Kjøper du med litt frukt? Seier eg til min kjære.
Og det gjer han. Han kjem heim med eple, bananar og appelsiner, og fruktfatet bugnar. Bananane vert fort borte, appelsinene tekk litt lengre tid. Men det slår ikkje feil. Ved slutten av veka ligg det ein appelsin og nokre lett rynkete eple att. Så då er det opp til meg å finne på noko kreativt med det som ligg på fatet.
Vi har tilbrakt nokre sommarar i Stor-Britannia, og den beste maten får du faktisk på dei lokale pubane. Der får du tradisjonell engelsk kost, som Sheperd’s pie, bangers and mash, og den retten eg har laga i dag, toad in the hole. Min versjon av retten består av gode pølser som vert bakt med løk og eple i ei krydra pannekakerøre, ikkje ulikt den dei brukar når du får Yorkshire pudding, eit vanleg tilbehør til engelsk søndagssteik.
Toad in the hole betyr ”padde i holet”, kanskje kan det sjå ut som ei padde som tittar opp av eit jordhol når pannekakerøra hevar seg opp rundt pølsene. Denne retten vert vanlegvis laga i ei gratengform, men eg lagde den som små porsjonspaiar. Grunnen til det er enkel, vi hadde to pakkar med tre pølser i kvar i kjøleskapet. Ein svolten tenåring hadde gått til åtak på den eine pakken, og fire pølser på fire personar ser snautt ut når dei vert steikt heile. Når dei vert delt opp derimot, er det ingen som tel pølser. Enkel matøkonomi.
Dei rynkete epla steikte eg saman med løk og urter, og la i botnen av forma. Dei gir sødme og aroma til småpaiane, og er med på å løfte det heile. Til paiane serverer eg ein mos av gulrøtter og ein kål- og fenikkelsalat. Mosen kan også lagast av søtpoteter om du finn det, og du kan servere pølsepaiane med kålrotstappe og. Både gulrotmos og søtpotetmos kan smaksettast med appelsinskal, og safta av appelsinen brukar eg i vinaigrette til salaten. Slik gjer eg det:
3 dl mjøl
3 egg
3 dl mjølk
1 ts salt
2 ts sterk sennep
Seks gode pølser
3 løk
2 eple
½ ts rosmarin
½ ts salvie
½ ts timian
2 ss olivenolje
2 ss smør
Salt og peppar
Sett steikeomnen på 225 grader.
Skrell løkane, og del dei i båtar. Skrell epla, fjern kjernehus og stilk, og del dei i terningar. Smelt smøret i ei steikepanne, og ha i olivenoljen. Steik løken gyllen. Ta det ut av steikepanna med ei skei. Ha i litt meir smør, og steik epla slik at dei får ein gyllen farge. Krydre med urter, salt og peppar, og vend løken inn. Sett til side.
Knekk egga i ein bolle, og rør inn mjølk og mjøl vekselsvis. Ha i salt og sennep, og la røra stå litt.
Har du silikonformer, så treng dei ikkje smøring. Metallformer bør smørast litt med olje eller smør. Sett formene på steikebrettet. Legg litt eple- og løkblanding i kvar form, ca. ei raus spiseskei.
Får du løkblanding til overs, så server den til paiane.
Del pølsene i passe lange bitar, og legg to bitar i kvar form. Hell på røre til det er ca. ½ cm plass att. Røra hevar seg, så den må ha litt plass. Bak paiane på 225 grader i 30-25 minutt, til dei er pent gylne, og pølsene har fått god farge.
Har du vegetarianarar til bords, så lag paiane med ekstra løk- og epleblanding i, kanskje også supplert med litt sopp i.
Server paiane med gulrotmos og kål- og fenikkelsalat.
Gulrotmos
800 g skrelte gulrøtter eller søtpotet i terningar
Skalet av ein appelsin
1 ts riven ingefær
50 g smør
0,5 dl kremfløte
3 ss olivenolje
¼ ts chiliflak eller tabasco
Salt og peppar
Rens gulrøttene, og kutt dei i terningar. Kok dei møre i lettsalta vatn. La vatnet renne av, og ha gulrøttene tilbake i gryta. Ha fløte, ingefær, finrive appelsinskal, olivenolje og smør i gryta, og køyr mosen glatt med stavmiksar. Vil du ha ein grovare mos, så bruk ein potetstappar. Smak til med salt, peppar og chili eller tabasco. Hald mosen varm. Du kan droppe ingefær og appelsin, mosen blir god for det.
150 g fenikkel
150 g kål
50 g purre
Appelsinsaft av ein appelsin
1 ts sennep
½ ts salt
1 ts tørka dill
Snitt grønsakene så fint som du kan. Eg brukar ein mandolin, ein kuttemaskin som kuttar ned til 0,75 millimeter. Vend grønsakene saman i ein bolle. Rør saman appelsinsaft, sennep, salt og dill. Slå dressingen over, og vend det heile saman.