg lagde i dag står heilt på eigne bein, du treng berre eit godt glas kvitvin ved sidan av. Paien får ein luftig og lekker konsistens på grunn av egga og den piska fløten. Denne porsjonen passar akkurat til mi paiform, som er 25 cm i diameter. Slik gjorde eg det: Ostepai Paiskal: 80 g smør, kaldt og i terningar 160 g kveitemjøl 2-3 ss kaldt vatn Fyll: 250 g riven/smuldra ost 1,5 dl kremfløte, ”naturell” 1,5 dl kremfløte, piska 3 egg ¼ ts kayennepeppar Sett omnen på 200 …

Butterdeigpai med squash


I mai kjem festdagane som perler på ei snor. I dagane framover får du nokre gode og enkle mattips, slik at du kan invitere gjestar utan å sveitte over grytene i dagevis. Den enklaste paien lagar du av smørdeig. Den kjøper du i butikken, til og med Jamie Oliver gjer det. Den ligg i frysedisken og ser ut som ei kjedeleg veggpryd, men den kan varierast i det uendelege. Eg har lagd ein enkel liten squashpai med den, som er perfekt som fingermat. Juster storleiken etter om du skal ha tallerknar eller om folk berre skal forsyne seg på servietten. Til ein fingermatbuffé kan du skjere rutene slik at det akkurat er plass til ei squashskive på dei. Osten kan varierast. Her brukte eg cheddar, den er salt og god. Du kan også bruke pecorino eller mozarella, jarlsberg er også godt. Slik gjorde eg det: Squashpai 5 plater smørdeig Ein squash 1 dl crème fraïche 1 ts urtesalt 1 ts honning 100 g ost Litt olivenolje Ruccola til pynt Eit samanpiska egg Sett omnen på …

Aspargespai til mange


Eg held framleis på med oppskriftene frå sekstenåringens bursdagsfest forrige helg. Dette er hovudretten, ein pai med asparges, bacon og raudløk. Den vart sett pris på av dei fleste, og eg tenkte at sidan dette er ei stor oppskrift kan den vere grei å ha til påkommande festar. For ein pai må ikkje lagast i ei rund form med bølgekant. Denne lagde eg i ei av langpannene mine, ikkje den som kom med omnen men ei eg har kjøpt på Jernia som kjem med lok. Den har rette, fine kantar så den er enkel å bruke, og sleppbelegget gjer at ingenting legg seg ved. Storleiken på forma er ca. 20×30 cm, og dette er mellom 12 og 16 serveringsporsjonar, alt etter kor store stykke folk tek. Aspargespai 250 g smør 500 g mjøl 1 dl vatn 1 ts salt 500 g bacon i terningar Tre raudløkar 400 g sopp 500 g ferdig rensa asparges Smør til steiking Salt og peppar 14 egg 5 dl kremfløte 2 dl mjølk 100 g riven parmesan Set omnen på …

Fruktcrumble – og litt matøkonomi


På bursdagsfesten til sekstenåringen serverte eg ein fruktcrumble som eg lagde med dei fruktene eg hadde i huset. Eg hadde eple, plommer og mango, og det vart ein fin balanse mellom aromatiske eple, syrlege plommer og den søte mangoen som heldt på å bli overmoden. Toppingen på ein crumble (eller smuldrepai) må vere god, elles vert den kjedeleg. Det finst mange variantar av denne, og på søndag lagde eg heilt min eigen. Eg har tidlegare fortalt om kor glad eg har blitt i brødbakemaskinen vår. Ulempa med ein brødbakemaskin er at med kvar omgong brød vert det ein liten del som er litt “ukurant”. Det er den delen av brødet som sit der kniven hamnar. Der kniven sit når brødet er ferdig vert nemleg ei lita hole i brødet, og akkurat rundt der er det ikkje så lett å skjere fine skiver. Min kjære kom opp med idéen om at ein kunne lage brødterningar av dette. Det går fint å lage krutongar av slike restar. Men hans forslag var meir spennande. Han hadde vakse opp …

Gjenbruk på kjøkkenet


Eg er ganske flink til å bruke restar, men enkelte restar er vanskelege å bruke opp. Då hamnar dei lett i søpla, men eg mislikar sterkt å kaste mat, så eg prøver så godt eg kan å få brukt dei på ein fornuftig måte. Når ein lagar pai er det ganske vanskeleg å ikkje site att med litt paideig. Du kjevlar den ut, og så skjer du rundt kanten , og så sit du der med ein liten neve deig. Her om dagen fann eg ein fin måte å bruke opp paideigen på: Bland den med havregryn og litt sukker, og lag ein smuldredeig til ei epleform! Slik gjorde eg det: Epleform Ein neve paiskalrestar 75 g havregryn 50 g sukker 4 store eller åtte små syrlege hageeple Sukker og kanel til strøing Ha paiskalrestane i ein bolle. Ha i havregryn og sukker, og smuldre det heile saman med fingrane til det er ein grynete masse. Skrell epla, del dei i to og fjern kjernehuset. Skjer dei i tynne skiver. Legg skivene utover i ei …

Skinkepai med raud pesto


Denne enkle skinkepaien er ein sikker vinnar til ein vennelunsj, til ein buffet eller som kveldskos ein laurdag når verken pizza eller taco står på menyen. Eg brukte raud løk og paprika i min, i tillegg til skinke. Skinka kan byttast ut med laks eller røykt makrell. Grønsakene kan også varierast etter kva du har i kjøleskapet. Eg har testa ut ulike variantar av paiskal, med smør, margarin og med kesam i deigen. Eg har kome til at deigen med margarin er lettast å kjevle ut. Eg veit at mange har store motforestillingar mot margarin, men til paiskal fungerer det altså strålande. Den raude pestoen som eg hadde på toppen gir ein god tomatsmak, og passar perfekt med ostemassen og grønsakene. Raud pesto kan du kjøpe på glas, eller lage sjølv, slik eg har gjort. Rekk du ikkje å lage den, eller ikkje får tak i raud pesto i butikken, så er paien god utan og. Raud pesto 200 g tørre soltørka tomatar 100 g parmesan 100 g pinjekjerner Olivenolje Legg tomatane i bløyt i …

Haustetid


No bugnar butikkar og torg av deilige, norske grønsaker. Eg er ikkje ein av nasjonalromantikarane som insisterer på at alt norsk er best, men nyhausta grønsaker er knallgodt uansett kvar ein er. I dag har eg laga ein haustpai med det eg fann på torget. Eg tok med ein pastinakk, ein fenikkel og ein pose fersk sopp, i tillegg til ein bunt løk. Med enkle middel fekk eg til ein knallgod pai som kan brukast åleine eller som tilbehør. Eg lagde den til meg sjølv opprinneleg, men dagen der på serverte eg den med røykalaks og urterømme, og det vart stor suksess. Som alle paiar er denne perfekt på eit koldtbord. Dei som er vegetarianarar slit ofte med å finne noko dei kan spise på bufféar, med denne har du laga eit godt alternativ for dei og. Paideigen min har eg frå Carl Butler, det er ingen grunn til å finne opp hjulet på nytt. Den er smidig og fin å jobbe med, og eg lagar den lynkjapt i matmølla. La den kvile før du kjevlar …

Vårmat – frittata med jordskokk og asparges


Asparges og jordskokk er perfekt vårmat. Men passar dei saman? Eg er så heldig at eg har asparges i hagen min, og dei fleste vert etne rå medan eg held på i hagen. Men av og til kjem det så mange så fort at eg kan ta dei inn og bruke dei i ein middag. Venninna mi har jordskokkar, og kvart år til bursdagen min i mai kjem ho over plenen med ei korg full. Jordskokkar er eigentleg eit ugras, tenk nøye over kvar du plantar dei. Dei invaderer gjerne pene staudebed og grønsakshagar viss dei får lov.  Jordskokken veks og kan haustast heile vinteren, så sant du klarer å grave i jorda. No på våren er den på sitt største, og du finn den i velassorterte grønsaksbutikkar. Den er svært næringsrik, men karbohydrata i jordskokken er ein sjeldan type som kallast inulin. Dette karbohydratet vert ikkje teke opp i kroppen på same måte som andre karbohydrat, så blodsukkeret stig sakte og fell sakte når ein et jordskokk. Smaken er nøtteaktig, med eit hint av …

Ein hjartepai – eller quiche?


Mat laga med hjarta er den beste, ikkje sant? Denne gode paien var middag i går, hjarta lagde eg av ein slik lang, tynn paprika som vart delt i to og så sett saman motsett veg. Du kan berre legge ringane på paien og. Slik gjorde eg det: Hjartepai 125 g smør 250 g mjøl 0,5 dl vatn Ei klype salt 5 egg Eit beger kremost, eg brukte krydderost 2 dl matfløte 150 g skinke Ein raud paprika 20 cm purre To stilkar stangselleri Salt og peppar Set omnen på 180 grader. Ha mjøl og smør i ei matmølle, og køyr det med kniven til det er grynete. Ha i vatnet, det må vere iskaldt. La kniven gå til deigen samlar seg rundt den. La paideigen kvile litt før du kjevlar den ut slik at den er litt større enn forma. Dytt den godt nedi og oppover kantane. Den krymper når du steiker den. Prikk nokre hol i botnen på paien, og forsteik skalet i 10 minutt. Ta den ut. Set omnen opp til 200 …

Skattar i hagen


Når ein finn skattar i hagen må ein bruke dei. Spesielt når det er vårskattar, dei varer så kort. Ein slik skatt er rabarbra. Ja, eg veit at eg skreiv om rabarbra for berre nokre dagar sidan, men får ein nok gode rabarbraoppskrifter? Eg syns ikkje det, problemet med rabarbra er ofte å få brukt den opp før jonsok kjem og oksalsyra gjer at den vert dårleg mat. I dag lagar eg ein fin rabarbrapai. I tillegg til at den smakar fantastisk, er den glutenfri. Det gjer at den er fin å sette på festbord der glutenintolerante ofte slit med å finne noko til kaffien. Eg lagde den med flytande margarin, og dersom du brukar Euroshopper sin flytande margarin er den dermed også mjølkefri. Det er også fort gjort å lage den. Det vanskelegaste er å piske eggekvitene, og det får du vel til? Slik gjer du det: Rabarbrapai 8 dl/400 g skylt og hakka rabarbra 175 g sukker 100 g smør eller margarin 100 g mandlar 3 små egg Sett omnen på 175 grader. …

Quiche Lorraine


I dag har Heidi laga pai, ein klassisk fransk quiche lorraine. Ho slit med å få mennene i huset til å ete det, men det er berre fordommar. Dette er mat for samtlige kjønn, spør du meg. Heidi har gjeve ut kokebok, den heiter Bakebok for mannfolk, og er framleis å få tak i her og der. Sist eg såg den var i bokhandelen på Gardermoen, underleg nok. Alt godt Pai, seier mannen min, var dette nødvendig då? Pai, seier gutane mine, har du ikkje noko anna? Slik kan det høyrest ut ein laurdagskveld heime dersom eg får bestemme menyen. Det hadde vore betre om eg serverte fiskebollar. Pai er tydelegvis ein rett som ikkje fell i smak i huset vårt. Av og til lurer eg på om det er sant slik enkelte hevdar at det finst kvinnfolkmat og mannfolkmat. Denne paioppskrifta er henta frå, ja nettopp, ”Bakebok for mannfolk” . Dette med pai har frå mi side vore mykje prøving og feiling, og mange paiar har gått rett vest ned til hønene i hagen. …

Meir rabarbra – ein pai denne gongen


Når ein først har kome i siget med slike deilige vårvekstar som vi har i hagen no er det ikkje lett å stoppe. Eg er av den sorten som syns at for mykje av det gode er heilt fantastisk, han eg er gift med vil ha variasjon. Vi prøver å møtast på ein slags middelveg, men denne helga fekk eg viljen min; rabarbrasuppe med krem på fredag og rabarbrapai med vaniljeis på laurdag. Paien eg lagar i dag er ein smuldrepai, ikkje så ulik denne. Den er utan nøtter, og mjølkefri viss du brukar mjølkefri margarin, for eksempel Euroshopper flytande margarin, og droppar vaniljeisen. Kokosis er også veldig godt til, dei variantane eg har sett er mjølkefrie. Eg likar også å tenke at denne paien er ørlite sunnare, sidan eg brukar havregryn i mjølblandinga. Den inneheld iallfall ein god dose kostfiber, og det er vel bra? Denne paien kan også lagast med kvann, eg var lat og gadd ikkje gå ned trappene og hente, men har du kvann så putt ein neve finhakka i paien. …

Ukrut i hagen


Slit du som eg med skvallerkål i hagen? Tyskerkål kallar nokre den, prestegardsugras er eit anna namn den er kjent under. Aegopodium podagraria heiter den på latin, og som namnet seier skal den ha ei viss effekt mot urinsyregikt. Dei fleste ser på den som ei plage, sjølv om enkelte entusiastar samlar på ein variegert (brokblada) type som visstnok ikkje skal vere så invaderande. For invaderande er verkeleg rett adjektiv på denne planta. Den spreier seg med røtter og med frø, og tek kreftene og til slutt livet av dei fleste vekstar den hamnar saman med. No har eg lært meg å leve med skvallerkålen, og det gjer eg ved å ete den. Små, spede skvallerkålblad smakar som spinat, og kan brukast i salatar, stuingar og supper. Her skal du få oppskrift på ein pai med skvallerkål og oliven, og ei suppe. Skvallerkålrettar smakar best når du brukar nye skot. No tidleg på våren er det lett, då er det berre å plukke i veg. Når den er i god vekst kan det lønne seg …