2009 har vore eit strålande år på mange måtar, først og fremst på grunn av at eg vart lokka utpå og lagde min eigen blogg. Det har vore humpete og, så eg har faktisk endå høgare forventningar til 2010.
Dei innerste ynskja mine held eg for meg sjølv, men eg ynskjer iallfall lesarane mine eit spennande nytt år, med gleder, utfordringar og alt det som høyrer med til å vere menneske.
Biletet ved sidan av er nyttårsbordet vårt, og på det skal vi servere gravlaks, kalkunbryst med hasselbäckpoteter og ein deilig nugatti-mousse som du snart får oppskrifta på.
Ha ein fin nyttårskveld, bruk briller viss du skal styre med fyrverkeri og ta vare på små og dei firbeinte. Godt nytt år!
Riktig godt nytt år!
Godt nyttår! Når det gjelder bloggen tror jeg at jeg bare har ett ønske: hold fram som du stevner.
Nugattimousse??? Åh… gleder meg.
Godt nyttår!
Ønsker deg et riktig GODT NYTTÅR!
Godt nytt år!
Eg hadde eit innlegg på bloggen min ei tid tilbake der eg ønskte at Alt godt i Sunnmørsposten skulle få seg blogg. Eg veit ikkje om du har sett det. Det var i samband med “Den raskaste sjokoladekaka” som vi begge hadde tredobla. Den var svært populær i ei “valfag” gruppe eg hadde. Nokre gutar kom og fortalde at den laga dei heime, ja og den var den beste sjokoladekaka dei hadde smakt! Eg let dei lage den fleire gongar.
I alle fall vart eg glad då eg fann bloggen. Eg prøver oppskrifter av og til. Eg ser ikkje vekk frå at Rognebærgele med eple t.d. kjem inn på menyen i Mat og helse.
Eg trur bloggen vert til når ein skriv. Min har endra seg frå det eg trudde han skulle bli, og så “hermar” ein litt, d.v.s. finn idear.
Fint bord!
Flott bord
Ønsker deg et godt nytt år
Mmmm .. nugatti-mousse høres ikke vondt ut 🙂 Ønsker deg et riktig godt nyttår!
Riktig godt nytt år! Jeg gleder meg til å lese forsettelsen din. Nå er det du som lokker oss utpå med interessant matlaging vi må prøve!
Takk for hyggelege helsingar! smgj: Ja, eg kjem nok til å fortsette. 🙂
Solveig: Eg såg det no! Så morsomt. Rognebærgeléen bør definitivt inn på menyen, ja. Ta for deg av oppskriftene mine, og nemn gjerne bloggen.
Bipbap: Nugattimoussen kjem… 🙂
Ja, eg synest det er folkeskikk å oppgje kjelder. Eg legg til link. Då vert det lattare å finne att neste gong og.
Godt nyttår vennen 😀 Nydelig bord!
Flott borddekning og sikkert nydeleg duft frå sviblane 🙂 Ha eit riktig godt nytt år!
Godt nytt år, kjære deg! Takk for fint lesestoff og hyggelige samtaler i året som har gått – det siste ble det kanskje litt for lite av, men vi får håpe det dreier eg om en stigende kurve!
MissH: Ja, dei lukta himmelsk!
Gryda: Stigande kurve, definitivt! 🙂