Billig mat, Kjøtt, Mat, Middag, Tilbehør
Leave a Comment

Tilbake til røttene

I dag har eg laga mos av søtpotet og vanleg potet, for det var det eg fann i grønsaksskuffa. Vi spiste denne mosen saman med snekkaren som jobbar i huset vårt i Sverige forrige helg, og no har han bede om oppskrifta, så det tek eg som eit stort kompliment. Denne er til deg, Bernt!

I denne mosen kan du bruke kålrot, gulrot, persillerot eller sellerirot i tillegg til poteter av ulike slag. Godt blir det uansett, og det passar til alt av kjøt og fisk. Enklare blir det ikkje!

Til mosen serverte eg karamellisert løk og steikte pølser. Eg er veldig glad i gode pølser, og når du kuttar dei i bitar slik av har gjort så et ein faktisk mindre av kjøtet enn ein elles ville ha gjort. Mange tenker at ei pølse per person er for lite, og når du steiker den heil så virkar det kanskje litt knuslete, men prøv å kutte den i bitar, og steike den slik. Då vert plutseleg fire-fem bitar nok, og du er god og mett etter ei pølse. Har du laga nok mos så kan dei som er innhole spise seg mette på den, og så deler ein på pølsebitane. Finn du medisterpølse eller mårpølse, så passar det også heilt perfekt til denne mosen.

Karamellisert løk er eit utruleg godt tilbehør, og her brukte eg sjalottløk. Du kan like gjerne bruke vanleg gul eller raud løk, alle typar er like gode. Eg fresar løken i smør, og så slår eg på eplemost eller juice, og lar det stå til løken er gyllen og mjuk. Då blir det ei deilig sjy og, som løftar det heile smaksmessig. Å brune løk tek ofte litt lengre tid enn du trur, men pass på at du ikkje blir for ivrig. Då blir det brend løk i staden, og det er ikkje på langt nær så godt.

Karamellisert løk

8-10 sjalottløkar eller 2 store vanlege

2 ss smør

2 dl eplejuice

Salt og peppar

Rens løken, og skjer den i båtar. Smelt smøret på middels varme i ei steikepanne. Ha i løken, og la den surre til den er gyllen. Det tek gjerne 10-12 minutt. Slå på eplejuice, og legg på eit lok. La det heile stå i fire-fem minutt til på svak varme. Smak til med salt og peppar. Sett til side.

C4VgBfWHRnaPB27gla8QagSøtpotetmos (6 porsjonar)

Tre søtpoteter

Seks vanlege poteter

Vatn og salt

I mosen:

3 ss smør

2 ss rømme

Salt, peppar og muskat

Skrell potetene og søtpotetene, og del dei i ca. 2×2 cm store bitar. Ha dei i ein romsleg kjele, slå på vatn og ha i 1 ss salt. La dei koke i ca. 20 minutt. Hell av kokevatnet, og ha smør og rømme oppi kjelen. Legg på loket, og la det stå fem minutt. Mos det heile til ei grov stappe. Smak til med salt, peppar og litt riven muskatnøtt. Hald mosen varm.

Kutt ei pølse per person i 2 cm lange bitar. Steik pølsebitane i smør til dei er gylne og gjennomvarme. Vend den karamelliserte løken oppi pølsepanna, og la den bli gjennomvarm. Legg søtpotetmosen ut på eit fat, og fordel dei steikte pølsene og løken oppå mosen.

Leave a Reply