Haustpizza
Kan eg få by på ein sprø, smakfull pizza? Ingen seier vel nei til det? Eg elskar pizza heile året, så hausten er ei like god unnskyldning som noko anna til å bake ein lekker pizza med forskjellige toppingar, så alle blir i godt humør og mette i magen. Pizza er enkelt, det einaste som tek litt tid er hevinga, for du får ein betre pizza om deigen får forheve før du går i gang med å ha på fyll. Eg kjenner folk som kaldhevar deig i kjøleskapet meir eller mindre kontinuerleg, det er fullt mogeleg. Bak med kald væske og litt mindre gjær enn i mi oppskrift, så kan deigen stå både to og tre dagar. Elt den saman igjen no og då, så slepp du at den overhevar og kollapsar. Men denne pizzaen er ein vanleg «hurtigdeig», eller så hurtig som det kan vere, når det er snakk om gjærbakst. Det morsommaste med pizza er at du kan lage den med det du måtte ha i kjøleskapet. Du treng ikkje dra på kompliserte …