Kan eg få by på ein sprø, smakfull pizza? Ingen seier vel nei til det?
Eg elskar pizza heile året, så hausten er ei like god unnskyldning som noko anna til å bake ein lekker pizza med forskjellige toppingar, så alle blir i godt humør og mette i magen.

Pizza er enkelt, det einaste som tek litt tid er hevinga, for du får ein betre pizza om deigen får forheve før du går i gang med å ha på fyll. Eg kjenner folk som kaldhevar deig i kjøleskapet meir eller mindre kontinuerleg, det er fullt mogeleg. Bak med kald væske og litt mindre gjær enn i mi oppskrift, så kan deigen stå både to og tre dagar. Elt den saman igjen no og då, så slepp du at den overhevar og kollapsar.
Men denne pizzaen er ein vanleg «hurtigdeig», eller så hurtig som det kan vere, når det er snakk om gjærbakst.
Det morsommaste med pizza er at du kan lage den med det du måtte ha i kjøleskapet. Du treng ikkje dra på kompliserte handlerundar til velassorterte kolonialar, bruk det du har. Eg fann nokre baconrestar, to mozarellakuler som holdt på å gå ut på dato, ein osteskalk og litt røykt skinke. Ut av det fekk eg to fine pizzaer, og eg fann til og med ein liten bit chevre, så eg fekk eit hjørne på den eine pizzaen til venninna mi som ikkje toler kuost, men som kan spise ost av geitemjølk, som chevre er. Eg laga to ulike sausar, ein kvit med urtepesto, og ein raud med tomat og løk. Begge er kjappe og enkle, og du fiksar to sortar saus og topping medan deigen hevar.
Har du høyrt om steinomnsbakt pizza? Eg kan love deg at det finst langt færre steinomnar til pizzabaking enn reklamen skulle tilseie. Men eg har funne ut trikset: Pudre steikebrettet med mjøl i staden for å bruke bakepapir. På den måten får du steinomnssmaken, glovarm omn, eit tynt lag mjøl og ein lett pizzadeig. Det blir garantert suksess.
Pizzadeig:
5 dl lunka vatn
1 ts salt
2 ss olivenolje
2 ts tørrgjær
2 ts honning
Mjøl til passe deig
Ha alle ingrediensane unntatt mjølet i ein miksmaster eller annan type kjøkkenmaskin som eltar. Ha i mjølet litt og litt, og elt godt til du får ein smidig deig. La deigen heve i bakebollen, slå den gjerne saman nokre gongar, då vert botnen lett å jobbe med.
Sett omnen på 250 grader. Dryss eit tynt lag mjøl på steikeplata. Kjevle ut deigen, og legg den på steikeplata. Gjer klar fyllet.

Fyll til kvit pizza
3 ss creme fraiche
3 ss basilikumpesto
100 g bacon i bitar
8-10 asparges
Ein liten gul løk
100 g plommetomatar
To mozarellakuler
Rør saman pesto og creme fraiche. Smør det utover pizzaen. Sprøsteik bacon, og dryss det over. Del aspargesane i to på langs, og legg dei utover. Snitt løken fint i skiver, og fordel dei på pizzaen. Del tomatane i to, og legg dei på pizzaen. Skjer mozarellakulene i skiver, og legg dei på til slutt.
Steik pizzaen på 250 grader i 8-10 minutt.

Fyll til raud pizza
2 ss olivenolje
Ein liten, gul løk
1-3 kvitløksfedd
1 ts oregano
Ein pakke hakka tomatar
Salt og peppar
Ei klype sukker
100 g riven ost
100 g røykt skinke
100 g plommetomatar
Varm opp olivenoljen i ei gryte. Finhakk løk og kvitløk, og ha det i gryta saman med oreganoen. La det surre til det er blankt og mjukt. Slå på ein pakke hakka tomatar, og la det koke friskt medan du rører i 10 minutt. Smak til med salt, peppar og ei klype sukker. Sett til side.
Riv osten, og del skinka i strimlar. Del tomatane i to. Smør tomatsausen ut over pizzaleiven. Fordel skinke og tomatar utover pizzaen, før du drysser osten over til slutt. Steik pizzaen på 250 grader i 8-10 minutt.