No er utvalet i grønsaksdisken heilt fantastisk, og då gjeld det å nytte høvet til å improvisere. Butikkane tek inn det som er i sesong, og det som blir kjøpt, så då må vi kundane ta med oss det gode som finst der.
For tida er det til dømes lett å finne erter og bønner, for ikkje å snakke om rotgrønsakene, som er veldig flotte akkurat no. Eg sveiva i gang ei god suppe, og det gjorde eg på grøne bønner, sukkererter, gulrøtter og ein gul paprika. Fargerikt og smaksrikt på ein gong, det er lett å like.
For å få i litt ordentleg kjøtsmak laga eg kjøtbollar av kyllingkjøtdeig. Det er ei takksam råvare, som ein kan putte full av smak. Eg krydra med italienske urter og salt, og så gjeld det å huske på å lage kjøtbollane små nok. Når ein sper dei litt som eg gjer, så bles dei seg opp og blir luftige og fine. Det er flott, men dersom du lagar dei for store flyt dei rundt som kjøtkaker i suppa. Det kan bli litt voldsomt. Dei skal ikkje vere større enn ei stor klinkekule. Trikset er å lage dei med ei lita teskei.

Vil du bruke noko anna enn kylling, så kan du fint lage kjøtbollar av svinekjøtdeig eller lammekjøtdeig. Lammekjøtdeig skal vere mogeleg å få tak i no i sesongen, og gir ei veldig smaksrik suppe.
I tillegg til alle dei deilige grønsakene har eg vore ute i hagen og plukka inn urter. Eg fann oregano, persille og grasløk, som eg strødde over suppa til slutt. Stilkane til persillen kan du la koke med i suppa, dei gir god smak. Berre pass på å fiske dei ut før du serverer.
Både grønsakene og urtene i denne suppa kan varierast. Har du til dømes persillerot, pastinakk eller sellerirot passar det perfekt i suppa. Det same gjeld om du har andre typar erter og bønner. Ein selleristilk eller to kan og kappast fint, og få vere med, og har du ein kålskalk kan den og kuttast opp og puttast i gryta. Suppa blir kjempegod med timian i, då kan den gjerne få koke i frå byrjinga av.
Viss du vil, kan du jamne suppa med litt maisenna eller mjøl og smør knadd saman, som du rører ut i litt av krafta. Det gjev ei fyldigare suppe, og du vil oppleve den som meir mettande. Brukar du maisenna er denne suppa glutenfri. Byttar du ut mjølk med vatn når du sper bollane er den også mjølkefri.

Kyllingbollar til kjøtsuppe
400 g kyllingkjøtdeig
1 ts salt
¼ ts peppar
Eit egg
1 ss potetmjøl
3 ts mjølk eller vatn
2 ts blanda tørt urtekrydder eller
½ ts tørr basilikum
½ ts tørr timian
½ ts tørr oregano
½ ts tørr, knust rosmarin
Rør kjøtdeigen glatt og seig med salt og peppar. Knekk i egget, og rør godt. Ha i potetmjøl, og rør det godt inn før du sper litt og litt med mjølka. Elt inn krydderet til slutt.
Ha 1,5 liter vatn i ein kjele. La det koke opp, og la det stå og trekke. Form små kjøtbollar med ei teskei, og slepp dei oppi gryta. Hald fram til du har brukt opp all kjøtdeigen. La det stå og trekke nokre minutt, og så tek du kjøtbollane ut og legg dei på eit fat. Set til side. La krafta bli att i gryta.
Kyllingsuppe
1,5 l kraft frå kjøtbollekokinga
400 g gulrøtter
300 g purre
200 g grøne bønner
100 g sukkererter
Ein gul paprika
Ein neve hakka urter
(Evnt: 3 ss maisennamjøl rørt ut i 1/2 dl vatn)
Skrell gulrøttene, og skjer dei i fine skiver. Splitt og skyll purren, og snitt den fint. Ha purre og gulrotbitar i gryta, og la det koke i ti minutt. Medan suppa kokar gjer du klar resten av grønsakene. Finsnitt bønner og sukkererter, og rens paprikaen. Skjer den i små bitar.
Når suppa har kokt i ti minutt og gulrøttene er møre, har du i resten av grønsakene og kjøtbollane. La det koke i eit par minutt, til alt er gjennomvarmt. Vil du ha maisenna i, så rør det i til slutt, før det siste oppkoket.
Dryss på finhakka urter før du set gryta på bordet. Server suppa med eit ferskt brød til.