All posts tagged: Pølser

Tilbake til røttene

I dag har eg laga mos av søtpotet og vanleg potet, for det var det eg fann i grønsaksskuffa. Vi spiste denne mosen saman med snekkaren som jobbar i huset vårt i Sverige forrige helg, og no har han bede om oppskrifta, så det tek eg som eit stort kompliment. Denne er til deg, Bernt! I denne mosen kan du bruke kålrot, gulrot, persillerot eller sellerirot i tillegg til poteter av ulike slag. Godt blir det uansett, og det passar til alt av kjøt og fisk. Enklare blir det ikkje! Til mosen serverte eg karamellisert løk og steikte pølser. Eg er veldig glad i gode pølser, og når du kuttar dei i bitar slik av har gjort så et ein faktisk mindre av kjøtet enn ein elles ville ha gjort. Mange tenker at ei pølse per person er for lite, og når du steiker den heil så virkar det kanskje litt knuslete, men prøv å kutte den i bitar, og steike den slik. Då vert plutseleg fire-fem bitar nok, og du er god og mett etter …

Bulghursalat med saltsylta sitronar

I dag har eg laga ein bulgursalat. Den er laga med bakte grønsaker, og ein ganske intens og smakfull krydring som gjer at dette vert eit tilbehør utanom det vanlege. Ulempa er at du teknisk sett ikkje kan lage dette før om ein månad. Det er nemleg så lang tid det tek å lage saltsylta sitronar, som er ein viktig ingrediens i denne retten. Til gjengjeld har du saltsylta sitronar i årevis når du først lagar det, så eg kan ikkje anna enn å tilrå at du tek deg på tak og lagar eit stort glas fullt. Då har du ein aldeles magisk ingrediens i hus som løftar dei fleste middagsrettar til høgder du ikkje visste fantest. Saltsylta sitronar er eit marokkansk fenomen. I Marokko er det standard tilbehør i ein klassisk tagine, denne gryta med geitekjøt og grønsaker som vert bakt i eit stort leirfat med pipe på som vert plassert på eit bål. Men eg brukar saltsylta sitronar i salatar, i dressingar, gryterettar og som her, i ein bulgursalat. Bortsett frå dei saltsylta sitronane …

Epla som ingen vil ha

Kjøper du med litt frukt? Seier eg til min kjære. Og det gjer han. Han kjem heim med eple, bananar og appelsiner, og fruktfatet bugnar. Bananane vert fort borte, appelsinene tekk litt lengre tid. Men det slår ikkje feil. Ved slutten av veka ligg det ein appelsin og nokre lett rynkete eple att. Så då er det opp til meg å finne på noko kreativt med det som ligg på fatet. Vi har tilbrakt nokre sommarar i Stor-Britannia, og den beste maten får du faktisk på dei lokale pubane. Der får du tradisjonell engelsk kost, som Sheperd’s pie, bangers and mash, og den retten eg har laga i dag, toad in the hole. Min versjon av retten består av gode pølser som vert bakt med løk og eple i ei krydra pannekakerøre, ikkje ulikt den dei brukar når du får Yorkshire pudding, eit vanleg tilbehør til engelsk søndagssteik. Toad in the hole betyr ”padde i holet”, kanskje kan det sjå ut som ei padde som tittar opp av eit jordhol når pannekakerøra hevar seg opp …