Month: desember 2009

Godt nytt år!

2009 har vore eit strålande år på mange måtar, først og fremst på grunn av at eg vart lokka utpå og lagde min eigen blogg. Det har vore humpete og, så eg har faktisk endå høgare forventningar til 2010. Dei innerste ynskja mine held eg for meg sjølv, men eg ynskjer iallfall lesarane mine eit spennande nytt år, med gleder, utfordringar og alt det som høyrer med til å vere menneske. Biletet ved sidan av er nyttårsbordet vårt, og på det skal vi servere gravlaks, kalkunbryst med hasselbäckpoteter og ein deilig nugatti-mousse som du snart får oppskrifta på. Ha ein fin nyttårskveld, bruk briller viss du skal styre med fyrverkeri og ta vare på små og dei firbeinte. Godt nytt år!

Delt lykke er dobbelt lykke

Eg har inngått ein avtale med barna mine; dei får ikkje ting-og-tang-adventskalendrar eller sjokoladekalender, men dei får ei gåve. Ei kalendergåve. Trettenåringen er i førstedivisjon når det gjeld maskaraforbruk, og fekk Diorshow Black i ei lita toalettmappe med ein eyeliner og ein miniskugge med fire fargar rundt fersken, brunt og krem. Stor suksess, og alt som reduserer bruken av turkis er av det gode. Elleveåringen elskar Lego starwars enn så lenge, og fekk Pirate tank med Hondo Ohnaka, Turk Falso og Obi-Wan Kenobi som mannskap. Stor lykke. Den vart kjøpt inn på Glasmagasinet (kombinert med ein liten tur i parfymeavdelinga, sjølvsagt). Vi tok heisen ned frå leikeavdelinga, og den nyslåtte eigaren av piratskipet var så lykkeleg at han trakk meg ned til seg og ga meg ein stor smask på kinnet akkurat idet heisdøra gjekk opp. I kaféen i første etasje sat det ein mann med kaffikoppen sin. Heilt på refleks smilte han det største smilet sitt til oss. Eg trudde først han kjende oss, men det gjorde han ikkje. Han syns nok berre det …

Au, au, au

Kort melding: Veldig vondt i kraftig forslått venstrearm (den eg brukar mest). Klassisk fall i trappa, ned frå nattakos, utan promille, men med bok og headset i hendene som ein sjølvsagt brukar meir krefter på å halde fast på enn å sleppe dei og ta seg for. Muligens noko mindre blogging dei næraste dagane, iallfall ingen lange epistlar. Godt nytt år, utan trappefall!

Festmenyen

No har du forhåpentlegvis fått kvile ut i juledagane, og har samla krefter til den store festen. Festkomitéen må samlast igjen, og fordele oppgåvene for sjølve festdagen og dagane før. På dette tidspunktet løner det seg å lage ein (ganske) nøyaktig tidsplan. Når skal dei siste tinga handlast, kvar skal dei oppbevarast, kven skal lage kva, kven skal frakte det som må fraktast og kven skal vere kvar på sjølve dagen. Som du ser av menyen, kan både forretten og desserten lagast i god tid på førehand. Bestem kven som skal handle inn til og lage desse, og når dei skal leverast på ”festplassen”. Husk å fryse ned isbitar til den store festen. Eg brukar plastposar til isbitar, og så tek eg ut isbitane av plastposane nokre dagar før festen, og legg dei laust i ei bøtte i frysaren fram til festen. Då slepp du å bli stressa over å måtte trykke kvar isbit ut av plasten medan utolmodige gjestar heng over deg. Så er det sjølve menyen. Den består av tre rettar: Festterrine med …

Noko av det søtaste II

Dette vesenet delar vi hus med i jula. Han (Ja, han er ein fullt utstyrt han) får bu her medan eigaren, som går i klassa til trettenåringen, er i Egypt. Hannen, som ikkje har namn, oppfører seg som ein fullbefaren fjortis, han søv til langt på dag, vekslar mellom å vandre overlegent rundt og å ville ha kos, og er konstant svolten. Om natta er han heilt propell, og fartar rundt i huset og finn på rampestrekar. I natt velta han dei fine duftlysa som sto på badet ned i badekaret med eit helsikes rabalder. Heile familien sto i sengene, og lurte på kva som hadde skjedd. Spennande netter, altså. Jaja, han har iallfall ikkje byrja ringe og be oss hente seg. Han held seg stort sett innandørs. Får vi gjestar legg han seg bak fryseskapet og blir der til dei har gått, til stor fortviling for små, søte kusiner som gjerne vil kose med han. Han let seg berre kose med av menneske over 10 år, med god impulskontroll. Men han er søt som …

Noko av det vakraste XXV

Så og seie kvar sommar frå 1990 til 2000 var eg på Toneheim på kordirigentkurs, eg sat i øvingskoret som dirigentelevane skulle lære av å dirigere. Vi hadde heile skulen til disposisjon, og det var fine sommarveker på Hamar. Vi song til politiet (lang historie), hadde konsertar i Vangskyrkja og livsvarige vennskap oppsto desse intense åtte dagane vi var saman kvar sommar. Ein kveld gjekk eg forbi auditoriet, og såg at det sat nokon ved flygelet. Eg gjekk inn, og sette meg heilt bakerst. Det var berre pianisten og eg i salen. Pianisten var (og er) ein anerkjent solist og akkompagnatør frå vestlandet, men han var på kurset som korsangar og dirigent, ikkje som pianist. Medan eg sat der spelte han fleire stykke av Edvard Grieg, men det som gjorde størst inntrykk på meg var Ensom vandrer, eit av dei lyriske stykka i hans Opus 47 no. III. Det er så vakkert, så melankolsk og så ettertenksomt, og han som spelte det for meg (og kanskje mest for seg sjølv) spelte det heilt utruleg nydeleg. Brazz …

Vi er klare!

I ettermiddag kjem slekta, og fåreribba (som enkelte kallar pinnekjøt) ligg i vatn for å bli klar i tide. Seks digre kålrabiar skal bli til stappe, og fem kilo mandelpoteter er klare til koking. I vasken ved sidan av ligg fire ringar med brudevollmår til tining. Det er alt for lite, but what can one do. Vi får late som om den ikkje finst, og gje ungane pølser. Eg brukar å la måren ligge oppå fåreribbene den siste timen, då er den dampa ferdig til kjøtet er klart. Når den ikkje ligg direkte i vatnet treng den litt lenger tid, men den misser ikkje så mykje smak når den får ligge slik i fåreribbedampen. Desserten står på loftet, det er ein deilig karamellpudding som eg lagde på veslejulaftan med eggeplommene som vart til overs etter at eg lagde plettar til naboen (og litt til oss sjølve. ;-)) Det er fint å ha eit stort kaldloft som eit ekstra kjølelager no i jula, der kan vi ha brus, farris, grønsaker og andre ting som ikkje må …

Dei 200 beste

Når nyåret nærmar seg går vi inn i listejournalistikkens æra. Då kjem det lister over alt mellom himmel og jord. Denne gongen er det lista over dei 200 beste hjerte-smerte-låtane gjennom tidene, som du finn her. Eg reknar meg som ein hjerte-smerte-låt-ekspert, og syns slike lister er morsomme. Frå min ståstad syns eg det var lite og feil Stevie Wonder, eg stussa på at dei har teke med My cherie Amour og You are the sunshine of my life, begge up-tempo glade lykkelåtar. Derimot har dei droppa den hjarteutrivande Lately, ein av mine store favorittar. Eg skulle og ynskje at dei hadde med Little Green av Joni Mitchell. Veldig mange fine har fått sin velfortente plass, som til dømes 50 ways to leave your lover og You’ve got a friend. For ikkje å snakke om I’m not in love, ein annan personleg favoritt. Kva syns du? Køyr debatt! (Og så kan du jo høyre på I’m not in love for å kjenne på stemninga.)

God jul!

No sig julefreden ned over huset her midt i byen. Det som skulle gjerast er gjort, og no skal vi nyte jula i fred og ro. Nedanfor ser du julevindauget mitt, med hjartet frå serenidipitycat midt på vrihasseltreet. Tusen takk! (Og vindauget speglar ei scene frå Love actually. Mmmm…) Eg ynskjer alle blogglesarar ei fredeleg jul og eit godt nytt år, takk for at de har vore innom, lagt att kommentarar og inspirert meg til å halde på vidare med blogginga.

Juletrøflar

Trøffel. Smak på ordet. Elegant, aromatisk og tiltalande. Trøflar er to ulike ting, dei som vert gravne opp av jorda rundt gamle eiketre i Frankrike, og ein spesiell type sjokoladekonfekt. Det er sjokoladekonfekten du skal få lære meir om hos meg i dag. Sjokoladetrøflar vert lagd ved at du smeltar sjokolade, tilset litt smør og fløte, og i tillegg eit smaksstoff av eit eller anna slag. Eg har eksperimentert på kjøkkenet i det siste, og lagd to typar trøflar som skal serverast som konfekt til kaffien og teen i jula. Utfordringa blir å halde trøflane unna nysgjerrige fingrar, dei kan freiste ein stakkar over evne. I tillegg har trøflar det aller best når dei vert oppbevart kaldt. Sjokoladen får enno lågare smeltetemperatur når den vert blanda med smør og fløte, og difor bør dei få vere i ein lufttett boks i kjøleskapet fram til dei vert servert. Og du, no når vi nærmar oss jul huskar du på at det er berre kremfløte og meierismør som gjeld, ikkje sant? Trøflar kan ikkje lagast med Soft …

Noko heilt ujulete

Denne songen er Bette Midler sin finaste, syns eg. Det er The wind beneath my wings, frå filmen Beaches. Den kom i 1988, og er forteljinga om vennskapet mellom barnestjerna CC Bloom (Bette Midler) og den rike jenta Hilary frå San Fransisco (Barbara Hershey). Bodskapen (slik eg tolka den) er at når ein har vore verkeleg nær kvarandre så er det alltid ein veg tilbake til vennskapet og varmen. Finn du filmen, så sjå den. Den er ei skikkeleg tåreperse, utan happy ending, men av og til treng ein det, syns eg. Og sangen er fantastisk. You raise me up? Move over. Denne var først.

Ei lita ekstragåve

Når eg gjev gåver til ein familie, både store og små, samlar eg det i ein stor pose. Eg kjøper fine handleposar på IKEA, i år var dei med raudt og kvitt mønster, og merkar dei med ein lapp med namn på. Oppi der går alle gåvene, julekort og gjerne nokre små ekstragåver. I år er ekstragåvene opptenningsrullar. Eg tek aviser, fjernar stiftane og delar den opp i tre og tre ark, sånn cirka. Så klipper eg kvar arkstabel i tre, og rullar dei saman til ein fin rull som eg knyter saman med bomullshyssing eller noko anna som brenn godt. Gjennom heile hausten har eg samla på lysrestar etter kubbelys. Dei smeltar eg i vassbad, for eksempel ved at eg legg dei i eit romsleg glas oppi vatn som eg held rundt kokepunktet. Her gjeld det å smøre seg med tolmod, det tek litt tid å smelte stearinen. Når stearinen har smelta dypper eg papirrullane ned i glaset, først øvre halvdel og så andre. Eg let dei stivne på bakepapir mellom dei to dyppingane. …

Rare ting som gjev meg julestemning

Virrvarr har posta sine julestemningsting, og så lurer ho på kva vi andre treng for å kjenne på julekjensla. Eg veit ikkje om mine ting er så rare, men her er dei iallfall: 1. Bugge Wesseltoft sin CD “It’s snowing on my piano”. Den byrjar å surre og gå rundt midten av november. Før julemarsipanen kjem i hus. 2. Å bake dei franske pepparkakene og lage gløggekstrakt saman med gode U. Eg trur første gongen vi gjorde det saman var i -84. 3.  Å halde på med greier på kjøkkenet lenge etter at alle har lagt seg. 4. Å synge julekonsertar. Eg har hatt eit langt opphald, men dei to siste åra har eg gjort det igjen. Deilig. 5. Tuss og Troll. 6. Å aldri sjå Askepott og nøttene heilt igjennom. Eg veit ikkje kvifor, men eg har aldri sett heile. 7. Å gå opp i huset til søskenbarna mine og takke for gåvene etter at vi har pakka opp våre. 8. Eit kjøleskap som er heilt sprekkeferdig av mat. Og så kjem foreldra mine …

Det vesle huset i skogen

I dag hadde vi den store pepparkakebakedagen. Pepparkakehus høyrer alltid med til vår jul, sjølv no etter at borna mine har blitt store. Vi har også små søskenbarn som gjerne vil kome innom på denne spesielle dagen. Då er det viktig å ha ein god deig som er lett å jobbe med, og som rekk til to hus, mange store hjarte og endå nokre figurar som kan illudere dei som bur i det fine huset. Det finst mange pepparkakeoppskrifter, og resultatet kan variere. Eg har gode erfaringar med deigen under, der ein kokar opp sukker, smør og sirup. I nokre oppskrifter har ein også i fløten når ein kokar det heile opp, då tek kolninga lenger tid. Når ein kokar opp smør, sirup og sukker vert sukkerkorna løyst opp godt. Eg har prøvd deigar der smør og sukker er rørt kvitt. Då vert steikeflata meir ujamn, og ein ”ser” spora etter sukkeret. Pyntinga av huset foregår etter alle kunstens reglar. Vi limar huset i hop på den ”farlege” måten, med smelta sukker. Det gjer det meir …

Noko av det vakraste XIV

Eg måtte sjekke når denne plata kom ut, det var altså i 1997. Sidan det trur eg at eg har gjeve bort nærare 20 av den til slekt, vener og kjende. Den gjev meg julekjensle i løpet av dei to første taktene. Den gjer at blodtrykket går ned, skuldrane senkar seg og alt blir roleg og fint. Bugge Wesseltoft har hatt mange vellykka prosjekt, men eg trur “It’s snowing on my piano” er noko av det han verkeleg har tent pengar på, og det er han vel unnt. Len deg tilbake og lytt til denne, og fryd deg over dei som bygger snømann i videoen. Ha ein fredeleg kveld!

Jul i siste lita

Så nærmar juledagane seg med stormskritt, og panikken breier seg blant oss som tek ansvar for at jula skal bli ei fin oppleving for alle. Har eg huska alle julegåvene? Har alle julekorta kome fram? Kvifor har vi forresten fått så få julekort i år? Har eg huska rabbe og surkål? Kva skal vi gje dei som ikkje vil ha lutefisk førstedag? Listene vert lengre og lengre, og kontoen tømest før du får sukk for deg. Eit logistikktips viss du bur saman med ein du prøver å få til å ta medansvar er å lage to handlelister: Ei liste er for dei tunge tinga, og det som ikkje kan gå gale. Den andre er for dei tinga der ein må ha litt fingerspisskjensle for å velje rett i butikken. La gemalen handle inn (og dermed også betale for) alle drikkevarene, ei kasse mandarinar, rabbe, surkål og poteter, og brudevollmoren kan han og sikkert få til viss han kjem seg i nærleiken av Brudevoll. Så kan du kose deg med å handle juleposteien, fåreribba, rullen og …

Endå fleire dessertar?

Ja, eg har faktisk tre dessertoppskrifter til. Desse er Heidi sine, og her får du lære å lage heimelaga sjokoladepudding med vaniljesaus. Eg kan love deg at den er betre enn Tine sin. Eg lagar alltid pikekyss sjølv, men det går fint å lage pikekyssdesserten med kjøpte. Men her og er dei heimelaga best, ikkje minst fordi du veit kva som er i dei. Alt godt Sjokoladepudding 8 dl mjølk 2 ss kakao 4 ss sukker 2 ts vaniljesukker 7 plater gelatin Kok opp mjølk, kakao, sukker og vaniljesukker, og set det til sides. Legg gelatinplatene i kaldt vatn i ei skål og la dei ligge der i 5 minutt. Vri gelatinplatene opp og legg dei i ei skål. Slå litt varm kakao over gelatinen og rør han ut i den varme blandinga. Hell så denne blandinga i kakaoen medan du rører flittig. Gelatinen må ikkje koke, så du må ikkje ha gryta på varm plate medan du gjer dette. Avkjøl blandinga litt og hell puddingen i ei glasskål. Det har lett for å verte …

Riskrem med raud saus – Appelsinfromasj

-dessertar, altså. Eg trur til og med eg har fleire på lager. Riskrem er ein klassikar som “alle” kan. Men det er ein første gong for alt. Difor tek eg den med likevel, i tilfelle ein eller ei som arrangerer jul for første gong på eige kjøkken stikk innom. Riskrem Denne oppskrifta er ikkje så stor, så har du mange dessertglade rundt bordet må du kanskje doble ho. 3 dl ferdigkokt risengrynsgraut 2 dl kremfløyte 1 ss melis 1 ts ekte vaniljesukker Du kokar altså ein risengrynsgraut på førehand. Langkokt risengryn er best, men den på 20 minutt går og fint. Du MÅ salte grauten, utan salt vert den daud i smaken og riskremen vert heller ikkje god. Ørlite salt må med for å framheve sødmen i riskremen. Pisk kremfløyte og tilsett melis og vaniljesukker. Vend den kalde, kokte grauten inn i den piska kremen. På den måten ser du betre når det er passe mykje ris i forhold til mengda krem. Ha riskremen i ei glasskål og set han i kjøleskåpet til avkjøling. Raud …

Dessertar til jul

Å lage dessert er ei stor glede. Du har god tid, og kan lage den dagen før. Dermed kan du møte gjestane dine med senka skuldrar når dei bankar på døra. Alle likar dessertar. Etter ein god middag vert desserten prikken over i-en. Maten vert drygare med ein dessert til slutt, du kan rekne at det går litt mindre av hovudretten når du varslar at det er ein deilig dessert i vente. I dei fleste oppskriftene på gode juledessertar skal det vere vaniljesukker. Sist eg var på ein ICA-butikk fann eg ekte vaniljesukker, med svarte prikkar! Finn du det, så kjøp det, og finn du det ikkje så mas på butikksjefen der du handlar for å få han til å ta det inn.  Det smakar SÅ mykje betre enn vanleg vanilin-vaniljesukker, som er smaksett med kunstig vanilje. Merket er Tørsleffs, og grossisten heiter Haugen-gruppen, kan du seie til kjøpmannen din. Får du tak i slikt vaniljesukker kan du redusere litt mengda vaniljesukker i oppskriftene, for smaken er meir intens. Karamellpudding 1 1/2 dl sukker 1 …

Fest i sikte!

No byrjar det å nærme seg, og dei næraste dagane kjem det til å vere så fullt opp med ting å gjere at no gjeld det å tenke klart. Som eg har nemnt tidlegare kjem eg til å kome med forslag til ein nydeleg nyttårsmeny, men det kan hende at det løner seg å tinge enkelte råvarer i god tid. Menyforslaget mitt kjem til å innehalde andebryst, så gå til den beste slaktaren du veit om, og be han eller henne ta inn det for levering i romjula. Andebrysta vert som regel importert frosne frå Frankrike, så risikoen for svinn og tap er minimal. Skal du mot formodning til Sverige før jul, så kjøp det der. Halv pris… Du kan og kjøpe nokre pakkar frosne bjørnebær og legge i frysen, og så kan du fundere på kva vi skal bruke dei til! Finn du ei vaniljestang på din veg, så kjøp den, del den i to, og skrap ut frøa. Ha frøa og stanga i eit glas med 300 gram melis.  Dette vert verdens beste …

Meir søte kaker – kokosmakronar og peanøttkaker

Peanøttkaker (ca 36 kaker) 1 egg 2 dl sukker 2 dl havregryn 75 gram margarin/smør 3 ss kveitemjøl 1 ts bakepulver 1 ts vaniljesukker 1 ts kakao 100 gram salta peanøtter Pisk eggedosis av egg og sukker. Tilset havregryn og smelta margarin/smør. Vend inn det turre.  Rør inn peanøttene. Dei skal ikkje hakkast, men brukast som dei er. Legg bakepapir på steikebrettet og set kakene på brettet med to teskeier slik at det blir små toppar. Ha deigen på den eine skeia og ta av med den andre slik at det blir små toppar med god avstand mellom kakene. Ei teskei røre er nok, dei vert større enn du trur. Du får berre 9 toppar på eit steikebrett.  Steik kakene midt i omnen i ca 8 minutt på 200 grader. La kakene kolne på bakepapiret, dei er blaute idet dei kjem ut av omnen men stivnar fort. Desse kakene er svært populære blant ungane, og må ikkje stå framme når dei kjem svoltne heim frå skulen, for då er dei vekk! Men dei er superenkle å lage, så …

Juletreet vårt

Nei, ikkje det inne, men juletreet som vi har ute til felles med resten av dei som bur i same gård som oss. Det tente vi i dag, vi er alltid litt seint ute hos oss. Det står midt i ein runding som er blomsterbed om sommaren. Dei gamle damene insisterer på at det har stått her alltid, og blir rasande når vaktmesteren fjernar det om våren. Tredje søndag i advent tenner vi lysa i det, går rundt det og syng julesangar. Kona til vaktmesteren lagar gløgg og ordnar med pepparkaker og alt som skal til. Kvart år kjem det nye eittåringar ut, dei har vakse seg store og ut av vogna i løpet av hausten. Det er ei lita bygd, ein slik gård.

Lussekattar

I dag er det lucia, og dagen for å lage lussekattar. Her får du mi oppskrift: Safrankrans/lussekattar 125 gram smør 5 dl mjølk 1 1/2 dl sukker 50 gram gjær 1 ts gurkemeie eller 1/2 gram safran ca 12 dl kveitemjøl Smelt margarin og varm margarin/smør og mjølk til 37 grader. Ha i sukker og rør gjæra ut i denne deigvæska. Har du heil safran, så knus den med litt sukker i ein mortar først. Ha så krydderet i mjølet, og elt det turre inn litt om gangen til du får ein smidig deig som ikkje er for laus men heller ikkje for fast. Forhev deigen i bakebollen i 25 minutt. Legg deigen på mjøla bakebord og kna han saman til ein stor bolle. Trill ut tre pølser og flette dei saman til ein krans eller du kan lage tradisjonelle lussekattar. Legg dei ferdige lussekattane på bakepapir på ei plate. Pensle bakverket med ei blanding av 1 egg og 1/2 dl mjølk. Etterhev baksten i 25 minutt (lagar du krans bør den få heve litt lenger) og steik den …