All posts tagged: julekaker

Det gode søte – berlinerkransar

-Og så kjem ein av dei store klassikarane: Berlinerkransane. Dette er ei småkake som må vere med, den er ei av dei sju viktigaste slaga, og den vert også rekna som ei av dei vanskelegaste. Det er fordi deigen må haldast kald, for elles vert den vanskeleg å arbeide med. Eg har høyrt at drevne bakarar lagar berlinerkransar framfor ope vindu, det syns eg høyrest risikabelt ut no i desember. Men viss du slit så kan det lønne seg å berre ta ein pause, sette deigen kaldt igjen, og så byrje på nytt etter at deigen har blitt kald. Eg er så heldig at eg har tilgang til det svenske perlesukkeret, det er kvitt og fint, og gir den rette utsjånaden på berlinerkransane, syns eg. Berlinerkransar 4 egg 125 g sukker 250 g smør, kjøleskapskaldt 300 g kveitemjøl Perlesukker til dryss Kok to av egga i ti minutt, til dei er hardkokte. Skrell dei, fjern kvitene og la plommene kolne i ei skål. Skill dei to andre egga, og ha plommene i ei romsleg skål. …

Julebrød – julekake

Noko av det eg bakar sist er dei klassiske julebrøda. Dei søte, krydra kveitekakene fylt med rosiner og sukat må vere ferske til jul. Sjølv om han eg bur i lag med meiner at sukat er hinmannens snørr, så må det med, for meg er det ikkje julebrød utan sukat i. Sukaten eg brukte i desse julekakene er kjøpt i Italia, og bildet under viser godt korleis ekte sukat ser ut. Det er som namnet seier ei sitrusfrukt som kallast cedrat, den er kjenneteikna av at den har mykje tjukkare skal enn vanlege sitrusfrukter. Og det er bra, for det er nettopp skalet ein brukar. Er du ei sart sjel, så treng du ikkje lese så mykje om kva som skal til for å gjere cedratfrukta om til sukat, det inkluderer både fermentering i saltvatn i månadsvis, før den vert kandisert i enorme mengder sukker. Men resultatet blir magisk, og for meg er smaken både eit barndomsminne (vi spiste julebrød året rundt…) og smaken av jul. Julebrød 3 dl mjølk Ein pakke gjær for søte deigar 1 …

Det er ikkje for seint! Fruktkake

Du er vel ikkje heilt i mål med julebaksten? Det er iallfall ikkje eg. Men det er i siste liten ein er mest effektiv, er mi erfaring. Engelsk fruktkake er blant dei kakene som det seiest må lagast ein månad før jul. Det finst eksempel på 120 år gamle slike kaker, som framleis vert oppbevart som familieklenodier. Men mi erfaring er at kakene vert like gode om dei vert laga nokre dagar før servering, så null stress. Vil du ha fruktkake til jul, så kan du lage den no i helga. Sjekk kva du har i skapet, ofte kjøper ein nytt sjølv om ein har både sukat, rosiner og anna tørka frukt liggande, som bør brukast opp. Dei engelske fruktkakene er eit overflodsfenomen, med meir nøtter og frukt enn mjøl. Dei vert eit symbol på avstanden det trass alt bør vere mellom kvardag og høgtid. Eg likar mine fruktkaker med ein ekstra kryddersmak. Du får smake deg fram, og finne ut kva du likar. Nokre meinar det blir smør på flesk, eg er meir på den linja …

Peanøttkaker

Dette er ein gamal favoritt her i heimen som eg har vridd litt på i år. Slik originalen var så vart det meir som havreflarn med peanøtter i. Eg ville ha dei litt meir cookies-aktige. Så det eg gjorde var å redusere litt på smørmengda, og putte i peanøttsmør i tillegg. Det vart godt, så då delar eg oppskrifta sjølvsagt med deg. Slik gjorde eg det: Peanøttkaker (ca 36 kaker) 1 egg 2 dl sukker 2 dl havregryn 75 gram smør 50 g peanøttsmør 3 ss kveitemjøl 1 ts bakepulver 1 ts vaniljesukker 1 ts kakao 100 gram salta peanøtter Pisk eggedosis av egg og sukker. Smelt peanøttsmøret i ei lita gryte saman med smøret. Tilset havregryn og smelta smør. Vend inn det turre.  Rør inn peanøttene. Dei skal ikkje hakkast, men brukast som dei er. Legg bakepapir på steikebrettet og set kakene på brettet med to teskeier slik at det blir små toppar. Ha deigen på den eine skeia og ta av med den andre slik at det blir små toppar med god avstand mellom kakene. …

Julekaker dei fleste kan spise

Dei som er allergiske kan slite no i jula med å finne gode kaker som ikkje utløyser allergiske reaksjonar. Eg lagar havrecookies til mi venninne som verken toler gluten eller mjølk, dei er faktisk også eggefrie. Enkle og raske å lage er dei og. I denne oppskrifta brukar eg Euroshopper flytende margarin, som er mjølkefri. Dersom du brukar melange mjølkefri margarin må du ha i ei klype salt, for den er saltfri, og smaken vert gørrkjedeleg utan salt. Du kan variere smaken til dømes ved å ha i pinjekjerner eller grovt hakka 70% mjølkefri sjokolade. Du kan også bruke ulike typer krydder, eg har laga ein variant med ingefær og kardemomme i tillegg til kanel, dei vart veldig gode. Slik gjer du det: Havrecookies 2 dl mjølkefri margarin 2 dl demerarasjukker 2 dl vanleg sukker 7 dl glutenfrie havregryn 1 dl havremjøl 2 små ts bakepulver 2 små ts natron 2 ts vaniljesukker 0,8 dl kokande vatn 1 ts kanel 2 dl rosiner Set omnen på 180 grader. Bland saman alle ingrediensane i ein bolle, …

Meir søte kaker – kokosmakronar og peanøttkaker

Peanøttkaker (ca 36 kaker) 1 egg 2 dl sukker 2 dl havregryn 75 gram margarin/smør 3 ss kveitemjøl 1 ts bakepulver 1 ts vaniljesukker 1 ts kakao 100 gram salta peanøtter Pisk eggedosis av egg og sukker. Tilset havregryn og smelta margarin/smør. Vend inn det turre.  Rør inn peanøttene. Dei skal ikkje hakkast, men brukast som dei er. Legg bakepapir på steikebrettet og set kakene på brettet med to teskeier slik at det blir små toppar. Ha deigen på den eine skeia og ta av med den andre slik at det blir små toppar med god avstand mellom kakene. Ei teskei røre er nok, dei vert større enn du trur. Du får berre 9 toppar på eit steikebrett.  Steik kakene midt i omnen i ca 8 minutt på 200 grader. La kakene kolne på bakepapiret, dei er blaute idet dei kjem ut av omnen men stivnar fort. Desse kakene er svært populære blant ungane, og må ikkje stå framme når dei kjem svoltne heim frå skulen, for då er dei vekk! Men dei er superenkle å lage, så …

Fleire søte favorittar – franske pepparkaker og plettar

I dag får du to nye kakeslag, begge er blant topp sju her hos meg. Både dei franske og plettane er fast med i boksane som eg kvart år returnerer til venninna mi fylt med gode saker. Her i huset lagar vi dobbel porsjon, det er koseleg å ta med nokre kaker når ein besøker nokon i førjulstria. I fjor fekk frisøren min pepparkaker rett før jul, det var suksess. Slik gjer du det: Franske pepparkaker 250 g smør 125 g lys sirup 1 dl kremfløyte 250 gram melis 100 g hakka mandlar 400 g kveitemjøl 1 ts bakepulver 1 ts kardemomme 1 ts kanel 2 ts nellik Bland alt i første del i ei gryte, og la det koke opp medan du rører. Set gryta i kaldt vatn og rør innimellom til massen er lunken. Bland alt det turre, ha i mandlane, og rør alt saman i ein bolle med sleiv. Ta fram ei brødform, ca. 2 liter, og ein rull plastfolie. Dra ut to lengder folie, og fordel røra på dei to lengdene. …

Vil du gjere eit barn lykkeleg?

Nokre av mine oppskrifter er skrivne for barn. Eg har halde matkurs for barn, og har også hatt ein del oppskrifter for barn i matspalta eg skriv. Gode matoppskrifter for barn skil seg ikkje så veldig frå ”vaksenoppskrifter”, men eg brukar å vere litt meir konkret i barneoppskriftene mine, ikkje gje så mange valg og alternativ som i dei vanlege. Dessutan brukar eg punktrekker for å beskrive dei ulike operasjonane. Det gjer det enklare å gjere ting i rett rekkefølge. Det kan vere enklare å huske kva punkt du er på enn å måtte lese igjennom heile teksten for å prøve å huske kor langt du har kome. Mitt første møte med matlaging skjedde då eg gjekk i tredje klasse, og eg fekk ei ny tante som eg likte kjempegodt.  Ho var læraren til bror min, og ho var den kulaste dama eg nokon gong hadde møtt. Ho var pen, ho song i kor og ho var (og er) alltid blid og smilande. Så skjedde det store under over alle under, at ho gjekk på …