Allergi, Billig mat, Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Mat, Middag, Supper
Leave a Comment

Tre middagar i ein

Har du tenkt på kor mykje tid du sparer viss du lagar tre middagar i slengen? Det beste er at du sparer pengar og, så i dag skal eg lære deg eit skikkeleg sunnmøringstriks.

Eg tek utgangspunkt i ein kylling eller ei høne. Når eg er i butikken sjekkar eg to ting: halv pris-disken og frysedisken. Finn eg ein landkylling med kjøttfulle lemmer i halv pris-disken så er det ingenting å lure på, den blir med heim. Ein slik kylling kan fort bikke to kilo, og når dei er på halv pris er det mykje mat for pengane.

Alternativet er å sjekke frysedisken. Der kan du nemleg vere heldig å finne frosne høns. Dei er ofte ikkje så store, dei ligg og vakar i underkant av ein kilo, men ta med tre stykke. Det tek nemleg ikkje noko meir tid å koke tre enn å koke ei, så då er det berre plassen i gryta som begrensar deg.

Kor mange middagar ein får av ein diger kylling eller tre verpehøns varierer sjølvsagt med kor stor familie du har, men det er ingen kunst å få til tre middagar til fire personar. Det løyser du ved å lage ein frikassé, og to supper. Til supper går det mykje mindre kjøt enn til ein vanleg middag, men det interessante er at ein blir ikkje mindre mett. Når middagen i tillegg så og seie er ferdig tillaga når du kjem heim og har det travelt, så er det berre kreativiteten som set grensene.

Kyllingbrysta brukar eg i ein frikassé, ein klassisk søndagsmiddag der kokt kjøt vert servert med kokte grønsaker og ein jamna saus. Det er ein ekte barndomsmiddag, og noko av det beste eg veit. Sausen skal vere litt søt og litt syrleg, og det er mange måtar å oppnå det på. Eg har litt vin i krafta, men det er ofte ikkje nok. Med litt eddik i sausen får du akkurat den rette balansen mellom surt og søtt.

I dag laga eg ei thailandskinspirert suppe, den kallast ofte tom kha gai. Den er veldig enkel, ikkje så mykje grønsaker, men masse smak. Vil du ha den litt meir mettande, så server den gjerne med ei skål nykokt ris til, aromatisk jasminris er ein perfekt kombinasjon med denne suppa.

Dei klassiske thailandske aromatane er chili, lime, sitrongras og galangal eller ingefær. Kha betyr galangal, og i dag hadde eg ikkje det, så formelt sett er det ikkje tom kha gai når ein byttar ut galangal med ingefær. Oppå suppa drysser ein gjerne finhakka koriander.  Er du blant dei som avskyr koriander (det er visst ein genetisk disposisjon at ein opplever smaken som såpesmak) så kan du droppe den og. Sitrongras får du kjøpt i velassorterte butikkar, enten på glas eller i grønsaksavdelinga. Den skal ikkje spisast, berre knus den, og la den få koke med i suppa. Ta den ut før du serverer suppa.

Resten av kjøtet på skroga tek eg vare på til ei tradisjonell kraftsuppe. Den kan varierast på uendeleg mange måtar, så her kan du verkeleg få tømt grønsaksskuffa i kjøpeskapet. Vil du gjere den fyldigare kan du ha i ein pakke fløte, og kanskje jamne med litt maisenna.

_MG_4565Kokt høne/kylling

Ein stor landkylling eller tre høner, tinte

Ein liter vatn

3 dl kvitvin (kan bytast ut med 3 dl vatn og 2 ss sitronsaft)

10-15 pepparkorn

Skrell av sellerirot, gulrøtter og persillerot

Det grøne på purren, delt på langs og skylt

1 ss salt

2 laurbærblad

Ha fuglen i gryta saman med grønksakene og krydderet.  Kok opp vatnet i vasskokar, og slå over saman med vin/sitronsaft. Ha plata på fullt til det kokar opp. Skru ned til sydetemperatur, og la det stå i ¾-1 time (lengst koketid med stor kylling) til kjøtet er mørt.

_MG_4567Fisk ut fjærkreet, og legg det i ei langpanne. Dra beina ut og til side med ein gaffel, og la det ligge og kolne. Fjern skinnet, skjer ut brysta, og legg dei til side. Rens av alt kjøtet, og kutt det i cm-store bitar. Fordel det i to porsjonar, omtrent like store. Sil krafta, og ta vare på den.

_MG_4577Tom kha gai (Thailandsk suppe)

1 liter kraft

3 cm ingefærrot, skrelt

3 fedd kvitløk

2 raude chili

Ein boks kokosmjølk

Ein stilk sitrongras

To sjalottløk

500 g kyllingkjøt i bitar

Ein liten bunt koriander

Ei klype brunt sukker

Fiskesaus og peppar

Kok opp krafta med ein stilk sitrongras som du har banka i slik at det splittar seg opp. Snitt ingefærrot, chili og kvitløk syltynt, og ha skivene i krafta. Slå på kokosmjølk, og la det koke opp. Finhakk sjalottløken, og ha den i. La suppa koke i fem minutt. Ha i kyllingbitane.

 Smak til suppa med sukker, fiskesaus og peppar, og skvis i så mykje limejuice som du likar før servering. Server suppa med ei skål kokt jasminris ved sidan av.

 

Leave a Reply