Allergi, Billig mat, Fest, Jul, Noko søtt, Veggis
Comments 4

Meir søte kaker – kokosmakronar og peanøttkaker


Peanøttkaker (ca 36 kaker)

1 egg

2 dl sukker

2 dl havregryn

75 gram margarin/smør

3 ss kveitemjøl

1 ts bakepulver

1 ts vaniljesukker

1 ts kakao

100 gram salta peanøtter

Pisk eggedosis av egg og sukker. Tilset havregryn og smelta margarin/smør. Vend inn det turre.  Rør inn peanøttene. Dei skal ikkje hakkast, men brukast som dei er.

Legg bakepapir på steikebrettet og set kakene på brettet med to teskeier slik at det blir små toppar. Ha deigen på den eine skeia og ta av med den andre slik at det blir små toppar med god avstand mellom kakene. Ei teskei røre er nok, dei vert større enn du trur. Du får berre 9 toppar på eit steikebrett.  Steik kakene midt i omnen i ca 8 minutt på 200 grader.

La kakene kolne på bakepapiret, dei er blaute idet dei kjem ut av omnen men stivnar fort. Desse kakene er svært populære blant ungane, og må ikkje stå framme når dei kjem svoltne heim frå skulen, for då er dei vekk! Men dei er superenkle å lage, så då lagar du berre ein porsjon til, ikkje sant? Du ser bilde av dei i korga her.

Kokosmakronar

200 g kokosmasse

200 g sukker

4 eggekviter

Ha alt i ei gryte, og sett på låg varme. Varm deigen til den er lunken.  Dekk steikeplata med bakepapir, og sett teskeier av deigen utover medan deigen framleis er varm. Steik kakene til dei er tørre og lysebrune på 150 grader i ca. 12-15 minutt. Følg med gjennom glasruta, varmen varierer frå omn til omn.

Desse kakene er fine for dei som er allergiske mot mjølk og mjøl, og makronane vert gode og seige i midten.

4 Comments

  1. Nå har jeg laget peanøttkakene dine – laget like godt tre omganger, og godt er det… Prøvesmakene ble en kjempehit hos alle sammen, så det kan kanskje holde hardt å få dem til å vare helt til julaften…

    Fantastisk oppskrift forresten; det gikk rasende fort å lage alt til, så det var bare steikinga som tok tid – og selv den var jo kort! Slike snarbakte saker kan jeg like når det er hektiske tider. Spesielt når de smaker så godt 😉

    Likar

  2. Jeg har bakt dem innimellom og i natt ble de jammen bakt igjen – denne gangen litt på impuls og med noen nødløsninger 🙂 Mangel på bolle gjorde at jeg blandet alt oppi ei vannmugge, mangel på bakepapir gjorde at jeg brukte sølvpapir i stedet (gikk bra hvis de bare stekte litt ekstra godt, så de ble så harde at de ‘holdt’ når jeg rev av folien…), og … det gikk forbausende bra! Nattevakta har hatt noe godt til kaffen, og enda er det noen igjen til dagvakta. De funker jammen alltid, ikke bare når det er adventstid. Du er et funn som kom med denne!

    Likar

  3. Tilbakeping: Gåveidéar « Alt godt

  4. Tilbakeping: Mens vi venter… « Elisabeths Eldorado

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s