Livet, Lykke
Comments 3

Ingen skadar!


Ikkje på noko tidspunkt i livet har eg følt tiltrekning til smelling, skyting eller eksplosjonar. Det betyr ikkje at eg ikkje var vitne til slikt, eg hadde (og har) to brødre som var intenst opptekne av slikt.

Der vi budde hadde det foregått masse spennande, heilt sidan krigens dagar. Det var før kjeldesortering og spesialavfall var kjende omgrep, og det gjorde at vi fann rare ting rundt omkring i hus og uthus som var sett til side men ikkje kasta. Vi fann mellom anna krut bak grisehuset, og eldstebror min fylte det i eit rør han hadde bora eit lite hol i og klemt att eine enden. (Vi vaks opp i ei bussgarasje, full tilgang til alt mogeleg utstyr til å lage ting med.) Andre enden vart også klemt att med krutet i, og så sette han eit stjerneskot i det vesle holet. Det freste ganske ettertrykkeleg då stjerneskotet hadde brunne ned, og fekk fyr på krutet. Eg trur vi skal vere glade for at alle er blant oss i dag.

Nyttårsrakettar var også ei kjelde til spenning og action, og dei vart ikkje alltid brukt etter forskriftene. Eg gjennomlevde nyttårsaftnane i ungdommen i konstant skrekk for at nokon eg var glad i skulle bli skada.

Etter at forbodet kom merkar eg at eg føler meg mykje tryggare på nyttårsaftan. Vi var på iddioten i går kveld, og nokre batteri vart fyrt opp, men langt frå der vi sto. Fyrverkeriet nede i hamna var den store attraksjonen, og vi hadde god utsikt til det der vi sto. For ein lettnad! Eg er glad for å kunne opne nettavisene og sjå at der er ingen oppslag om tenåringar som har mista synet, sydd ørtogfjørti sting i andletet eller sprengt bort fingrar. Forbodslinja er normalt ikkje mi linje, men akkurat i dette tilfellet trur eg det har spart samfunnet for store kostnader.

This entry was posted in: Livet, Lykke

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Da jeg var barn, var det vanlig å sende opp raketter nede i Oslo sentrum. Rakettene gikk like ofte bakkelangs som opp i lufta. Jeg syntes det var så fryktelig skummelt.

    Etter videregående jobbet jeg et år på røntgenavdelingen på et sykehus. Jeg husker at jeg kom på jobb 2. januar, og at en av de første arbeidsoppgavene mine var å henge opp CT-bildene av en ung mann som hadde fått en rakett inn i øyet, gjennom kraniet og opp i hjernen. Forbud er det eneste fornuftige!

    Likar

  2. Stemmer på deg og Strekker – jeg har også jobba i hvitt på sykehus i dagene rundt og etter nyttårsaften. Det har vært noen … interessante pasienter, for å si det slik. Etter årsskiftet 1998/99 på toppen av St. Hanshaugen var jeg i grunnen glad jeg var i live!

    Jeg er skeptisk til at batterier med raketter er lov – når de velter er de minst like skumle som pinneraketter der de fyker bakkelangs og jager folk. På den annen side er jeg en sucker for fyrverkeri, så… 😉

    Selv tilbrakte jeg nyttårsaften langt oppe på fjellet blant et tjuetalls mennesker og et par hundretalls hunder. Der var det, naturlig nok, lite raketter selv om det smalt litt fra ei og annen hytte rundt forbi. Vi holdt oss til sjampis og stjerneskudd 😀

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s